Kleptokratiet av Espen Skjerven

Ein drivende god spenningskrim med samfunnsaktuell tematikk.

  • Norsk tittel: Kleptokratiet
  • Forfattar: Espen Skjerven
  • Sjanger: Krim, Spenning
  • Antall sider: 384
  • Utgivelsesår: 2022
  • Utgiver: Liv Forlag

Espen Skjerven (Født 1974) er utdanna jurist og jobber som dommer i Sør-Rogaland tingrett. Han har tidlegare arbeida i Økokrim, Kripos og som forretningsadvokat. Han debuterte som forfattar med krimboka «Slakt» i 2019. I 2021 gav han ut «Blod er tykkere enn vann», og «Kleptokratiet» vart utgitt i 2022.

Den norske miljø- og menneskerettighetsforkjemperen Sofie Christensen er fast bestemt på å avdekke konsekvensene av oljevirksomheten til et norskeid selskap i regnskogen i Den demokratiske republikken Kongo. Samtidig ber en avhopper fra en beryktet opprørsgruppe Christensens svenske kollega, Anna Hagberg, om hjelp til å finne sønnene hans. Kort tid senere blir kvinnene angrepet i leiligheten deres i Kinshasa. Avhopperen og en fremmed mann blir drept. Kvinnene blir arrestert for drap. Politioverbetjent Tom Grayston og makkeren Chris Møller i Kripos får i oppdrag å reise til Kongo for å undersøke saken. Det blir starten på en sak de aldri kommer til å glemme.

Denne boka er eit leseeksemplar på PDF frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Kleptokratiet».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ei spenningsbok med krimelementer, og er den tredje boka om politioverbetjent Tom Grayston i hovedrollen.

Forfattar har denne gangen lagt store deler av handlinga til Kongo, der oljevirksomhet, korrupsjon, menneskerettighetsbrudd, forfølgelse, opprørsgrupper og vold er i fokus. Eg må ærleg innrømme at eg vart litt skeptisk i starten av boka, der ein vert satt inn i problemstillinga i romanen. Men min skepsis skulle tidlig bli knust til fillebiter. Heldigvis.

Dette er etterforskningskrim med ein lineær tidslinje. Som leser ligg me av og til i forkant av etterforskninga, og det er i så måte ingen plott med i romanen. Her går det meir på spenning og tematikk, så er du på jakt etter å bruke dine små grå for å forsøke å finne ut kven morderen er, så er nok ikkje dette boka for deg.

Me fylgjer fleire karakterer parallellt, og får på denne måten eit godt innsyn i tematikken og handling. Her kan Skjerven utdjupe mål og meining med historien sett frå forskjellige ståsteder, utan at det vert gjentakende. Eit godt verkemiddel med eit slikt tema.

Tom Grayston står overfor ein annleis sak, sidan han må etterforske det som skjer i Kongo frå Noreg. Ein norsk mann vert drept, og dei to menneskerettighetsforkjemperne Sofie og Anna vert mistenkt for drapet. Når Grayston ankommer Kongo er saken allerede avslutta fra politiet i Kongo sin side. Her møter han på motstand når han vil ha innsyn i saken, og må reise tilbake til Noreg med mange spørsmålsteikn. Grayston har likevel ein forlenget arm i Kongo i Sofie Og Anna, og det vert starten på ei sak med enorme omfang.

Ved øverste trappetrinn hektet hun foten i noe. Hun falt, kjente en hånd rundt ankelen. Sparket seg ut av grepet, kom seg opp og løp nedover korridoren. Hørte raske skritt bak seg. Mennene peste, men hun var rask. Bare få meter igjen. En hånd slo i ryggen, hun mistet balansen. En av mennene falt over henne.

Sjølv om Tom no er i Kripos, har han ikkje gløymt sine gamle kollegaer i Rogaland. Her synes eg forfattar har vert dyktig til å innlemme dei i romanen, og samtidig skrive kort og konsist kven dei er for gamle og nye lesere utan at det går ut over framdrifta.

Persongalleriet er oversiktlig og innehar relativt få i denne type bok. Dei aller fleste er gamle kjente viss ein har lest tidlegare bøker frå samme forfattar. Hovedkarakteren er Tom Grayston. Ein skilt mann med to barn som alltid har satt jobben foran alt anna. Han lever og ånder for rettferdighet. Tom er det ikkje noko tull med, og i så måte kan han virke litt grå og kjedelig. Me får eit lite innblikk i kjærleikslivet hans, men ellers er det jobb, jobb og atter jobb som står i hovudet på han.

Rebekka og Markus kranglet over neste film på iPad-en. Han ergret seg over at han måtte skuffe dem igjen. Han hadde lovet at de skulle til Oslo reptilpark, nå måtte han avlyse igjen på grunn av jobben.

Fyrste del av boka er oppbyggende utan at det heilt store skjer. Men det er likevel raske temposkifter og drivende innhald. Derfra og ut peiker pila oppover, spenninga stig og actionscenene kjem stadig oftere. Det vert ei bok der ein gleder seg til å setja seg ned og lese videre.

Romanen er i tredjepersonsperspektiv, og dermed kjem forfattarstemma enda meir til sin rett. Det var likevel enkelte plassar der forfattar etter ein dialog skriv «sa han», noko som kan være litt forvirrende når det er snakk om to mannspersoner som fører dialog.

I Kripos og teamet Grayston har med seg, er konflikter fraværende. Det er ingen bi-historier tilknyttet dette, og på mange måter er det befriende. Samtidig så kan/bør ein forvente at det vert små gnisninger blant personer i ei så stor sak som dette etterkvart utvikler seg til å bli. Men her har Skjerven fullt og heilt konsentrert seg om etterforskninga.

Politi og myndigheter samarbeider på tvers av landegrenser for å rulle opp saken. Skjerven har verkelig slått på stortromma i denne romanen, og viser med dette at dette er noko han har hatt i tankene over ein lengre perioder, noko også etterordet bekrefter. Temaet og utførelsen av tematikken er ikkje noko ein skriver over natta. Det er troverdig og ein får ein følelse av at dette har skjedd, eller vil skje i nær fremtid. Her har forfattar satt seg godt inn i bakgrunnsstoffet, og har tidlegare hatt roller i arbeidslivet som suppleres med det han skriver. Noko som vises att i teksten og gjer til at historia står fjellstøtt.

Hun sprang med to av sine yngste barn klamrende fast rundt halsen hennes. Hun løp så fort hun kunne over jordet, mot skogen. Brystet pep, hun gispet etter luft. Hun sprang for livet, bort fra hylene i landsbyen, hvor mannen hennes lå blodig igjen på bakken utenfor den nedbrente stråhytta deres.

Miljøskildringene er gode, og ein fornemmer dei fattige slumområdene i Kongo, det yrende folkelivet i Oslo og det rolige livet i Rogaland.
Språket er meget solid. Skjerven unngår lange utgreiinger og skriv kort og konsist, og kapitlene er stort sett korte og gjer til at ein berre «må» lese eit kapittel til.

«Kleptokratiet» er ein drivende god spenningskrim. Her er det samfunnsengasjerende tematikk som vert tatt opp, og som er troverdig og særs aktuell. Espen Skjerven befester med dette sin posisjon som ein knakende god krimforfatter.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar