Av mitt blod av Ruth Lillegraven

Denne psykologiske thrilleren er bok nr. 2 i serien om Clara Lofthus.

  • Norsk tittel: Av mitt blod
  • Forfattar: Ruth Lillegraven
  • Sjanger: Thriller, Krim
  • Antall sider: 334
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Kagge Forlag

Ruth Lillegraven (Født 1978) kjem frå Granvin i Hardanger, og bur nå i Bærum. Ho debuterte som forfattar med diktsamlinga «Store stygge dikt» i 2005. Ho har sidan den gong utgitt fleire diktsamlingar, barnebøker og bøker for vaksne. Ho har óg vunnet ei rekkje priser, blant anna Brageprisen og Nynorsk litteraturpris. Thrilleren «Av mitt blod» kom ut i 2021.

Clara Lofthus utnevnes til Norges nye justisminister, kort tid etter at mannen Haavard er død. Trusselnivået mot henne er skyhøyt, men hun nekter ekstra vakthold.
En måned etter utnevnelsen kommer Clara hjem til tomt hus. Tvillingsønnene er sporløst forsvunnet, men hun finner et brev. Beskjeden er klar: Dersom hun forteller noen at guttene er savnet, vil de bli drept. Den vanligvis så uovervinnelige Clara står overfor sin største utfordring noensinne. Vil hun finne sønnene før tiden renner ut?

Dette er ein psykologisk thriller med krimelement og er oppfølgeren til «Alt er mitt» frå 2018. Denne boka kan leses frittstående, men det anbefales å lese dei kronologisk.

Viss du ikkje har lest den fyrste boka i serien om Clara Lofthus, så vert det ein del spørsmålstegn undervegs, men samtidig så har forfattar på strålende vis inkludert små oppdateringer her og der i teksten, som gjer at ein får eit samla bilete av kva som har skjedd, og dermed får ein sjølvsagt langt meir utbytte av boka.

Kvart kapittel handlar om ein person, og eg skrevet i jeg-format. På denne måten kan ein lese frå fleire sider av samme sak. Det er ikkje alltid det er like vellykka, men Lillegraven har absolutt truffet blink med denne skrivemåten. Ein anna ting som eg likte veldig godt, er at det veksler mellom nynorsk og bokmål, alt etter kven me fylgjer. Strålende verkemiddel som skaper kontrast til personene.

Persongalleriet er utsøkt. Det er stor variasjon på personene, både i væremåte og i alder. Eg synes forfattar klarer å skape eit nødvendig skille mellom barnas tanker og væremåte, og dei vaksne, og ein får dermed eit sømløst og godt språk boka gjennom.

Jeg likte for eksempel at pappa alltid var den samme, at jeg ikke måtte lure på hva slags humør han var i. Pappa var alltid glad og lett, som en fin sommerdag. Mamma prøver å være sommer, men er vinter.
Jeg likte at han forklarte matteleksa på en måte jeg skjønte, og som Nikolai skjønte, som fikk han til å gjøre matte uten å gråte.

Psykologisk thriller er ein vanskeleg sjanger å skrive i. Eg synes drivet er bra, det ligg heile tida eit alvor over handlinga, og ein slites mellom potensielle gjerningspersoner. Den sitrende spenninga og dei grøssende situasjonene der nakkehåra reiser seg, følte eg uteblei her. Men det er likevel ein jevn spenning boka gjennom, og det er stadige vendinger og overraskelsesmoment, som eg ikkje såg komme.

Historia inneheld familiehemmeligheter, manipulering, løgn og bedrag, intriger, hevn og eit menneskesinn som kan spele alle eit puss. Her har forfattar gjort ein kjempejobb med å snekre saman eit godt plott som held på spenninga.

Eg trur at enkelte som jobber i PST vil riste oppgitt på hovudet av enkelte situasjoner og hendinger i romanen. Noko følte eg vart urealistisk, men samtidig så er det kanskje nødvendig for å sette den rette stemninga i boka.

Eg likte dei storslåtte naturskildringene frå Vestlandet. Kontrastene til bylivet i Oslo og den åpne naturen med fjell og daler på Vestlandet, er enorme, og er skrevet på ein fantastisk måte. Sjeldan har eg lest ei bok med så naturlege og realistiske skildringer av omgivelser, som i denne boka.

Underleg nok likar eg å køyra strekka frå sentrum og utover langs fjorden. Den smale, svingete vegen med bratte berget på venstre hand. Om sommeren og hausten kjem det iblant stein ramlande ned, vintersdagen gjerne isblokker. På høgre hand er fjorden, bratt ned. Landskapet som opnar seg, ein kan sjå vidt utover. Fjell, fjord, himmel. På denne tida av året får flammande oransje lauvtre liene til å gløde som eld. Det kom ei rekordtidleg frostnatt i år, dermed kom haustfargane også.

Kapitlene er relativt korte, og med stadige cliffhangere, så vart den vanskeleg å legga frå seg. Språket er veldig bra, og ein gløymer fort at ein les på både nynorsk og bokmål. Det fell seg enkelt og greit naturleg.

«Av mitt blod» er ein thriller på høgt nivå. Språket er lekende og flyt lett med konkrete setninger og dialoger. Med sine mange tvister og overraskelsesmoment, vert dette verkeleg ei sidevender av dimensjoner. Strålende utført arbeid frå Ruth Lillegraven.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s