Jakten på Eden av Svandis Hanna Gudmundsdottir

To unge kvinner vert funnen drept. Mishandla på det grovaste. For FBI-agent Gwen Starke blir dette ein kamp på liv og død i denne actionfylte krimboka.

  • Norsk tittel: Jakten på Eden
  • Forfattar: Svandis Hanna Gudmundsdottir
  • Sjanger: Krim
  • Antall sider: 281
  • Utgivelsesår: 2017
  • Utgiver: Chillfactor Forlag

Svandis Hanna Gudmundsdottir (Født i 1968) kjem opphavleg frå Kopavogur på Island. Ho bur no i Romedal i Hedmark. «Jakten på Eden» er hennes debutbok. Den kom ut i 2017. Oppfølgeren «»Hva velger du?» kom ut i 2018.

To unge kvinner blir funnen drept med korte mellomrom. Begge er blitt utsatt for samme drapsmetode og grov vold i forkant av drapa. FBI får sakene på sitt bord. FBI-agentane Stan Kross og Gwen Starke kjem raskt i vanskelegheitar og blir suspendert etter brudd på prosedyrar. Dei skal likavel få nok å gjera.
Samtidig driv Nikolai Janko, etterforskar for cold-case enheten i København, og ser gjennom to gamle saker frå Danmark ifrå 1969 og 1984. Det skal visa seg at FBI må samarbeida med Janko for å få framdrift i eiga etterforskning.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Jakten på Eden».

Store delar av handlinga foregår i Alaska. Den mangfoldige naturen blir godt beskrevet. Eg likte at forfattaren drog inn både ulvar og grizzlybjørnar som ein reel trussel for menneske, og ikkje lot dyrelivet vera platt og kjedeleg.

«Ingen sa noe, bare stirret på de blodige restene av et menneske. Rovdyrene hadde hatt en fest med stakkaren. Etter størrelsen på kloremerkene tydet det på at hovedgjesten til dette måltidet hadde vært en stor grizzly.»

Sjefen til Gwen og resten av gjengen, Michael Creon, er ein handlingens mann. Eg synes han til tider er litt for treffsikker i sine uttalelsar og handlingar. Dette trakk litt ned for min del.

Denne boka er ikkje noko nyvinning innan krimsjangaren. Men så lenge det fungerar, er det heller ingen grunn til å finna opp hjulet på nytt.
Alt frå fyrste side startar spenninga, og den held seg boka gjennom. Det er ei drivande god krimbok, der me får gode karakterbeskrivelsar og sidehistoriar som held tempoet oppe.

Forfattaren skriv om maktmisbruk og skremmende ondskap. Kor langt er eit menneske villig til å strekkja seg for at den ytre fasaden skal virka så normal som mogleg?
Språket kan til tider vere litt røft. Men så er dette også ei røff bok med masse action og ondskap blanda med vill natur og overlevelsesinstinkt.

Dette er fyrste bok om FBI-agent Gwen Starke. Eg håpar det kjem mange fleire. Korte kapitlar og god forteljarevne gjorde at eg hadde store problem med å leggja den fra meg. Med andre ord ei veldig god debutbok frå Svandis Hanna Gudmundsdottir. Absolutt eit navn ein krimelskar bør notera seg.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s