Bak hver en dør av Kristin Dons-Wallebek

Ting byrjar å hende i heimesjukepleien «Sone Bølgen» i Larvik. Det vert ein kamp på liv og død, med løgner, intriger og bedrag som bakteppe i denne thrilleren.

  • Norsk tittel: Bak hver en dør
  • Forfattar: Kristin Dons-Wallebek
  • Sjanger: Thriller, krimroman
  • Antall sider: 443
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Owal Forlag

Kristin Dons-Wallebek (Født 1953) bur i Larvik. Ho er utdanna innan økonomi og reiseliv, sidan utdanna ho seg til sjukepleiar. No er ho sjøvstendig næringsdrivande og har etablert Owal Forlag. Boka «Bak hver en dør» som kom ut i 2020, er hennes debutbok.

Stian er nyutdanna sjukepleiar, som startar opp i heimesjukepleien i Larvik. Han har ei fortid som han prøver å holde skjult, men ting er i ferd med å innhente han. Beate, sjefen hans, sliter med vanskelege ansatte og eit stort arbeidspress. Ting skal snart utarte seg, og med det fylgjer eit livsfarleg drama med intriger av svik og begjær. Fleire brukere skal ha hatt besøk av uvedkommende på kveld og nattestid, utan at det er spor etter innbrudd. Ein morgon vert ein person funnet død i Farriselva. Vedkommende har gjenstander som knyttes mot heimesjukepleien. Beate ser ingen anna utveg enn å henta inn ein privatetterforskar til «Sone Bølgen», som er navnet på heimesjukepleien på Langestrand. Men klarar Louise Bøkker å løysa alle spørsmåla Beate sitter inne med før det er for seint?

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Bak hver en dør».

Denne boka er oppført som ein thriller. Eg skjønte ikkje heilt kvifor den er oppført i denne sjangeren til å byrja med. Men etterkvart som historia utspant seg, kan det forsvares.

Boka startar som ein heilt vanleg roman, der ingenting spesielt hender av mystiske eller spennande hendingar. Eg syntes starten på boka var litt krevjande, for det er mange navn og personer som blir omtalt, så her må ein vere konsentrert medan ein les.

Eg synes forfattar sitt språk veks utover i boka. I starten var det ein del overflødige opplysningar, og ting vart nevnt fleire gongar utan at det strengt tatt var nødvendig. Det var også nokre påklistra dialogar som ikkje føltes ekte. Men dette kjem seg betraktelig utover i boka, og etterkvart vart historia både spennande og interessant. Heimesjukepleien er det ikkje skrevet så mange bøker rundt, så det var eit spennande møte med eit nytt miljø.

Som nevnt startar språket litt ujevnt, men tar seg opp etterkvart som historia skrider frem. Og utover så er dette språket som eit mjukt smør ein drar utover ei varm grovbrødskive. Det flyt så elegant og naturleg at det er ein fryd å lese. Med sine korte kapitler (115 i tallet) i tillegg vart denne boka vanskeleg å legga frå seg til slutt.

Utover i boka byrjar da å skje ting som får hjernecellene til å jobba litt ekstra. Kva, kven og kvifor-spørsmål dukker stadig opp, sjølv om det ligg litt føringar undervegs til at det ikkje vart nokon store overraskelser på slutten for min del. Men plottet er godt og utspekulert.

«Han lyttet intenst og kikket rundt seg. Det var mørkt, lyset var skrudd av, men lyden av TV-en virket beroligende på nervene. Han listet seg mot kjøkkendøra. Den var også lukket. Forsiktig tok han i dørhåndtaket, trakk det ned så stille han kunne. Ingen lyd, ingen knirking, heller, slik det ofte pleide å være i gamle hus.»

Miljøet er heimesjukepleien, og det vert ein del medisiner og rutiner og slikt. Dette hemmer ikkje progresjonen på noko måte, då det fell naturleg inn i handlinga. Me fylgjer relasjonen mellom brukar og pleiar tett. Det er ingen tvil om at forfattar, med sin sjukepleiarbakgrunn, veit kva ho skriv om. Det er nært og det føles realistisk og naturleg. Eg vil tru mange vil kjenna seg att i eit miljø med strenge tidskrav og altfor lite tid til kvar brukar.

Personlighetene til hovedkarakterene i boka er meget godt skildra, og for meg er dette bokas klare styrke. Det levnes ingen tvil om kva for type mennesker dette er. Nokre er frampå og brautende, medan andre er tilbaketrukne og meir forsiktige. Dette skapar konfliktar og motsetningar, noko som er viktig i denne type bok. For bak fasaden kan det skjula seg eit anna ansikt enn det utad, eller….?

Me får servert gufs frå fortida, løgn, bedrag, vold og intriger. Kven kan ein stole på? Alle har sitt å stri med, samtidig som dei knyttes sammen utover i boka, som i eit edderkoppnett. Det er fascinerende plott Dons-Wallebek har kommet med her.

Dette er ei form for krimbok, men ingen action eller heftige scener med masse drap. Den er sakte bygd opp, men samtidig så føler ein at det ligg noko å ulmar i bakgrunnen, og her kjem det psykologiske thriller-elementet inn. No er ikkje er viden kjent i sjukepleiarmiljøet, men eg trudde på historia og hovedkarakterane i boka.

Til å vere ein debutroman er dette ei meget god bok. Eg gleder meg verkeleg til kommende bøker frå forfattar Kristin Dons-Wallebek. Med sitt elegante og lettleste språk, kan ho få mange lesarar med seg vidare.

TERNINGKAST: 4+

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s