Fugletrekk av Renato Bartolomei

Ein roman som inneheld bisarre skildringer, og som skiller seg ut i bokjungelen.

  • Norsk tittel: Fugletrekk
  • Forfattar: Renato Bartolomei
  • Sjanger: Roman
  • Antall sider: 259
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Boken Forlag

Renato Bartolomei bur i Arendal. Han har tidlegare utgitt dikt på Cappelens Signaler, og debuterte i 2018 som romanforfattar med boka «Speilboken» gjennom Gaveca Forlag. I 2020 gav han ut romanen «Etter Gud».

Døme og vennene hans er i femtiårskrisen. Når konene deres kommer i overgangsalderen får de et skrekkelig fuglesyndrom. Døme går til psykolog og i støttegruppe for menn med koner som blir monstre. … Han husker den første tiden. Døtrene spurte hva som luktet slik på badet. – Det er mor sa han, – hun har fått Overgangen. …

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Fugletrekk».

Dette er ein roman som verkeleg skiller seg ut frå resten, og er ikkje for sarte sjeler.

I boka veksles det mellom to verdener, UT og INN. UT er den verden me kjenner til, med himmel og jord og det som er. INN har ingen utside, og befinn seg på innsida av verda. INN er meir eller mindre eit psykiatrisk sjukehus, og riket har ingen inngang eller utgang. Her er pasientene med i eit forskingsprosjekt, og dei har ein kollektiv psykose om at UT finnes. Men dei som passer på er så truende at einaste måten å unnslippe på er å flykte. Flykte mot ein utgang som ikkje finnes..

Hovedpersonen i romanen er fyrst og fremst Døme Sorri. Døme er ein mann i 50-åra, som bur i ein by utanfor hovudstaden i UT. Han er ein heilt vanleg mann med ein nær omgangskrets. Dei møtes på pub og i støttegrupper. Deres største problem er at konene har havnet i overgangsalderen, og dei har fått fuglesyken. Eller som forfatter så fint skriver det; «overgangsalder med syndrom». Og her byrjer det å bli så sært og bisarre scener oppstår. For kvinnene vert etterkvart til fugler, altså kjempestore illeluktende fugler. I INN er Oto Baar jeg-personen. Ein fyr som saman med andre prøver å komme seg unna tyranniet i denne syke underjordiske verdenen.

«Jeg har aldri fått et så stort sjokk, han la hånden på hjertet, – som den dagen jeg så kona naken. Jeg mener, jeg hadde jo vært som en vorte på den kroppen i 20 år, alltid syntes den var for bra for en feier som meg, men så ble det til at vi gjorde det i mørket i mange år, og så fikk jeg se henne en gang i morgenlyset, når hun skulle tre på seg den sekken hun begynte å gå i etter fallet (Støttegruppen kaller klimateriet for fallet), vet dere, jeg trodde jeg hadde fått feil dame inn på soverommet, det er det mest forferdelige jeg hadde sett, og jeg har vært krigsfotograf.«

Jan Ståle Jern, lederen i Støttegruppen.

Her er støttegrupper og psykologer inni biletet, men det er fyrst og fremst støtten frå kameratgjengen som holder dei oppe. Dei sit saman og snakker drit, lyg og skrøner. Men det er noko vakkert med samhaldet dei imellom. Dei støtter seg på kvarandre, og saman prøver dei å finne ut kva dei skal gjere med konene som etterkvart vert stinkende fugleindivid. Sjølv om dei ikkje er til å kjenne igjen, og snakking er bytta ut med kakling, så er det fortsatt konene deira. Mennesket som dei har delt livet sitt med.
Karakterene til Bartolomei er varierte, men dei fleste er skadede individ. Tankemønsteret til enkelte er så spesielle at dei burde ikkje gått ute blant folk. Men dette er forfatters måte å uttrykke seg på. Sette ting på spissen, provosere, og ikkje minst skille seg ut frå resten. Og det klarer han med god margin.

Skildringene er tidvis så bisarre at eg egentlig går tom for ord. Det må nesten berre oppleves ved å lese boka. Humoren er bekmørk, men samtidig er den hysterisk. For desse menna i UT byrjer å bli seksuelt frustrerte når dei opplever at konene transformeres til fuglar. Nokre av dei fortset den seksuelle aktiviteten, sjølv om kona er ein fugl, medan andre går etter yngre kvinner som enda ikkje har fått Overgangen. Med andre ord så er det duket for nokre særs spesielle og vulgære scener, som byr på nokre uslettelige inntrykk.

Ikke snakk om at hun mislikte det heller, nei da, hun kakla som var det det beste hun hadde kjent, og du blir glad i en viv når hun er glad for staken til herren i sitt liv.

Deler av historien er fengende, og ein lar seg rive med i dette bisarre universet til forfatter. Men periodevis falt eg litt av lasset. Det foregår såpass masse i dei forskjellige verdenene at ein må vere konsentrert medan ein les. Her må eg nok ta sjølvkritikk, for eg er overbevist om at forfattar har stålkontroll på handlinga og tankene bak historia.

Eg likte måten forfatter klarer å mane frem dei forskjellige luktene, dei ille tilrede fuglekroppene, og det klaustrofobiske universet i INN. Sjølv om historia byr på merkverdige skildringer, så ligg det også alvor bak. Me møter ein gjeng som byrjer å tynges av alderen, og dei prøver å gjere ting for å føle seg yngre. Femtiårskrisen vert eit tema, om enn på eit litt anna vis enn det ein kanskje har lest om før.

Han ser en gammel mann speile seg i glasset til en rørleggerbutikk, tenker, huff, alderdommen, stakkars gamle skinn! Han er nesten forbi – når det går opp for ham: Den gamle mannen er han selv.

Boka inneheld ein del banning og obskøne skildringer, som gjer at den ikkje er for sarte sjeler. Men språket er veldig bra og Bartolomei viser stor skrivekunst med denne boka. Han veksler mellom lange og korte setninger, og har klart å skape engasjerende og interessante dialoger.

Skal du lese ei bok dette året, som er annerledes, sær og spesiell? Då foreslår eg at du leser denne. Det skal mykje til for å overgå denne historia. Det som gjer den ekstra interessant, er at ein ikkje veit kva slutt ein får. Vil det gå bra, eller velger han å lage ein bisarr tvist? Ingenting er gitt, og gjer at ein berre må lese ei side til. På ein litt forskrudd måte, var det ein fengende historie.

Eg liker at forfatter går eigne veger, og skaper nok eit univers og historie som er ulikt alt annet. Det står det stor respekt av. Eg håper det kjem mange fleire bøker frå Bartolomei, og at han fortsetter å tørre å skrive slike særegne historier. Bok-Noreg treng slike forfattere.

«Fugletrekk» er ei bok eg kjem til å huske i lang tid for sitt innhald. Dette er ein bisarr roman som vil setja sine spor, og som har ein fengende historie. Den vil garantert gi ein unik leseopplevelse, og eg bøyer meg i støvet for Renato Bartolomei som tør å gå mot straumen.

TERNINGKAST: 4

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s