Polare tragedier av Odd Harald Hauge

Ære, berømmelse, død og fordervelse. Polarhistorien består av mange dramatiske og dødelige reiser. Her får ein 10 spennande historier som spenn seg frå 1553 til 1912.

  • Norsk tittel: Polare tragedier
  • Forfattar: Odd Harald Hauge
  • Sjanger: Sakprosa
  • Antall sider: 302
  • Utgivelsesår: 2019
  • Utgiver: Gyldendal

Odd Harald Hauge (Født 1956) er utdanna siviløkonom. Blant anna har han vert journalist og redaksjonell leiar i Kapital, og han var med på å grunnleggja Nettavisen, der han også var adm. dir.
Han har gitt ut ei rekkje bøker. Blant anna thrillerne «I tyvenes tid», «Everest» og «Storebjørn». Han har også skrevet bok om Drillos fotballfilosofi, men er nok mest kjent for boka «Storeulv», ei uautorisert biografi om John Fredriksen.
Hauge har også vert på Sydpolen, og skal vere lommekjent på Svalbard.

I boka «Polare tragedier» får me servert 10 dramatiske forteljingar fra polarhistoria. Frå Sir Hugh Willoughby i 1553 til Robert F. Scott sitt kappløp med Roald Amundsen i 1912. Dei var alle opptatt av ære, berømmelse og rikdom når dei la ut på sin ferd. Me får innsyn i dramatiske hendingar som f.eks då 17 friske menn omkom i ei nybygd hytte full av mat, eller om ingeniør Salomon August Andrèes ville ballongferd over Atlanterhavet.

Odd Harald Hauge veit kva han skriv om i denne boka. Han har sjølv gått til Sydpolen, og få er dermed meir kvalifisert til å komme med ytringar og eigne meiningar om polarreiser enn Hauge.
Eg var litt lunken til å lese denne boka. Polarhistorie er kanskje ikkje det som interesserer meg mest, men denne boka overraska på alle mulige punkter. Ikkje berre får me 10 fengslande historiar opp gjennom århundra, men me får også servert fantastisk verdshistorie fletta inn i dei dramatiske polarreisene. Lesaren får ein god forståelse for handelskrigen, kappløpet om å finne passasjer til Østen og om storpolitikken som råda i dei forskjellige århundra.

«Ære og berømmelse ventet den oppdagelsesreisende som kunne finne en farbar vei til Østen og gjøre krav på områdene og ruten for sitt land og sin konge. For dem som hadde finansiert ekspedisjonen, kom ikke berømmelsen i første rekke. Å kontrollere en raskere vei til Østen ville bringe enorme inntekter. Til evig tid.»

Hauge har vert dyktig når han har plukka ut 10 historiar. Nokon er kjente, andre er meir ukjente. Det som er felles for desse, er den store dramatikken rundt reisa, og døden som ramma dei. Det er utruleg kor langt eit menneske kunne pressa seg sjølv og andre for berømmelse og ære.
Forfattaraen går ikkje rett på sjølve reisa. Me får fyrst eit bakteppe om både vedkommande som skal reisa, og politikken som ligg bak avgjersla om å finansiera reisa.
Hovedtemaet for stort sett alle polfarere er mat. Skjørbuk var eit massivt problem blant polfarerne. Det tok mange hundre år før ein fant ut årsaken til denne sjukdommen. I dag veit ein at med C-vitamin så kan ein bli frisk innen 24 timer.
Enkelte går så langt at dei tygg bitar av skosålane eller skinnbuksane som dei har bløyta i vatn. Mens andre går til det skrittet og blir kannibalar.

Historia om James Knight fascinerte meg stort. Mannen var nærare 80 år gamal då han drog ut med førti mann for å leita etter mineralrikdomar i Canada, samtidig som han hadde eit ynskje om å finna Nordvestpassasjen. Denne historia er kanskje den mest myteomspunne i polarhistoria.

Det er mange lause trådar knytta til dei fleste av polarreisene. Forfattaren har på meisterleg vis og etter beste evne, skrevet om resultata forskarane har kommet fram til etter å ha sett på enkelte av desse ekspedisjonane. I mange av tilfella får me også konkrete og interessante svar eller synsing frå forfattaren sjølv.
I dei to fyrste kapitla vart da kanskje litt vèl masse himmelretningar og stadsnamn. Å ha eit kart framfor seg medan ein les er nok ikkje så dumt. Men at det er lærerikt er det overhodet ingen tvil om.

Eg kjem garantert til å lesa meir om polarhistorie. Denne boka gav verkeleg meirsmak. Måten Odd Harald Hauge beskriv det kalde klimaet på er framifrå forfattarskap.
Dette er ikkje berre ei polarbok, det er også ei fantastisk historiebok.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s