På haiketur gjennom Europa av Jostein Vågenes

Ei spennende barnebok om den skadde stareungen Sindre, og hans ferd gjennom Europa.

  • Norsk tittel: På haiketur gjennom Europa
  • Forfattar: Jostein Vågenes
  • Sjanger: Barn
  • Antall sider: 118
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: CreaNor

Jostein Vågenes gav ut barneboka «På haiketur gjennom Europa» i 2021.

Stareungen Sindre vert født i Båtvika langt ute på vestlandskysten. Rett før familien skal flyge til Sør-Europa for å overvintre, vert eine vengja hardt skadd. Korleis skal det gå no? Sindre vil sjølv bu i Båtvika om vinteren, men får ikkje lov. Etter eit familieråd vert det avgjort at han skal haike med ein av dei store grøne lastebilane som dagleg køyrer laks og aure frå staden. Men korleis vite kva bil som skal rette vegen? Og så langt sørover at Sindre kjem trygt fram? Får han nokon gang treffa att familien sin? Og er det mogleg å overleve ein slik tur? Sindre får ei slitsam reise, med dramatiske opplevingar.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «På haiketur gjennom Europa».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ei barnebok som enkelte nettbutikker har lagt inn under 9-12 års alderen. Eg meiner at den passar best for born mellom 6-10 år.

Boka er skrevet på nynorsk, men forfattar har unngått vanskelege ord. På denne måten vert den leservennlig også for dei som ikkje bruker nynorsk i det daglige språket.

Me møter stareungen Sindre. Han er eventyrlysten og liker å bruke dagane på å leike med sine nye vener. For vener får han overalt. Men ein dag vert han angrepet av ei kråke, og den eine vinga vert skada. Så skada at han ikkje kan fly sørover med familien. Då er det godt å ha dei kloke hovuda til bestemor og bestefar, som klekker ut ein plan for å få Sindre sørover utan at han treng å fly. Men sjølv gode planer kan gå galt, og Sindre vert kasta ut i den eine skremmende opplevelsen etter den andre.

På vegen heim skjer katastrofen: Ei kråke angrip Sindre inne i skogen. Det kraftige nebbet tek tak i eine vengja. Sindre er sikker på at han skal døy. Han fell i bakken, medan kråka gjer seg klar til eit nytt angrep. Sindre karrar seg bort under ei lita busk. Den skadde vengja slepar han etter seg.

Forfattar skriv fakta når det gjeld starefamilien. At dei f.eks lager seg rede i hulrom, at dei trekk sørover og at dei er flinke til å herme etter lyder. Dette bruker han i historia, og dermed får lesar også ei lærerik leseropplevelse.

I starten av boka var det nokre ord som forfattar nok kunne ha forklart kva betyr, med tanke på målgruppa. Då tenker eg på ord som «brønnbåt», «notposar» og «kjølstripa». Enkelte vil nok stoppe opp forteljinga å lure på kva desse orda tyder.

Boka er lagt opp slik at det er veldig korte kapitler og korte setninger. Kapitlene er på to til tre sider, og gjer den særs lesevennlig for born, men óg for vaksne som les for borna. I ein travel kvardag er det kanskje ikkje alltid tid til å ha lange lesestund for borna, og då er slike bøker ekstra kjekke. Med korte kapitler vert den også overkommelig for born sjølv å lese. Dei vil føle ein mestringsfølelse av å lese eit kapittel eller to i løpet av lesestunda. Så her skal Vågenes ha ros for oppsettet i boka. Kapitteloverskriftene er forklarende, og fortel kva som vil skje i løpet av kapittelet, men samtidig avsløres ikkje alt. Eg må óg legge til at språkvasken er tipp topp.

Temaet i boka er fugler. Enkelte mennesker er det, og særskilt to stykker skal spele ein viktig rolle. Men fyrst og fremst handlar det om fugler. Her er det venskap og samhald på tvers av fugleraser. Samtidig er det også ein kamp på liv og død, og farer truer overalt. Forfattar har vert dyktig til å vise dei farene som ein fugl vert utsatt for, og skaper eit virkelighetsnært bilete av ein fugl.

Historia slutter med ein del spørsmålstegn, men forfattar har med eit «tillegg», der me får alle svar. Her er eg litt usikker på kvifor forfattar ikkje berre smelta dette saman slik at me fekk ein flytande og ferdig forteljing utan dette tillegget, eller del 2 som eg vil kalle det.

Det er både realistisk og ein fantasiverden me får servert. Her kan fugler snakke, kommunisere med mennesker og ha eit samarbeid som er beundringsverdig. Ein episode kan vere litt skummel, der ein mann vert truet med kniv til strupen. Her kunne kanskje forfattar ha brukt eit anna alternativ målgruppa tatt i betraktning.

Brått vert himmelen mørk, som om dag vert til natt. Kapteinen skjønar ingen ting, vérmeldingane er jo gode. Hundrevis av fuglar dalar ned på det grøne biltaket. Like etterpå lettar dei, då er taket kvitt! Kapteinen har verken høyrt om, eller sett noko liknande. Han trur ikkje det han ser.

På ferda sørover får me servert spenning, vennskap og ein fin humor som vil få born til å leve seg inn i historia. Det som kanskje er like viktig som ein god historie, er at denne boka kan får born (og vaksne) meir interessert i fugler. Dei vil etter denne historia skjønne viktigheten med å setja ut mat til fugler vinterstid, og saman kan ein f.eks skape historier rundt fuglene som besøker «serveringsstedet».

Historia inneheld mange småhistorier. Kvart kapittel har ei ny historie å fortelje, og her har Vågenes vert dyktig til å binde saman historiene og enkelte scener til ein heilhet.
Omslagsbilete på boka undra eg meg over når eg fekk den i øyesyn. Men etter å ha lest den ferdig, er dette eit godt bilete på den forteljinga forfattar formidler.

«På haiketur gjennom Europa» byr på mange spennende øyeblikk. Den er lærerik og har eit enkelt og godt språk som passar målgruppa strålende. Boka kan også vere med på å auke interessen for fugler utenfor eiga stovevindu. Eg håper mange får opp augene for stareungen Sindre og hans eventyrlige reise gjennom Europa.

TERNINGKAST: 4+

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s