La alt håp fare av Geir Tangen

Dette er bok nr. 5 i ein serie med romaner som er inspirert av De ti bud. Tangen tar for seg bud nummer to; Du skal ikkje misbruke Guds navn.

  • Norsk tittel: La alt håp fare
  • Forfattar: Geir Tangen
  • Sjanger: Spenning, Krim
  • Antall sider: 213
  • Utgivelsesår: 2022
  • Utgiver: Vigmostad&Bjørke

Geir Tangen (Født 1970) er bosatt i Haugesund, der han jobber som lærer på ein ungdomsskule. Tangen debuterte som forfattar i 2016 med krimromanen «Maestro». Sidan har det blitt to ytterligare bokutgivelser i denne krimserien, «Hjerteknuser» (2017) og «Død manns tango» (2018) I 2021 kom han ut med boka «Vargtimen», og i 2022 gav han ut «La alt håp fare», som er ei enkeltstående krimbok.

En iskald novemberkveld sitter en mann i en penthouseleilighet og kikker ut over en mørklagt Oslofjord. Bak ham henger det første offeret. En av Norges mest kjente skuespillere har blitt konfrontert med sitt grenseløse hovmod, og tapt. Den erfarne drapsetterforskeren Steinar Sand er fortsatt i bunnløs sorg etter å ha mistet sine aller nærmeste på tragisk vis, da han ankommer Tjuvholmen denne kvelden. Dagen etter dukker det opp enda en sak med klare referanser til de syv dødssyndene, og straffen som knyttes til disse. Steinar står overfor en utfordring han aldri har vært i nærheten av, men enda verre: Noen legger igjen spor som kobles til ham. Lar Steinar alt håp fare? Eller finnes det en vei ut av mørket som omslutter ham? I dette spillet kan han ikke stole på noen. Ikke en gang seg selv.

Denne boka er eit leseeksemplar på PDF frå forlaget Vigmostad&Bjørke. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «La alt håp fare».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Denne spenningsromanen inngår i ein serie romaner inspirert av De ti bud. «La alt håp fare» speler på det andre budet; «Du skal ikkje misbruke Guds navn». Dette er den femte boka i denne serien, hvor forskjellige forfattarar tolker eit av boda. Alle bøkene er sjølvsagt heilt uavhengig av kvarandre.

Siden dette er ein kortroman, sparer ikkje Geir Tangen på starten. Me vert kasta rett inn i ei drapssak som ryster Noreg, og på denne måten har han leseren i si hule hånd frå fyrste side.

Drapsetterforsker Steinar Sand og hans team skal få langt fleire drapssaker å bryne seg på, og med eit intensivt og stort pressekorps på slep, vert dei satt under eit stort press for å løyse sakene så fort som mogleg.

Hovedpersonen er Steinar Sand. Ein betrodd og erfaren drapsetterforsker. Livet hans vart snudd på hovudet då han mista sin kjære Anne, og sine to tvillingdøtre i ei fryktelig bilulykke. Steinar slit med å fungere i kvardagen, og han kjemper med seg sjølv og sine tanker, samtidig som han har drapssaker å ta seg av. Denne vekslinga mellom jobb og privatliv er vevet saman på ein meget god måte. Ein føler verkeleg med han, og ein kan føle på den sorga og tomheten han sit att med. Ein solid oppbygd karakter som er veldig bra skildra.

Steinar tok av seg hanskene og strøk hånda varsomt over Annes kors. Et muskelminne fikk hendene til å følge samme bevegelse som når han strøk henne over håret om kveldene før han sovnet. Han følte et behov for å lene seg mot korset og kysse det varsomt, men gjorde det ikke. I stedet pustet han ut, kremtet halvhøyt, og løftet blikket.

Tangen bruker de syv dødssyndene som bakteppe, og det som ligg bak kvar og ein av desse dødssyndene. Alle er nok ikkje kjent med kva dette står for, men dette har forfatter flettet inn i romanen på ein enkel og naturleg måte.

Døden er eit sterkt verkemiddel i boka. Steinar opplever døden både privat og i arbeidssammenheng. Døden er ein del av jobben og han virker å ha eit avslappet forhold til det, men ein kan likevel aldri venne seg til den. Særskilt ikkje når den rammer sine eigne. Då slår den inn med full kraft og heile livet vert endevendt. Det er fascinerende å lese korleis reaksjonen hans er, og måten han må skilje mellom jobb og privatliv, sjølv om dei overlapper kvarandre.

