Ikke denne natten av Karine Elisa Dehli

Frå å vera ein frisk og aktiv tenåring får han over natta diagnostisert akutt lymfatisk leukemi. Dette er historia til forfattar Karine Elisa Dehli om sin 13 år gamle son.

  • Norsk tittel: Ikke denne natten
  • Forfattar: Karine Elisa Dehli
  • Sjanger: Dokumentar
  • Antall Sider: 262
  • Utgivelsesår: 2019
  • Utgiver: Frigg Forlag

Karine Elisa Dehli er utdanna sjukepleiar og samtaleterapeut. Ho er foredragsholdar og hobbyfotograf.
Boka «Ikke denne natten» kom ut i 2019.

Sonen er 13 år. Frisk og aktiv. Over natta blir han alvorleg sjuk og får konstantert akutt lymfatisk leukemi, den mest alvorlege formen for leukemi. Forfattaren har skrevet dagboknotater gjennom dei 923 døgna behandlinga varar. Det blir ein kamp på liv og død, der me fylgjer mor og son gjennom oppturar og nedturar i sjukdomsforløpet. Dette er ei brutalt ærlig bok om dei innarste tankane og dei skjøraste følelsane. Det er også ei bok om det ufatteleg sterke båndet mellom mor og son.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Ikke denne natten».

Dette er forfattar Karine Elisa Dehli si eiga historie om sonen som fekk diagnosen akutt lymfatisk leukemi over natta. Her skriv ho om den største og viktigaste kampen i livet sitt, nemleg å kjempa for å få sin eigen son frisk. Ho skriv også om sin fortvilelse over korleis helsevesenet til tider framstår i møte med mennesker i krise.
Dette er forteljinga om ein litt sjenert og humørfylt tenåring, som bit tenna saman og går inn i sin livs kamp med positivitet og beundringsverdig stå-på-vilje. Det blir mange tilbakeslag, også fra hold der ein overhodet ikkje skulle forvente å møte motbør frå.

Ein januarkveld i 2019 oppdagar ho ein blå flekk under auga på sonen. Ho synes han også er ekstra raud på leppene. Når ho òg oppdagar ørsmå raude flekker på beina hans, ringer alarmklokkene hos ei mor. Det bærer rett til legevakta. Her blir ho møtt av ein lege som meiner allmenntilstanden er god og at ein paracet og ei god natts søvn vil gjere susen. Men Karine er ei standhaftig mor, og forlanger i det minste ein CRP. Med litt motvilligheit får sonen ta ein test, men CRP-apparatet fungerer ikkje på sonen. Noko er alvorleg galt.
Dette er opptakten til det som skjer vidare i «Ikke denne natten».

Denne boka er rå og brutal. Forfattaren bretter ut sine innerste tankar og følelsar for lesaren, der ingenting blir spart på.
På baksida av boka står det at denne vil ha ein høg grad av gjenkjennelse både for pasientar og pårørande i eit stort system, men vil også appellere og ha noko å gje til oss alle i ei livskrise.
Her vil eg også leggja til at denne boka appellerer til oss alle. Det set ting i perspektiv. Der mange av oss higer etter det «perfekte» liv, sit mange barn og unge saman med sine pårørande innenfor sjukehusets kvite vegger og kjempar ein innbitt og beintøff kamp. Denne boka er ein augeopnar og er absolutt ei bok til ettertanke for oss alle.

«Vi kaster en ball mellom sengen og stolen jeg sitter i, det er den eneste aktiviteten du orker på fødselsdagen din. Det er rart å tenke på hva du ønsket deg til bursdagen din ifjor kontra i år. For ett år siden var det penger, fotballutstyr og spill som sto på ønskelisten. I år er det mindre smerter og mer tid hjemme.»

Forholdet mellom mor og son i denne boka er fantastisk. Det er eit ubetinga kjærleiksbånd mellom dei to. Sjølv om dei er nede i den djupaste og mørkaste dal, klarar dei å støtta kvarandre og ha noko å le av. Me les om ei mor som er handlekraftig, standhaftig og ikkje minst utholdande. Ho kjempar for sonen kvar dag og kvart minutt. Heile livet kretsar rundt dei to, i tillegg til Pus som er heime og ventar på at dei to skal få permisjon frå sjukehuset.
Sonen uttaler at folk må få veta kor forferdeleg dette livet er, da må formidlast ut. Dei inngår ei pakt, forfatteren lover sonen sin at ho skal skriva og formidla. Og det har ho gjort her. Dette er i bok ho bør vera veldig stolt av.

Forfattaren tar også eit oppgjer med helsevesenet. Me les om ventetidar på 7-12 timar. Dette er noko som visar seg å ikkje vere unormalt. Ein alvorleg sjuk tenåring og ei utsleten mor bør få meir verdighet enn dette. Når ho spør kvifor dette tar lang tid, får ho forskjellige svar og dei skyldar på kvarandre. Me les om leger som tydelegvis snakkar før dei tenkjer. Dette vert ein stor belastning for dei involverte. Dei blir ein kasteball i systemet. Leger snakkar over hovudet på dei, og utelet også å fortelja om eventuelle seinskadar og biverknadar.
Når det er sagt, er det også masse lovord til sjukepleiarar og leger som har gjort og gjer ein fantastisk jobb.

Eg må skryta av coveret på boka. Dette biletet symboliserar alt boka står for. Mørke skyer og ukjente stier, men samtidig lys og håp i horisonten.
Eg må òg nevne kapittelinndelinga. Ved nytt kapittel står overskrifta midt på ei blank side, med ein setning og to under. Så enkelt og stilfullt, men også særs virkningsfullt.
Ein anna ting som eg også syntes var veldig fint, er at sjølv om Karine Elisa Dehli skriv så personleg som ho gjer, så nevnes ikkje sonen sitt navn ein einaste gong. Det blir heilt naturleg å lesa om sonen frå mor sine auge.

Det er veldig mange opp og nedturar i boka. Me les om uverdige forhold for ein alvorleg pleietrengande ungdom. Forfattaren tar også eit lite oppgjer med personar rundt den litle familien. Korleis dei ikkje innser realitetar, og tar avstand frå dei i ein slik sårbar situasjon. Dette er noko me alle bør tenkja over. Korleis oppførar me oss rundt alvorleg sjuke mennesker?
Eg kan ikkje setja meg inn i korleis det er å vera pasient og pårørande i ein slik situasjon. Men ved å ha lest denne boka, har eg fått ein grundig innføring i dette livet.

Boka er rik på flotte skjærgårdsbilete som forfattaren sjølv står bak. Dagboknotatane er skilde med dato og stad. Men sjølv om den er i dagbokform, er den særs velskreven. «Ikke denne natten» vil eg varmt anbefala.

TERNINGKAST: 5+

Legg igjen en kommentar