Gå med meg av Sonja Holterman

Ira Torgrimsson kjem over ei død kvinne under eit russearrangement i Kongeparken. Kvinna er i 40-åra og har på seg ein gammal russedress. Dette er opptakten til nyhetsoppslag Ira berre kunne drøyme om. Og denne gongen må ho samarbeida med ein anna journalist. På godt og vondt. Dette er bok nr 3 om krimjournalist Ira Torgrimsson.

  • Norsk tittel: Gå med meg
  • Forfattar: Sonja Holterman
  • Sjanger: Krimroman
  • Antall sider: 230
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Liv Forlag

Sonja Holterman (Født i 1971) er krimforfattar og journalist. Ho har blant anna studert kriminologi og sosiologi. Holterman har vert reporter i Dagsrevyen og i Redaksjon 21 i NRK. I 2012 debuterte ho som forfattar med kriminalromanen «Presteskapet». Dette er fyrste bok i serien om krimjournalist Ira Torgrimsson. I 2014 kom ho ut med oppfylgjaren «Frostgraven», før ho i 2020 gav ut «Gå med meg».

Krimjournalist Ira Torgrimsson er i Kongeparken for å skriva om russetreffet som har samla fleire tusen unge russ. Ho går opp på ein høgde for å ta eit oversiktsbilete, då ho ser ei kvinne ligg i myra. Kvinna er i 40 åra og har på seg ein gammal russedress frå 1990. Det blir fort klart at kvinna som vart funnen drept i Kongeparken denne mai-kvelden tilhøyrer eit kristent miljø. Ira må grave djupt for å finne ut historia om Kristine Varhaug, og kvifor nokon ville ta livet av denne kristne kvinna som folk berre har godord å kome med. Etterkvart finn ho ut at ho var med i ein sammensveisa vennegjeng, der ting har ligget og ulma fra tida på ungdomsskule og vidaregåande. Dette blir starten på jakta av mordaren, men også etiske dilemmaer i forhold til avisa ho skriv for.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Gå med meg».

Dette er bok nr 3 om krimjournalist Ira Torgrimsson. Eg har ikkje lest dei to andre, så denne fungerar heilt fint som ei frittståande bok. Men eg vil anbefala å byrja på «Presteskapet», då hennes privatliv blir vidareført frå bok til bok.

Holterman skriv om lukka bedehusmiljø og og eit meir friare frikyrkjesamfunn. Forteljinga foregår over to periodar. Enkelte kapitlar er frå 1988-90, der me møtar ein ung vennegjeng med Kristine i hovedrollen, og den andre perioden er etter drapet. Me får stadig servert informasjon frå fortida som byggjer seg opp mot ein intens avslutning. Sjølve handlinga foregår hovedsakleg på Jæren og Høle i Rogaland, der forfattaren har gode lokalkunnskapar

«På turen fra Sandnes til Vigre-gården hadde hun kjørt forbi et stort antall bygninger med kors på. På Jæren er det like langt mellom bedehusene som det er mellom kafeene på Grünerløkka.»

Eg synes enkelte ting var litt urealistiske. Ho blir vitne til ein alvorleg hendelse, men returnerer til kontoret utan å bli konfrontert av politiet. Det er merkverdig. Samme med at ho berre lar mobiltelefonen sin bli liggande i eit hus der ein hendelse oppstod, og går heller og kjøper ein ny. Som journalist har du mange kontakter som treng å nå deg, då vert det litt snodig å berre skifte telefonnummer under ein pågåande drapssak fordi du «ikkje gidd» eller ikkje spør nokon om å hente mobiltelefonen ut av huset.

Eg likar at forfattaren skriv om ein krimjournalist som tar gode etiske valg. Ira er ein person som set personar sine følelsar framfor sine eigne scoop og nyhetsoppslag. I denne boka må ho samarbeida med ein journalist frå avisa Rogalands Tidende. Det blir eit samarbeid på godt og vondt.
Holterman er opptatt av å skriva om familielivet og den private sfæren rundt Ira. Eg føler også at dette gjev boka meir kredibilitet i form av at det ikkje er det vanlege kaoset og intrigene i privatlivet til typiske hovedkarakterar i krimbøker, men heller eit stort savn av å ikkje få vera saman med dei. Bra!

Holterman skriv godt. Ho viser med denne boka at det treng ikkje vera masse blod og drap for at det skal vere ei god krimbok, sjølv om eg følar det er meir roman enn krim, då det er journalistgraving som er hovedfokus. Er du glad i «rolig» krim? Då bør du sjekke ut denne serien om krimjournalist Ira Torgrimsson.

Terningkast: 4+

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s