Når sola vender tilbake, vil vi vite Av Leif Enger

Virgil Wander kjører av vegen og havnar i den iskalde Lake Superior. Han overlev, men får hovudskadar og hukommelsestap. Saman med gode vener prøver han å komma tilbake til det normale.

  • Norsk tittel: Når sola vender tilbake, vil vi vite
  • Original tittel: Virgil Wander
  • Sjanger: Roman
  • Antall Sider: 340
  • Utgivelsesår: 2019
  • Utgiver: Forlaget Press

Leif Enger (Født i 1961), er oppvokst i Osakis, Minnesota og har jobba som reportar og produsent for Minnesota Public Radio i nær tjue år. Han har norsk ætt, da hans oldefar var fra Noreg.
Han debuterte med boka «Ned til elva» i 2001. Den vart ein bestselger i USA. Siden den gang har han gitt ut «Så ung, så kjekk, så modig» i 2008 (Kom ut på norsk i 2013), og no altså denne boka.

Virgil Wander er kontorfullmektig, i tillegg eig og drivhan ein gamal kino i byen Greenstone. Ein dag kjøre han opp til eit populært utkikkspunkt for å fotografera ein storm. På vei ned igjen snør det tett, og Virgil kjører av vegen og havnar i den iskalde Lake Superior. Ein tilfeldig person klarar å redda han ut av bilen, men han har pådratt seg ein lett traumatisk hjerneskade med hukommelsestap, og dette har tatt frå han store delar av språket. Saman med gamle og nye vener byrjar han på sitt nye liv.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forlaget. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Når sola vender tilbake, vil vi vite».

Virgil vert kjent med Rune fra Tromsø, som er i Greenstone for å leita etter ein son han aldri har møtt. Det viser seg at denne sonen, Alec, letta i eit lite småfly og sidan har ingen sett han. Men innbyggjarane i den litle byen har innfunnet seg med at han har omkommet. Rune passar på at Virgil ikkje finn på noke dumt, sidan han gløymer det meste. Og Virgil hjelp Rune med å forstå kva person sonen hans var. Saman hjelpar dei kvarandre med å koma seg vidare i livet.
Virgil er ein strålande karakter. Han slit med hukommelse og språk, samtidig som motorikken ikkje er på topp. Likevel strekk han ut ei hjelpande hånd til dei som treng det i dei kvardagslege gjeremåla. Ein blir glad i karakteren og håpar at det skal gå bra med han til slutt.

«Det er en merkelig følelse å oppdage at du kjenner alle i byen – du er en del av det faste interiøret, du er for søren verdsatt – men det er like lite aktuelt å spørre om hjelp som å delta i naken-OL.»

Det er ein god del drageflyging i historia. Rune lagar alle formar for dragar, og får dei opp i lufta til stor glede for mange. Ein skulle kanskje tru at dette blir kjedelig lesing, men det er faktisk veldig fascinerande korleis forfattaren skriv dette naturleg inn i forteljinga.

Virgil er forteljarstemma i boka, der han ser tilbake på sitt eiga liv. Her fekk eg sterke assosiasjonar til Forrest Gump. Det fungerer med andre ord utmerket.

Eg syntes det vart litt mange navn å forholda seg til i starten av boka. Som lesar vart ein overlessa med navn frå alle kantar. Når boka derimot kjem i gong for fullt, er dette rett og slett ei fantastisk bok. Riktignok føler eg at slutten blir litt oppjaga, og ikkje står heilt i stil med resten.

«Når sola vender tilbake, vil vi vite» handlar om å gripa dei moglegheitane som dukk opp, om uvurderlege venskap der ein hjelper kvarandre vidare i livet, og å bli kjent med seg sjølv på ein ny måte.
Leif Enger har eit ordforråd som er få forunt. Mange av setningane i denne boka er ei reise i språkkyndighet. Kvart ord og setning virkar å vera nøye planlagt. Hadde dette vert eit musikkstykke ville sjølv Ludwig van Beethoven vert stolt.
Dette var eit friskt pust inn i mi bokverd.

TERNINGKAST: 5-

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s