Ein roman som handler om å overleve.
- Norsk tittel: Amygdala
- Forfattar: Bjørn Johnsen
- Sjanger: Roman
- Antall sider: 338
- Utgivelsesår: 2024
- Utgiver: Jerv Forlag
Bjørn Johnsen (Født 1952) er frå Mosjøen, og er utdanna lektor med mastergrad i musikkvitenskap. Han debuterte som forfattar i 2005 med romanen «Menneskejerven». Sidan har han gitt ut «Han som kom tilbake» (2009), «Mosjøens pophistorie» (2012), læreboka «Musikkfaget for ungdomstrinnet» (2013), romanen «Enok» (2021) , Amygdala (2024) og «Vibrato» i 2026.

Om boka: Amygdala er en høyaktuell fortelling om kunsten å overleve. Bokens handling finner sted i en perfekt storm, hvor et virus muterer, økonomien kollapser, folk sulter og stormaktene truer hverandre. Tolv ressurssterke mennesker velger seg ei øy på kysten av Helgeland hvor de forsøker å overleve ragnarok. De må skaffe seg mat, unngå sykdom og samtidig bygge et forsvarsverk som hindrer invasjon.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Amygdala».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein roman som handler om å overleve.
Jeg-personen i romanen er drosjesjåfør og har deltidsjobb som vikar ved ein familievernsavdeling. Ein dag får han besøk av ein mann som innrømmer eit drap. I hånda har han kniven til broren til jeg-personen, som også skal være drapsvåpenet. Slik starter det heile. Det utvikler seg til eit sammensurium av at verden kollapser rundt dei, og nokre utvalgte må flykte til ei øy, der dei forskanser seg for å unngå at andre personer overtar øya og posisjonen.
Dette er ein meget sær historie. Samtidig er den fengende og får fram det beste og verste i oss mennesker. Ein vert dratt rett inn i universet til forfattar, og det er eit fascinerende skue ein får ta del i.
Redsel finnes ikke på ordentlig. De eneste steder redselen kan eksistere, er i tanker om øyeblikket og framtida. Den er et fantasifoster, og får oss til å frykte, nesten som galskap.
Det er ein utopisk forteljing, men likevel er den kanskje ikkje så langt unna sanninga om den «perfekte» stormen slår til. Me har vert gjennom virusmutasjoner, kriger og økonomisk kollaps. Heldigvis ikkje alt på samme tid, som karakterene i denne boka må gjennom. Det er dermed duket for mykje drama, interne uenigheter og eit hieraki på øya som stadig er under press.
Jeg-personen og broren, Frank, har ei hytte på Vardøy. Her flykter dei til når ting eksploderer. Men med på lasset har dei drapsmannen og hans utvalgte som inntar øya. Her finn ein blant anna prest og prestefrue, ein bankmann og ein politisjef.
Når verda rundt ein kollapser, så vert det fort lovløse tilstander der alle tenker kun på seg sjølv og sin familie. Misnøyen vert stor, også på Vardøy får dei kjenne på uroligheter, drap og ein kamp for å overleve. Personer vert mistenkeliggjort og ein føler på eit svik og hat. Skruen skrues til og overraskelser kjem som perler på ei snor.
Men det var noe helt annet som tok fokus: Døde mennesker! Strødd utover! Hulter til bulter. Alle kledd i finstas. Herrer i dress og fruer i kjoler, kelnere i sort hvitt, offiserer i uniformer, barn stivpyntet.
Sjølv om det er ei sær historie, så er den meget fengende og ein lever seg raskt inn i det livet dei lever på øya. Forteljarstemma sitter åleine på eit fyr og skriv om det som har skjedd. Det er ein bekmørk historie me får servert, der kun dei sterkeste og/eller smarteste overlever. Det er med andre ord mykje død og fordervelse.
Viss ein skal trekke noko ut av romanen for å forklare kva det heile går ut på, vil eg berre stille eit enkelt, men likevel vanskeleg spørsmål; Kven er til å stole på når mat og vatn uteblir? Urmennesket og grunnlaget for liv trer fram og ragnarok er satt i bevegelse.
Eg følte at historia kanskje vart litt vél sær her og der, og at realismen ikkje alltid er til stades. Når det er sagt, så er det likevel noko med karaktersammensettingen og universet som skaper ein tilhørighet til det som skjer.
Franks iver etter å vise fram våpenarsenalet, og tanken på Vardøy som et fluktsted fra en verdenskrise – alt var så forbasket underlig. Jeg greide ikke ta alvoret innover meg. Var vi virkelig så nært et sammenbrudd? Tok han ikke vel hardt i?
Som vanleg har Johnsen eit godt språk og han skriv romaner som heng ved deg i lang tid etter at boka er ferdiglest. Når ein høyrer om denne boka i ettertid, så lurer ein på om det er ein film ein har sett. For det er så levende forklart, og det skjer ting som setter seg i tankene, og ein føler at ein er ein del av det heile. Det er vanskeleg å forklare skikkelig, det må nesten berre oppleves.
«Amygdala» er ein historie om å overleve. Gjennom pressede situasjoner og manko på mat og drikke, får det fram det verste i mennesker. Historia byr på mange overraskende vendinger gjennom sine godt over hundre kapitler. Bjørn Johnsen skriv strålende om menneskets lunefulle atferd, og viser nok ein gong kvifor han etterkvart er ein forfattar ein verkeleg legg merke til.
TERNINGKAST: 5-

Legg igjen en kommentar