Når noen slår et menneske i hjel av Nick Shenan

Forhåndsdømming og bygdedyret viser seg frå sin verste side, eller er faktisk bygdas original skyldig i drap? Dette er ein krimroman med fleire lag av historier.

  • Norsk tittel: Når noen slår et menneske i hjel
  • Forfattar: Nick Shenan
  • Sjanger: Krim
  • Antall sider: 337
  • Utgivelsesår: 2022
  • Utgiver: Kolofon Forlag

Nick Shenan er eit pseudonym, der ein norsk mann i sin beste alder står bak. Han debuterte som forfattar med krimromanen «Når noen slår et menneske i hjel» i 2022.

Svein Robert sitter i avhør, mistenkt for å ha skutt Anita Sjøstrand. Han er overbevist om at det egentlig er Anitas voldelige ektemann som står bak drapet, men avhørslederen er ikke interessert i noe av det han forteller. Ektemannen har alibi, og flere vitner har observert Svein Robert ved åstedet. Etter hvert begynner Svein Robert å bli usikker. Kan det faktisk være at han har skutt Anita og fortrengt minnene? Å fortrenge traumatiske minner har han jo gjort tidligere … Samtidig ser det ut til å være flere mistenkelige hendelser politiet viser liten interesse for å etterforske.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Når noen slår et menneske i hjel».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein krimroman der det psykiske aspektet i eit menneskesinn er hovedtemaet.

Når ein leser boka, så får ein umiddelbare assosiasjoner til måten avhørene i ein kjent norsk rettssak vart utført. Noko seier meg at forfatter har brukt dette som grunnmuren for historia.

Hovedkarakteren er Svein Robert Kile. Han er 28 år, og jobber som butikkmedarbeider på ein Rema-butikk. Svein Robert er ikkje som «alle andre». Han er ei enkel sjel, og bur heima hos moren. Ein får fort eit inntrykk av at han blir sett på som sær og som ein typisk bygdeoriginal med sin enkelhet og «mangler».

Men Svein Robert er nok ikke uintelligent, bare sosialt inkompetent og utstyrt med et mentalt kompass dominert av misvisning.

Karaktergalleriet har store ytterpunkter, og dermed skaper det store motsetninger, og ein får eit elsk og hat forhold til dei. Men samtidig så ligg det forhold til grunn for at alt er kanskje ikkje som det ser ut som. Men kven har noko å skjule og kven er faktisk ærleg og redelig? Forfatter har pakket det godt inn, og gir oss små drypp undervegs. På denne måten vert karakterene levende og dynamiske.

Eit brutalt drap på Anita Sjøstrand ryster bygda. Svein Robert vert raskt mistenkt og arrestert. Avhørslederen er ikkje i tvil, og byrjar å male Svein Robert inn i eit hjørne med sine utradisjonelle avhørsmetoder. Hovedmistenkte hugsar sjølv ingenting frå kvelden, men er derimot overbevist om at det er Anita’s voldelige ektemann som står bak drapet.

Bingo! Du trenger ikke akkurat være Mensa-medlem for å løse denne «krimgåta». Hvis det ser ut som en and, svømmer som en and og kvekker som en and, så er det garantert en and.

Det mentale og psykiske spelet er ein viktig ingrediens i denne krimromanen. Hovedkarakteren hugser berre glimt frå den skjebnesvangre kvelden. Etterkvart kjem det fleire bruddstykker fram i minnet hans. Men er dette manet fram av avhørene, eller er det faktiske minner frå kvelden? Eg skal ærleg innrømma at eg vaklet frå den eine til den andre sida fleire gonger undervegs.

Det er fleire bi-historier som me fylgjer undervegs. Me får eit innblikk i rasisme og innvandrerhat, religiøse dogmer, og ikkje minst det berømte bygdedyret. Å setje folk i ein bås er skummelt, men av og til stemmer det. Likevel kan det øydelegge liv og familier om det går for langt. Shenan speler på dette, og viser kor galt det kan gå.

