Ildtunger av Elin Hansen

Siri Pedersdatter er ti år når trolldomsforordninga trer i kraft i 1621. Gjennom heile oppveksta slit ho med minner og inntrykk frå folk som vart brende levande på bålet. No er ho sjølv utsatt for trolldomsrykter. Denne boka er laust basert på faktiske hendingar i Finnmark på 1600-talet.

  • Norsk tittel: Ildtunger
  • Forfattar: Elin Hansen
  • Sjanger: Roman
  • Antall sider: 328
  • Utgivelsesår: 2019
  • Utgiver: Elin Hansen

Elin Hansen (Født 1964) er utdanna sjukepleiar, med vidareutdanning i psykisk helsearbeid. «Ildtunger» er hennes debutroman og kom ut i 2019.

Vadsø i 1621. Sorenskriver Oluf Knudsen står foran ei forsamling og les opp trolldomsforordninga frå 1617, innført av kong Christian den fjerde. Denne lova trer i kraft umiddelbart, og alle trollmenn og kvinner skal dermed fanges og deiras syndige kropp skal brennast levande på bålet til skrekk og advarsel. Moren til ti år gamle Siri Pedersdatter blir raskt anklaga for å ha inngått ein pakt med djevelen. Denne anklagen av moren vil få store følgjer for Siri gjennom heile oppveksta. Som voksen veks det eit trolldomsrykte rundt Siri. Kven kan ho stola på?

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Ildtunger».

Me skal tilbake til 1600-talet, då hekseprosesseane var på sitt mest aktive i Noreg. Forfattaren har teke utgangspunkt i hendingar frå Finmark, som faktisk var blant dei verste i heile Europa på den tida.

Hovedhandlinga spenn seg fra 1621 til 1640, der me fylgjer Siri Pedersdatter frå ho er ti år gamal, til ho er ein vaksen person. Når eit menneske vart brent på eit bål, måtte heile lenet vere til stades, ung som gammal, for å bivåne hendinga. Dette gjer at ho vert utsett for grufulle syn og inntrykk, som formar ho som menneske.

Eg synes Elin Hansen har teikna eit veldig godt bilete frå denne tida. Me blir dratt inn i 1600-talets miljø og kvinnesyn. Blåste det opp til storm, døydde det eit lam eller eit menneske vart sjuk, var det trolldom og heksekunstbeskyldningar med ein gong, for slikt var djevelens verk. Alle var redde, sjølv med rein samvittighet var beskyldningar frå andre nok til å få deg brent. For folk kom gjerne med feilaktige utsagn, så lenge dei såg moglegheita til å berga seg sjølv. Derav tittelen «Ildtunger».

«Selv var hun neppe i fare. Hun hadde aldri nevnt djevelens navn i nærheten av noen, og ikke hadde hun helbredende kraft i hendene sine heller. De hadde ingenting å ta henne for.»

Eg vart fort fascinert av denne boka, av karakterane og av den heksejakta som foregjekk på denne tida. Sjølvsagt er den berømte vannprøven nevnt. Vart du beskyldt for trolldom, så blei du bunden på hender og føtter og lempa ut i sjøen eller vatnet. Viss du sokk så gjekk du «fri», men viss du var så uheldig at du flaut på vatnet som ein kork eller stokk, vart du brent på bålet. Vanlegvis vart eit tau bunden fast rundt livet, slik at bøddelen kunne dra personen i land viss vedkommende sank, men det hende også at dei berre lot personar drukne.

Denne boka byr blant anna på kjærleik, drama, sjalusi og svik. Den handlar om å finna sin plass i da litle samfunnet og om mot til å kjempa for seg sjølv og andre. På den tida var det ikkje lett å stola på folk. Du måtte finna dei rette personane, om da i da heile tatt fantes nokon du kunne stola på.

Er det noko eg skal utsetja på denne boka, må det vera at eg gjerne skulle lest meir om dagleglivet på 1600-talet. Savna også meir informasjon om samenes virke og tradisjon på den tida.

I etterordet i boka skriv historikar Rune Blix Hagen litt fakta rundt trolldomsprosessane frå historiske kildedokument.

Eg likte «Ildtunger». Boka har eit lett språk og er rett fram i tidsperspektiv. Med sine 83 kapitlar pluss ein epilog, vart denne boka lest på ein dag. Dette er fyrste bok i ein planlagt trilogi. Eg gleder meg allereie til neste bok.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s