Perler på en snor av P. I. Paris

Bebuarar på ein aldersheim i det skotske høylandet gjer opprør når eigarane finn ut at dei skal heva husleiga kraftig. Ville påfunn og idèer tar form i denne lettleste og morosamme boka.

  • Norsk tittel: Perler på en snor
  • Original tittel: Casting Off
  • Forfattar: P. I. Paris
  • Sjanger: Roman
  • Antall Sider: 315
  • Utgivelsesår: 2018
  • Utgiver: Cappelen Damm

P. I. Paris er journalist, forfattar og dramatikar. Han bur på det skotske høylandet. Han har gitt ut ei rekkje bøker. Mest kjent er han for «Men cry alone» og «The Italian chapel», då som Philip Paris.
«Perler på en snor» er basert på eit skodespel. Dette gjekk for fulle hus tilbake i 2015.

We Care For You er navnet på ein aldersheim i det skotske høylandet. Her har bebuarane da veldig godt. Men så ein dag bestem dei nye eigarane seg for å skru husleiga kraftig opp. Bebuarane vert fortvila, då nokon av dei ikkje har råd til å bu der lenger. Ein liten gjeng av seniorane legg hodene sine saman og byrjar å klekke ut ein plan for å få eigarane til å snu. Dei forskansar seg i oppholdsrommet, medan dei ringer mediene. Dette blir aldri ein suksess. Så kjem nokre eldre kvinner opp med ein genial idè, ifølge dem sjølv vel å merke. Ein idè som skal innbringe nok penger til å dekke dei aukte kostnadane. Vil dei lykkes?

Dette er uten tvil den morsomste boka eg har lest på lange tider. Bebuarane på aldersheimen er verkeleg ein gjeng for seg sjølv. Det oppstår mange situasjoner som vil få deg til å trekke på smilebåndet. Nokre er nok daglegdags i kvaradagen på ein aldersheim, men det aller meste er vilt oppspinn frå forfattaren.

«Som på de fleste slike steder var det flere kvinner enn menn, og akkurat som i verden utenfor oppsto det små klikker og vennskap som medførte sjalusi, krangler og uvennskap, ikke så ulikt friminuttene i andreklasse på skolen.»

Her får me blant anna servert eit hysterisk moteshow, slåsskamper, naken mann på kafè, og ikkje minst ein heilt fantastisk telefonsamtale der Dorothy misforstår alt kva personen i den andre enden seier.

Eg likte denne boka veldig godt, men det er spesielt to ting som trekk litt ned for min del. Det eine er at det kan bli litt vèl masse morsomheter til tider. Det andre er at det blir mange navn å holde styr på etterkvart.

Sjølv om dette fyrst og fremst er ei morosam bok, så er det òg alvor i den. Da oppstår intriger, venskap og samhald. Det er mange skjebner som er samla under samme tak. Alle har med seg sin bagasje frå eit langt liv, men ein ting har dei alle til felles; dei er blitt gamle. Og døden ligg som eit bakteppe gjennom heile boka. Det er ei bok som kan bringe fram tårer av latter og sorg.
Den er lettlest med sine 63 kapitlar. Ei perfekt bok for late sommardagar!

TERNINGKAST: 4+

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s