Oslo, 1944. Soli Hansen er ein lidenskapeleg kunsthistorikar, som jobbar i ein kunstbutikk. Ho har lukka augene for det som skjer rundt seg i desse krigsåra. No byrjar tyskarane å henta kunst frå butikken, som dei kan senda attende til Tyskland. Då våkner motstandsrørsla i Soli. Boka er på engelsk.
(mer…)-
Når sola vender tilbake, vil vi vite Av Leif Enger
Virgil Wander kjører av vegen og havnar i den iskalde Lake Superior. Han overlev, men får hovudskadar og hukommelsestap. Saman med gode vener prøver han å komma tilbake til det normale.
(mer…) -
Ildtunger av Elin Hansen
Siri Pedersdatter er ti år når trolldomsforordninga trer i kraft i 1621. Gjennom heile oppveksta slit ho med minner og inntrykk frå folk som vart brende levande på bålet. No er ho sjølv utsatt for trolldomsrykter. Denne boka er laust basert på faktiske hendingar i Finnmark på 1600-talet.
(mer…) -
Perler på en snor av P. I. Paris
Bebuarar på ein aldersheim i det skotske høylandet gjer opprør når eigarane finn ut at dei skal heva husleiga kraftig. Ville påfunn og idèer tar form i denne lettleste og morosamme boka.
(mer…) -
Terapeuten av Helene Flood
Mannen til Sara forsvinn sporlaust. Samtidig byrjar ting å skje i den store villaen deira. Ting flyttar på seg og forsvinn. Ei natt høyrer Sara fottrinn på loftet. Har det nokon samanheng med Sigurd? Skjer det verkeleg, eller er det noko Sara innbill seg?
(mer…) -
Polare tragedier av Odd Harald Hauge
Ære, berømmelse, død og fordervelse. Polarhistorien består av mange dramatiske og dødelige reiser. Her får ein 10 spennande historier som spenn seg frå 1553 til 1912.
(mer…) -
Kameleonjenta av Ragna Dahl
Anna blir utsett for mobbing og grov vold gjennom heile barndommen. Korleis formar dette ein person? Dette er ein sterk og gripande roman inspirert av faktiske hendingar.
(mer…) -
Monster av Jørgen Jæger
Familien Dahl lever med skjult identitet etter å ha fått drapstrulsar frå Annes eksmann og Theas far. Så byrjar ting å eskalera frykteleg fort. Har eksmannen funnet familien, eller er da andre årsakar bak?
(mer…)
Dette er bok nr 8 i serien om lensmann Ole Vik. -
Sensommer av Anders de la Motte
Ein seinsommerkveld i 1983 forsvinn fem år gamle Billy sporlaust frå ein gård i Skåne. Alt som er igjen er ein barnesko i ein høg maisåker. Kva skjedde med Billy?
(mer…)
Dette er den fyrste enkeltståande romanen i ein serie på fire. -
Krigen på 200 sider – Norge under annen verdenskrig av Frank Aarebrot
Ei bok som gjev ei lærerik og rask innføring av det store politiske og militære bilete sett frå norsk ståsted, samt kvardagslivet under krigen.
(mer…)