Vinlandsaga Bok 1 & 2 av Makoto Yukimura

Japansk vikingepos for eldre ungdom og vaksne

  • Norsk tittel: Vinlandsaga
  • Forfattar: Makoto Yukimura
  • Sjanger: Manga, Ungdom, Vaksne
  • Antall sider: 217 & 228
  • Utgivelsesår på norsk: 2026
  • Utgiver: Outland Forlag

Makoto Yukimura (Født 1976) er ein japansk mangaforfatter som er mest kjent for seriene «Planetes» og «Vinlandsaga».

Fra omslaget: Ved inngangen til 1000-tallet holder vikingenes herjinger Nordsjøen i et jerngrep. Vi følger Torfinn, som fra barnsben av satt ved føttene til den store Leif Eiriksson og lyttet med begeistring til de ville fortellingene om Vinland, et land langt mot vest. Men barndommens fantasier blir knust da en gruppe jomsvikinger tar livet av faren hans. Torfinn vokser opp blant fiender, og nå har han bare ett mål for øye: å hevne sin far ved å ta livet av den ansvarlige, Askeladd.

Denne boka er eit leseeksemplar frå Outland Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Vinlandsaga Bok 1 & 2».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er japansk manga for eldre ungdom og vaksne om vikinger, og er dei to fyrste bøkene i serien.

Yukimura har utgitt 29 bind i denne serien på japansk, der den fyrste vart utgitt i 2005, og den siste i 2025. Serien er også blitt ein kritikerrost animasjonsserie.

Me skal tilbake til tidleg 1000-talet. Torfinn er ein uredd unggutt som vil hevne drapet på far sin. Ei gruppe jomsvikinger med Askeladd i spissen, tok livet av faren hans, og nå er tida inne for hevn.

Ein ser frå fyrste side av at det er lagt ned mykje arbeid i illustrasjonene gjennom detaljer og storslåtte slagmarker.

Dette er ein serie som ikkje passar for born, all den tid den er tidvis særs valdeleg og innehar illustrerende bilete på valdshandlingar. Det er heftige kampscener med sverd og pil og bue som våpen, og forfattar levner ikkje noko til fantasien når han illustrerer.

Me får servert ein intensiv start, der me vert kasta rett inn i kampscener. Me møter Torfinn som er ein hevngjerrig gutt som dreper alt på sin veg. Han har trent heile livet for det øyeblikket når han ein dag skal stå foran farens drapsmann, og i så måte er han godt forberedt. For knapt ingen er raskere og flinkere med sverd enn Torfinn.

Det er ein brutal historie med mykje vald. Men det er også eit innblikk i eit heilt vanleg familieliv, der ein må skaffe mat på bordet, oppdra born og forsøke å leve så normalt som mogleg i ei uroleg tid. Eg liker balansegangen forfatter legg opp til. For bak blodtørstige og barske menn som kjemper for å overleve, er dei også mennesker som verdsetter familie høyt. Dei har sine verdier i livet, til tross for at dei er notoriske drapsmenn og tyver.

Det er historiske korrekte hendingar med i serien, noko som alltid hever realismen. Her er f.eks Danemordet i England 13 November 1002 skildra, og forfattar klarer å mane fram den rette stemningen og tidsepoken gjennom sine illustrasjoner og historie.

Det er nesten ei heil bok som går med til tilbakeblikk til det øyeblikket faren til Torfinn vert drept. Det er med andre ord ein oppbyggende historie i desse to bøkene, og viser kor viktig denne episoden er for serien og korleis det har påvirket Torfinn til å bli den personen han er.

Ein finn nokre uoversiktlige scener når det står på som verst, all den tid forfatter zoomer inn, i stedet for ut. Men tar ein seg tida til å studere illustrasjonene fremfor å rushe, så er det fullt mogleg å ha ein viss oversikt over kva som skjer til enhver tid.

Maktspillet er ein viktig ingrediens, og forfattar får fram dette på ein strålende måte. Han har satt seg grundig inn i tidsepoken og klarer å videreformidle dette gjennom japansk manga. Rett og slett eit imponerende stykke arbeid frå Makoto Yukimura.

Vikingtida er ein mektig periode, der den sterkeste rådde. Yukimura har lagt ned mykje arbeid i å formidle dette, og det har han gjort med stor suksess. Ein kan formelig høyra lyden av sverd mot sverd, årene som treff havoverflata og pilene som suser av gårde. Det er med andre ord lett å leve seg inn i universet, og når ein ser korleis det gjekk til at faren vart drept, så kan ein skjønne hatet til Torfinn. Dermed får ein også sympati for hovedkarakter, og alt ligg til rette for ein knakende god fortsettelse av serien.

«Vinlandsaga» bok 1 og 2 er starten på ein mangaserie om vikingtida som har enormt potensiale. Og ser ein på korleis den er blitt mottatt i Japan og ellers rundt om i verda, så er det særs gledelig at Outland Forlag nå har valgt å oversette serien til norsk. Denne serien vil eg varmt anbefale videre til eldre ungdommer og vaksne.

TERNINGKAST: 5

Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Oppdag mer fra Bokblogger

Abonner nå for å fortsette å lese og få tilgang til hele arkivet.

Fortsett å lese