Det ellevte manus av Anne Holt

Hanne Wilhelmsen er tilbake i denne krimromanen frå ein av Noregs beste krimforfattere.

  • Norsk tittel: Det ellevte manus
  • Forfattar: Anne Holt
  • Sjanger: Krim
  • Antall sider: 410
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Gyldendal

Anne Holt (Født 1958) er norsk forfattar, advokat og tidlegare politiker. Ho debuterte som forfattar med krimromanen «Blind gudinne» i 1993. Dette var fyrste bok om politibetjenten Hanne Wilhelmsen. Sidan har ho utgitt ei imponerende mengde bøker, med hovedtyngde på kriminalromaner, med forskjellige hovedkarakterer. «Det ellevte manus» kom ut i 2021.

Hanne Wilhelmsen er tilbake! En pandemi har slått inn over verden. Hanne Wilhelmsen, for lengst pensjonert fra politiet, har levd i indre eksil i leiligheten sin i en årrekke. Da Norge stenges ned, opplever hun endelig å ta den folketomme byen sin tilbake. Politibetjent Henrik Holme sliter samtidig med et drap ingen synes å bry seg nevneverdig med. En kvinne er funnet naken i bagasjerommet på en tilfeldig bil. Kroppen er intakt, bortsett fra at ansiktet er knust. Ingen har meldt henne savnet. Ingen vet hvem hun er. Han må ty til sin gamle mentor Hanne Wilhelmsen for hjelp. På Norges største forlagshus har den unge redaktøren Ebba Braut bare vært fire dager i ny jobb da pandemien rammer for fullt. Fra et trangt hjemmekontor blir hun satt til å jakte på et svært verdifullt, forsvunnet manus fra en av forlagets bestselgende forfattere. Hun må også tvinge seg på Hanne Wilhelmsen, som nettopp har levert sin første kriminalroman uten å være videre interessert i å bli redigert. Det ellevte manus er en historie om familiehemmeligheter og bedrag, om identitetstyveri og svindel, om forfattere og bokbransje, og om hvordan virkelighetslitteratur kan være livsfarlig. Bokstavelig talt.

Dette er ein kriminalroman utan action og groteske skildringer.

Hanne Wilhelmsen er tilbake etter nokre års pause. Dette er nok ei bok som mange har ventet lenge på, sidan denne karakteren har vert flittig brukt av Holt sidan bokdebuten i 1993.

Handlinga starter 13 mars i 2020 der Noreg er blitt stengt ned grunna pandemien. Eit lik vert funnet i bagasjerommet på ein bil, og politibetjent Henrik Holme kontakter Hanne Wilhelmsen for å forsøke å finne ut identiteten til kvinna. Men ho er meir opptatt av å hjelpe den unge redaktøren Ebba Braut med å løyse mysteriet om eit forsvunnet manus frå ein bestselgende forfattar, til Holme’s store irritasjon og skuffelse.

Me fylgjer fleire historier parallelt, og på denne måten er det fleire karakterer som får stor plass i romanen. Karakterregisteret til Holt er eminent. Ho klarer å få dei levende og realistiske med sine feil og mangler. Nokre er egosentriske og lever etter eigne regler, medan andre er tvers gjennom sympatiske og har stor empati for andre. Forfattar har til og med klart å få meg som leser til å ha sympati for eit lik som eg ikkje ante kven var. Imponerende.

Holt speler på pandemien, der ho bruker alle typer verkemiddel. Ein kan lese om kor tøft det er å bli meir eller mindre isolert i eigen heim, utan moglegheit til å møte vener og mangel på det sosiale livet. Men forfattar har også vinkla det til det positive for andre. Personer som normalt ikkje våger seg ut, kan nå gå rundt i folketomme gater på kveld og nattestid. Roen som senker seg over byen er blitt eit pusterom for enkelte. Folk som er redde for bakterier og sjukdommer, finner håndsprit og munnbind-påbud som ein velsignelse. Kontrastene er med andre ord store.

Krimromanen består ikkje berre av krimelement. Bokbransjen er også eit tema, og forfatter har nok storkost seg med dette temaet, og kjem med nokre spark her og der. Me får eit lite innblikk i kva rolle ein redaktør har i forbindelse med ein bokutgivelse. Redaktørene er dei som får eit takk i etterordet, men som ellers vert stående i bakgrunnen og er anonyme. Likevel har dei ei stor rolle når manuset skal gjennomgåes og redigering skal gjerast. Holt gir oss eit glimt av samhandling mellom redaktør og forfattar. Det er langt frå eit glansbilete ho gjev oss, men som kanskje ikkje er så langt frå sanninga likevel?

Som redaktør er du mamma, norsklærer og psykolog. Du er hoggestabbe. En menneskelig søppelbøtte. Du får telefoner midt på natten. SMS-er fulle av edder og galle når du har ferie. Du møter trusler om forlagsbytte så snart noe butter imot. Og dårlige anmeldelser?
Nå slo hun ut med armene og så mot himmelen, der en og annen godværssky var begynt å skygge for sola.
– Herregud, mumlet hun. – Da er hundre og ett ute.

Den aller største styrken i boka for min del vart dei parallelle historiene. Holt har sjølvsagt lagt inn gode cliffhangere ved kapittelslutt, og dermed må ein lese videre og videre og videre.. Alle historiene er spennende i seg sjølv, men det store spørsmålet er hvorvidt så forskjellige historier har ein felles slutt, eller om det er fleire fortellinger i boka.

Er det noko eg skal pirke på i denne krimromanen, så må det være bruken av enkelte «tunge» ord. Forfatter kunne forenklet ord som ein ikkje bruker i det daglige språket. Eit døme på eit ord er f.eks servilitet.

Miljøskildringene er strålende utført. Forfatter klarer å male eit realistisk bilete av omgivelsene, og for meg som leser er det berre å tråkke rett inn i bilete og være flue på veggen når dei fantastiske dialogene mellom personene pågår.

Våren lot ennå vente på seg i Norges hovedstad. Om natten la kuldegradene fortsatt sine sprø glasshinner over pytter og flak av vått løv fra i fjor. Først i åttetiden hver morgen krøp gradestokken over null. Den orket som regel ikke å jobbe seg lenger opp enn til sju-åtte røde, før den tidlig hver ettermiddag på nytt sank mot frosten som kom like over midnatt.

Drivet i boka er av topp topp klasse. Eg har sjeldan lest ei krimbok som er blotta for actionscener, men som likevel har dette fantastiske drivet og spenningen rundt plottet. Og nettopp plottet er kløktig utført. Her må ein bruke dei små grå, for det ligg heile tida hint i teksten som fører ein eit steg nærare sanninga. Men i og med at det er fleire historier så vert det vanskeleg å sjå kva utfallet vert. Eg kan hvertfall innrømme at eg ikkje såg for meg utfallet, sjølv om eg meinte eg hadde fasiten der ei stund.

«Det ellevte manus» er nok ein bekreftelse på at Anne Holt høyrer til i toppsjiktet i krimsjangeren. Med sine observasjoner, realistiske og gode dialoger og karakterer, eit fantastisk plott og skildringer av ein pandemisk tidsperiode, er dette ei bok som meir eller mindre er komplett. Kan anbefales på det varmeste.

TERNINGKAST: 6

Legg igjen en kommentar