Boka er lettlest, og innehar eit fantastisk språk. Det er ein fryd å lese, og når plottet er solid og spenninsnivået høgt boka gjennom, så vart den vanskeleg å legga frå seg. I dei partiene det ikkje skjer all verden i etterforskningsteamet, får me spenning og nerve på det personlege planet. Det skal også nevnes at Tangen har ein effektiv og særs virkningsfullt språk når han skildrer karakterer og omgivelser.

Steinar Sand betraktet partneren sin, Aslak Granberg, som kom vaggende mot ham langs fortauet. Tunge øyelokk, fett, tynt hår gredd i hentesveis, og kvapsete nesten gulaktig ansiktshud. Minst tjue kilo for mye over midjen og tydelige mannepupper under skjorta.

Det er to parallelle historier, der me fylgjer etterforskningsteamet med Steinar i spissen, og jeg-personen som er drapsmann/kvinne. Desse veksles på i kapitlene, og ein får dermed sett saken frå to sider. Likevel så er det ein litt einsidig vinkling frå etterforskninga, då det er Steinar ein fylgjer. Så det vert ting som ein ikkje får med seg av det som foregår når han ikkje er til stades. På denne måten vert det enda meir åpent og usikkert kven som står bak.

Innimellom kapitlene er det også ein nyhetssak som påvirker kapittelet. Nokre er med bilete i artikkelen for å skape eit enda meir realistisk heilhetsbilete over romanen og artiklene.

Det er ikkje så mange personer med i romanen, men Tangen klarer likevel å skape eit godt plott som ikkje er så lett å sjå utfallet på. Eg hadde ein god følelse på kven som stod bak ganske tidleg, og vart litt skuffa over dette «enkle» plottet. Men der tok eg feil gitt… Og ingenting gleder meg meir enn å gå på ein slik smell.

Eg liker denne bokserien, og synes det er veldig interessant å sjå korleis dei forskjellige forfatterne løyser oppgåva dei står ovenfor, nemlig å skrive ein roman basert på eit av dei ti buda. Eg må berre bøya meg i støvet for Tangen og måten han har løyst si oppgåve med å ta utgangspunkt i det andre budet.

Det er ikkje alltid like lett å skape stemning og få frem karakteristikker av personer og lignende i ein kortroman. Men her er Tangen ein mester. Som leser vart eg dratt rett inn i universet hans, og kunne føle på sorgen, kjenne på usikkerheten og redselen og sjå omgivnadene som på eit kinolerret. Det er rett og slett eit imponerende kunststykke.

Øynene er vidt oppsperrede nå. Blodårene buler langs halsen og ved tinningene. Han er rød i ansiktet av anstrengelse, og trolig en god porsjon uutholdelig smerte. Å ha begge bein og armer strukket ut i stram stjerneformasjon til hvert sitt tre er ubehagelig. Hadde det ikke vært for knebelen, ville skrikene ha vært hørbare nedover åsen. Nå er de ikke det. De kan knapt høres.

Etterkvart som romanen utspeler seg, byrjer ein å danne seg eit bilete, og ein får stadig fleire og fleire drypp av informasjon som ein kan setja saman. Samtidig sit ein med ein følelse av at det er noko som skurrer, og at det ligg ting under overflata som ein ikkje heilt klarer å få tak i. Dette er eit godt verkemiddel og får leseren engasjert i historia på fleire plan.

Å lese ein kortroman kan sammenlignes med å sjå eit parti hurtig-sjakk fremfor dei klassiske lang-sjakk partiene. Ting må skje fort, og det er begrenset kva ein kan få gjort. Men dette partiet fullfører Tangen plettfritt, og setter meg som leser i sjakkmatt.

«La alt håp fare» er ein spenningsroman med stor S. Det oser klasse og kvalitet frå fyrste side, og den slepp ikkje taket før siste side er lest. Geir Tangen kan dette med å skape uortodokse plott og skildre eit levende miljø. Dette er ein kortroman med eit stort innhald. Anbefales på det varmeste.

TERNINGKAST: 6

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s