De Store Små – Superhelt av Silje Eckermann & Anja Storvand

Ei flott barnebok der fire born oppdag at dei har superkrefter, og prøver å hjelpe andre som treng assistanse. Dette er fyrste bok i ein serie.

  • Norsk tittel: De Store Små – Superhelt
  • Forfattar: Silje Eckermann & Anja Storvand
  • Sjanger: Born
  • Antall sider: 63
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Little Big Publisher

Silje Eckermann (Født 1984) er utdanna nyfødtsjukepleier, og har jobba på Nyfødtintensiv i 15 år. Ho debuterte som forfattar med barneboka «De store små» i 2021.
Anja Storvand (Født 1971) er illustratør og animatør, og har laga ei rekke dataspel for born. Ho jobber per idag hovedsaklig som illustratør.

Ane har alltid trodd at hun har vært en helt vanlig jente. Men denne lørdagen oppdager hun noe som gjør henne ganske uvanlig. Hun har nemlig superkrefter, og det har lillesøsteren, kusinen og fetteren hennes også. Sammen bestemmer de seg for å bli superhelter og danner superhelt-gruppen De Store Små. I denne boken hjelper de tvillingene Trine og Trude. De er slemme mot barn som er mindre enn seg. Men De Store Små oppdager at ingen barn egentlig er slemme, de har det bare vanskelig.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forlaget Little Big Publisher. Eg er på ingen måten påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «De Store Små – Superhelt».

Dette er fyrste bok i ein serie om superhelt-gruppa De Store Små. Boka passar born i alderen rundt 6-10 år.

Me møter Ane. Ho er ei jente som må gå forbi huset til dei skumle og slemme tvillingjentene i gata, for å komme til sine bestevenner. Når ho blir oppdaga, så erter og slår dei ho. Ane får ein stor klump i magen, vert kvalm, og får vondt i hovudet berre ho tenker på det. Kor mange born rundt om har det på denne måten? Det er nok dessverre ikkje få. Forfattar brukar med andre ord eit viktig tema som utgongspunkt for denne boka.

Om ikke så lenge skal hun fortelle dem at det ikke er lov å erte eller slå. Men først må hun bli kjempestor eller få superkrefter.
Å bli kjempestor tar som regel lang tid når man fremdeles er et barn. Og superkrefter er bare for barn i filmer og bøker.

Det viser seg at Ane plutselig ein dag oppdagar at ho har superkrefter. Ho må redda litlesyster si frå å falle ned trappa, og dermed flyr ho opp og tar i mot henne. Ho vert sjølv veldig overraska over dette, og prøver fleire gonger, men det skjer ingenting. Ho besøker sine bestevenner, og dei fortel at dei også har superkrefter. Litlesystera går heile tida rundt og seier at ho er sterk, men ingen høyrer etter. Heilt til ho ein dag beviser det… Dei bestem seg for å starte ein superhelt-klubb, og skal bruke kreftene sine på å hjelpe andre som treng det.

Historia er enkel, men samtidig veldig fin. Born som samarbeider for å hjelpe andre born som treng det, er ein viktig ting å skrive om. Eg trur mange som les denne boka, vil kunne bruke meir empati overfor andre etter dette. Historien er lagt ned på eit nivå som små born vil forstå, men samtidig finne spanande. Det er ein god tanke bak boka, og Eckermann har skrevet ein særs viktig setning som burde vert rammet inn i glas og ramme; Nemlig at ingen born er slemme.

For sannheten er at ingen barn egentlig er slemme. Noen har det bare vanskelig(…)

Skulle kanskje ynskja at enkelte av dei involverte vart sjokkert eller veldig overraska over at f.eks ei jente kunne fly, for å vise enda betre at superkrefter er noko heilt spesielt. Samtidig er det jo litt småmorsomt å lese reaksjonen når dette skjer, og det skaper eit artig bilete og vedkommende kjem med morosam kommentar. Uansett er dette ei bok som vil falle i god smak blant borna. Superkrefter er alltid spanande, og dei fleste unge drøymer om å ha dette. I tillegg inneheld boka eit viktig bodskap, som det kan diskuteres rundt.

Illustrasjonene er enkle i all sin prakt, men likevel virkningsfulle. Nokre er svart/kvit teikningar, andre har lette fargar. Eg synes at Storvand har gjort ein veldig fin jobb med å formidle innholdet i teksten til bilete som borna kan ta innover seg. Den 3 år gamle litlesystera har ein smokk i munnen på enkelte teikningar. Her skulle eg gjerne ha sett at det vart beholdt på alle, for å fremheve at ho faktisk er så ung. Det ville også skapt eit litt artig bilete av ei jente med smokk i munnen som kunne løfte ein trampoline med ein arm.

Med fire forskjellige superkrefter, der samarbeid er nøkkelen, har forfattar lagt til rette for mange interessante og spanande historier med denne gjengen. Når det i tillegg er bodskap med i historien, som til og med dei yngste kan forstå seg på, er dette også pedagogisk læring på ein måte som ikkje føles påtvunget.

Det er ein fin layout på boka. Heilt foran er det teikningar av alle dei involverte personene. Historien er passelig lang, og det er bilete på minst annenkvar side, som igjen gjer at det er overkommelig for dei yngste å lese sjølv.

«De Store Små» var eit kjekt bekjentskap. Dette er ei bok som kjem til å skape stor leseglede blant born. Eg gleder meg til fortsettelsen. Ei bok eg oppfordrar alle småbornsforeldre til å sjekke ut.

TERNINGKAST: 4+

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s