Oslo, 1944. Soli Hansen er ein lidenskapeleg kunsthistorikar, som jobbar i ein kunstbutikk. Ho har lukka augene for det som skjer rundt seg i desse krigsåra. No byrjar tyskarane å henta kunst frå butikken, som dei kan senda attende til Tyskland. Då våkner motstandsrørsla i Soli. Boka er på engelsk.
- Original tittel: Of darkness and light
- Forfattar: Heidi Eljarbo
- Sjanger: Historisk roman
- Antall Sider: 191
- Utgivelsesår: 2020
- Utgiver: Heidi Eljarbo
Heidi Eljarbø er ein norsk forfattar som skriv på engelsk. Ho har blant anna budd i Canada og USA. Historie i nesten alle former er ein stor lidenskap, noko som også gjenspeiles i bøkene hennes. Eljarbø beskriv seg sjølv som «historical fiction author». Ho er blant anna fast spaltist i genealogisk tidsskrift og har skrevet artiklar for norske og utanlandske magasiner i 16 år. Ho har tidlegare gitt ut bøkene «Catching a witch» i 2017 og «Trailing the hunter» i 2019.

April 1940. Soli Hansen er 17 år. Saman med foreldra og sin eldre bror, Sverre, står ho på tunet på Klementsrud og ser opp på tyske fly som flyr over dei. Norge er i krig.
4 år seinare jobbar ho ei ein kunstbutikk. Ho har ein stor lidenskap for kunst og dens historie. Til no har ho lukka augene for det som skjer rundt ho, og berre håpar krigen snart er slutt. Men når ei kvinne blir funnen død rett utanfor butikken, og tyskarane byrjar å konfiskere og hente ut verdifull kunst frå Noreg for å sende det til Tyskland, byrjar motstanden i ho og vokse. Ho kjem i kontakt med ein motstandsrørsle. Dette er starten på nokre intense veker i Soli`s liv.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Of darkness and light».
Soli Hansen, eller Solveig som ho eigentlig heiter, er ein vanleg person med meir eller mindre faste rutinar. Men etterkvart som boka skrider fram, vokser ho som person. Ho får opp augene for kva som skjer rundt ho, og Soli søkjer etter informasjon, framfor å stenga da ute. Dette gjer at ho blir involvert i ein motstandsrørsle som skal prøva å redda norske kulturskattar foran nasa på tyskarane.
Fyrst og fremst må eg seie at forfattaren visar stor kunnskap om kunstmalerier og historien rundt. Me blir dratt tilbake til 1600-talet i enkelte av kapitla, der ein kjent kunstnar er i sine beste leveår. Han blir forelska i kvinna han skal lage eit portrett av. Kjærleiksbreva mellom dei viser kva følelsar dei har for kvarandre. Ein veldig fin bi-historie som flettes inn sjølve forteljinga.
«The requirement to carry identification papers at all times was one more way the invading forces attempted to control anti-German activities and suppress the resistance movement. How degrading it was to have her free will taken away. Soli longed for liberty in her own country without being asked to prove who she was or where she lived.»
Forfattaren skriv om menneske som set liva sine på spel, der andre ikkje vågar. Under den andre verdskrigen var det mange små og store motstandsgrupper. Som oftast er det mannfolka me les om. Derfor er det befriande at Heidi Eljarbø skriv om ei kvinneleg protagonist. Alle dei kvinnene som deltok i motstandsrørsla under krigen, bør få den oppmerksomheita og rosen som alle andre. Sjølv om dette er ein oppdikta forteljing, så er den truverdig på alle måtar.
Kunstverk er nøkkelordet i denne boka. Tyskarane var nådelause i sin jakt på verdifulle kunstverk dei kunne sende attende til Hitler. Eg synes Heidi Eljarbø skriv ei god bok. Språket er lett (sjølv om den er på engelsk), og da er god framdrift i forteljinga. Eg skulle likevel ynskja at me kom meir under huden på Soli Hansen. Kva følelsar og tankar hadde ho rundt alt som skjedde på så kort tid? Savna også litt meir informasjon om personane rundt hovedpersonen.
Boka kunne gjerne inneholdt fleire sider for min del. Det er vel eit godt tegn på at eg likte boka. Eg håpar at denne boka vil bli gitt ut på norsk etterkvart. Det fortjener både forfattar og alle dei kvinnene som kjempa for Noreg under den andre verdskrigen. Dette er bok nr 1 med kunsthistorikar Soli Hansen. Så her kjem det noke fleire etterkvart. Liker du historiske bøker og har litt interesse for kunst, vil du elske denne boka.
TERNINGKAST: 4+