Tidsfikserne og Grunnloven av Frode Eie Larsen & Jenny Lindqvist

Ein ny strålende bokserie for born i aldersgruppa 6-10 år.

  • Norsk tittel: Tidsfikserne og Grunnloven
  • Forfattar: Frode Eie Larsen & Jenny Lindqvist
  • Sjanger: Barn
  • Antall sider: 83
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Zeppelin Forlag

Frode Eie Larsen (Født 1973) er utdanna diplommarkedsfører frå NMH. Han debuterte med krimboka «Hemmeligheten» i 2011. Etter dette har det fylgt på med ei rekkje utgivelsar. Serien om politietterforskar Eddi Stubb har hausta gode kritikker. I 2019 debuterte han, sammen med programleder og tidlegare toppsyklist Dag Otto Lauritzen, som barnebokforfatter med boka «Tåkedis». Også her har det blitt fleire utgivelsar. Denne serien er kalla «Mot og mysterier» og er fyrst og fremst berekna for barn og unge i aldersgruppa 8-13 år. I 2021 gav han ut fyrste bok i ein ny serie for born, nemleg «Tidsfikserne og grunnloven».
Jenny Lindqvist er ein svensk illustratør, kan sykle på enhjuling, og har illustrert i boka om Tidsfikserne.

Om de ikke får ryddet opp i rotet til tidstyven, endres historien…
17. mai 1814 ble Norges Grunnlov undertegnet på Eidsvoll, men nå prøver Tidstyven å ødelegge alt sammen. Tidsfikserne Sigurd og Anne reiser tilbake i tid for å ordne opp, men klarer de å finne ut av ting, før det er for sent?
Norges fremtid som en selvstendig nasjon står på spill!

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar/forlag. Eg er på ingen måten påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Tidsfikserne og Grunnloven».

Dette er fyrste bok i ein serie om Tidsfikserne. Serien er fyrst og fremst retta mot born i aldersgruppa 6-10 år, og inneheld historiske fakta, så vel som ein spanande historie.

Dei to unge Tidsfikserne, Anna og Sigurd, er begge 11 år gamle. Dei vert kort introdusert før historia startar. Dette er alltid eit godt tiltak, då borna vert litt betre kjent med personane før ein set i gong med sjølve historia.

Jeg-personen i boka er Sigurd. Han stiller også spørsmål retta til lesaren. Eit meget vellykka verkemiddel, som drar borna med inn i handlinga, og engasjerer dei til å fylgje ekstra med. Ellers er det eit godt trekk å ha med ein gut og ei jente som hovedkarakterer, då lesarar frå begge kjønn kan assosiere seg med ein av dei, og setja seg inn i deira ståsted i historia.

Grunnloven kan i utgongspunktet vere vanskeleg å forklara for born, men eg synes Eie Larsen har klart dette på ein forbausende god måte. Vanskelege ord vert forklart i teksten, ved at Sigurd «tar kontakt», og snakkar direkte til lesaren. Likevel må ein nok belage seg på å forklare ord og uttrykk for borna undervegs. Nokre ting vil sikkert gå over hovudet på dei.

Eg skulle kanskje ynskja å fått vite meir om korleis dei to hovedpersonene vart Tidsfiksere, og kva dei måtte gjere for å få denne jobben. Men kanskje det kjem fleire hint om dette i seinere bøker?

Dei to Tidsfikserne må reise attende til 1814 for å forhindre at tidstyven roter det til i Riksforsamlingen, og gjer slik at Noreg ikkje vert ein sjølvstendig nasjon. Christian Magnus Falsen speler ein viktig rolle i boka. For dei som kjenner til historia rundt det som skjedde i 1814, vert han rekna som «Grunnlovens far». Og sannelig møter me på ein ung Henrik Wergeland også, som prøver å hjelpe til etter beste evne. Eg synes det er artig at Eie Larsen bygger denne serien på pedagogisk læring, og han gjer det på ein fantastisk måte. Til stor glede for born og vaksne.

Skikkelsen blir etterhvert til en gutt. En liten gutt, sikkert ikke mer enn seks år eller deromkring. Han stopper og ser på oss med store, kulerunde øyne. Så er det som om han tar sats, og skal til å forsvinne inn i mørket igjen.

Det er korte kapitler, som gjer at born lett kan lese på eiga hand, eller det kan vere ei hyggeleg lesestund for born og vaksne i ein ellers så hektisk og travel kvardag. Eie Larsen har lagt inn litt spenning, action og humor, som er godt balansert, og me møter på fleire historiske kjente personer og stadar frå 1814. Det er ei lærerik lesestund borna har i vente, og kanskje me voksne lærar noko undervegs også? Eg gjorde hvertfall det.

Jenny Lindqvist har gjort ein strålende jobb med illustrasjonane. Dei er fargerike og uttrykksfulle, og dei finnes nesten på kvar einaste side i boka. Små detaljar lyser opp sida, som f.eks når Sigurd tråkker i ei kuruke, og ein ser teikninga av Anne som skrattler med auga igjen og munnen vidåpen. Veldig godt utført arbeid av Lindqvist, som viser at ho meistrar denne jobben til fulle.

En ting er å tråkke i en kuruke – det er kjipt nok, mener jeg – men det blir ikke bedre av at Anne gapskratter. Hadde du ledd av noen som tråkket i kumøkk kanskje?
Hadde du?
Ja, ja..
Litt festlig var det kanskje, bare ikke for meg.

I slutten av boka er det ein quiz med 10 spørsmål om Grunnloven, og det som skjedde i 1814. Svarene finner ein i teksten i boka, og kan åleine vere grunn nok til å lese den fleire gongar. Eg føler at gjennomføringa av boka sitter som eit skudd, og viser at den er nøye gjennomtenkt. Rett og slett strålende utført arbeid. Det er berre å glede seg til neste utgivelse i serien. Neste bok handlar om månelandingen, og er planlagt utgitt November 2021.

«Tidsfikserne og Grunnloven» er ei bok med historisk korrekte faktaopplysningar, baka inn i eit pedagogisk spanande spindelvev, der ein møter på kjente personer og steder, og der borna kan bli superhelter. Det er modig gjort å starte ein ny serie med eit så innfløkt tema som Grunnloven. Men wow, som det fungerer. Denne kan varmt anbefalest til alle born i alderen 6-10 år.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s