Historia hopper fram og tilbake i tid boka gjennom. Kapitlene viser måned og dato, og er i så måte oversikteleg. Likevel gjekk det litt i surr med datoer etterkvart. Eg falt litt ut av kor tid ting hadde skjedd og tidslinja vart dermed litt rotete for min del. Men det skal legges til at forfattar har stålkontroll, og at dette må eg ta på min kappe. Det meste foregår i oktober, men det er også frå dei foregående månedene og tilbake til barndommen og oppveksten.

Det er til tider eit røft språk. Shenan legg ikkje noko i mellom når han skildrer drap eller seksuelle situasjoner.

Da går blitsen plutselig av. Lysglimtet varer bare noen tusendedels sekunder, men scenen foran ham blir hengende på netthinna. Det mest groteske han noensinne har sett. En kvinnekropp ligger sammenkrøket på asfalten, uten hode. Der halsen slutter, sitter bare noen kjøttslintrer.

Språket er det ingenting å utsetje på. Det er skrevet både i nåtid og fortid. Og her skal forfattar ha all mulig ros, for det er ikkje ei enkel oppgåve å omstille språket så ofte som han gjer i denne romanen. Med denne skrivemåten veit også leser om ein er i nåtid eller ikkje.

Svein Robert ligg ofte på knauser og i skogen og bruker kikkerten sin til å spionere på personer i husstander. Han vil finne ut korleis kjærester og ektefolk oppfører seg, og kva «vanlige folk» gjer. Han må være forberedt når han sjølv får seg kjæreste. Dette får han opp i problemer, både pga det han oppdager, og at det ryktes at det er ein kikker laus i bygda…

Etterkvart som historia utspeler seg, kjem det fleire moglege gjerningspersoner til. Men politiet er ikkje særleg interessert i å forfølge nye tips og spor. Dei har låst seg på Svein Robert og bevisene dei har mot han. Og nettopp dette utarter seg til å bli ein særs interessant problemstilling. Vil forfatter vise kva som skjer når politet, advokat og bygda har forhåndsdømt ein mistenkt, eller vil han lure leser ved å faktisk vise at denne gangen hadde dei rett?

Eg likte måten Shenan tuller med inntrykket av ein person, og samtidig speler på menneskesinnet og korleis tanker kan kverne avgårde og skape ein illusjon av at slik er det.

Me får også eit innblikk i å vokse opp i ei lukket religiøs sekt, der reglene er strenge. Personer har stor påvirkningskraft og det kan fort føre til ein miljøskadet oppvekst. Kva gjer dette med eit barn og menneske på sikt? Det er mange dysfunksjonelle personer som etterkvart får sin historie frem for leseren.

Fyrst og fremst får me historien servert frå dei involverte sin side, sjølv om politi, avhørsleder og advokat er tungt inni historien. Det er fleire lag med historie, der forfattar klarer å få frem mange problemstillinger i ei bygd. Det er innvandring, religiøse konflikter og eit sterkt borgervern som preger bygda. Når det i tillegg skjer eit drap, og bygdas «original» er mistenkt, samtidig som andre meiner at det er innvandrerungdommene som står bak, så vert det gnisninger..

Ein del halvlange utbroderinger følte eg det vart her og der. Noko kunne ein kanskje ha utelatt for fremdrifta sin del.
Dette er ikkje ei bok for personer som liker ei lineær historie. Her er det som nevnt stadige hopp i tidsperspektivet.

Fortid og nåtid henger saman, og med stadige nye opplysninger undervegs, bygger forfatter opp ein helstøpt historie som heng saman frå a til å. Med få eller ingen puslebiter i starten, sit me att med eit komplett og ferdig puslespel når boka er ferdiglest.

Kapitlene er korte og med cliffhangere her og der er dette ei bok som etterkvart vart vanskeleg å legga frå seg.

«Når noen slår et menneske i hjel» er ein fengende historie med eit godt plott. Nick Shenan viser kva fordommer og bygdedyr kan gjere med mennesker og familier. Det er ein herlig blanding av dysfunksjonelle karakterer som skaper konflikter og ytterpunkter. For meg var dette ein meget god og solid debutroman. Anbefales.

TERNINGKAST: 5-

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s