Til jord skal du bli av Anders Totland

Ein morosam og hjertevarm roman på nynorsk om forviklinger rundt eit drap.

  • Norsk tittel: Til jord skal du bli
  • Forfatter: Anders Totland
  • Sjanger: Roman
  • Antall sider: 158
  • Utgivelsesår: 2022
  • Utgiver: Samlaget

Anders Totland (Født 1986) debuterte som forfattar i 2015 med barneboka «Vampyrane i Eplehagen». Sidan har det vert utgivelser i fleire sjangrar. Han vart tildelt Nynorsk barnelitteraturpris for ungdomsromanen «Engel i snøen» som vart utgitt i 2016. I 2022 gav han ut vaksenromanen «Til jord skal du bli».

Det blir mykje på ein gong for Jacob Juul. På få dagar går han frå å vera pensjonert prest og spritseljar som nyt sitt otium, til å bli enkemann og nybakt bestefar for ei 7 år gammal jente. Og om ikkje det var nok, blir han også drapsmann. No har han ein daud torpedo i spritskjulet å kvitta seg med og ein kriminell konspirasjon å redda seg sjølv og vesle Isabella Donnatina frå, men heldigvis har ein livslang karriere i Den norske kyrkja førebudd han på å møta dei fleste omstende med ro og optimisme.

Denne boka er eit leseeksemplar frå Samlaget. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Til jord skal du bli». Her må eg også nevne at dette er ein relativt lokal forfatter, som eg ikkje har noko kjennskap til utover navnet.

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein morosam roman på nynorsk, der forviklingene står i kø.

Handlinga foregår i ei lita bygd på austlandet. Det er vinter og snø, og det nærmer seg jul med stormskritt i den rolege bygda. Men på prestegarden utspeler det seg eit stort drama, og det skal få store fylgjer. Ein torpedo er hardt skadd, og ein anna ligg att i snøen, drept av sjølvaste gamlepresten. Dette er starten på nokre hysteriske dager, som me er så heldige å få bli ein del av.

Då Rønnaug frå barnevernet etter to timar forlet oss, sat eg igjen med ein prest, eit barnebarn, to lik i uthuset, ein ekstra bil som strengt tatt burde ha vore fjerna kvelden før, og eit par snømenn på tunet. Men akkurat det siste var eg ikkje så bekymra for. No handla alt om å komma gjennom den første heile dagen med Izzy, utan å vekka nokon mistanke.

Jacob Juul er ein pensjonert prest og nå også ein drapsmann. Dette er ein karakter som er godt sammensatt og som, sjølv med sine «mørke» sider, er ein mann som ein berre må bli glad i. Totland har generelt sett skapt karakterer som ein ikkje kan unngå å like. Det er sjølvsagt nokre bad guys for å holde på kontraster og motsetninger, men også desse er sjarmerende på sin måte.

Jacob får beskjed frå biskopen om å innynde seg med lokalbefolkningen i den vetle bygda når han fekk prestejobben. Så då starta han sjølvsagt med heimebrent i presteboligen. Kona til Jacob vert sjuk, og utgiftene hoper seg opp. Men det er ingen problem for han, for då auka han berre brenninga si til stor skala.
På få dager vert han enkemann, bestefar og drapsmann. Korleis skal ein pensjonert prest forholde seg til alt dette?

Dette er ein morosam roman med gode replikker, betraktninger og metaforbruk. Eg får assosiasjoner til Arto Paasilinna sine bøker, der hysteriske og artige situasjoner oppstår. Så også i denne romanen. Boka er sjarmerende på sin sjuke måte. For det er ein tragikomisk historie, med masse hjertevarme men samtidig overskygges dette av den pensjonerte presten sin udåd som fører til drap.

Eg kjende stemma. Maria møy. Strengt tatt heitte ho Maria Myklebust, men då den 30 år gamle presten kom einsleg til bygda for å ta over gjerninga då eg gjekk av med pensjon, spreidde kjælenamnet seg som klamydia i bedehusmiljøet. Folk kan vera grufulle med desse tinga, eg hadde jo berre meint det som ein uskuldig vits oss birøktarar imellom.

Dette er generell humor på sitt beste. Små kvardagslege problem overlappes av langt større problem. Korleis skal f.eks Jacob kvitte seg med liket han har gøymt i skjulet på prestegarden? Samtidig har han fått midlertidig ansvaret for sitt ukjente barnebarn på 7 år. Og som om ikkje det er nok, så kjem det tråkkende fleire personer inn på den avsidesliggende prestegarden.

Relasjonen mellom barnebarnet og Jacob er varmt og ektefølt. Ei usikker lita jente som blir plassert hos ein for ho ukjent slektning. Bånd skal knyttes, og dei skal bli kjend med kvarandre. Samspelet mellom ung og vaksen er ein strålende bi-historie, og er ein fin avveksling frå alt det andre som utspeler seg i denne romanen.

«Trur du me klarer å laga ein snømann som er like høg som eg?» sa eg. Eg hugsa sjølv kor stor stas eg syntest det var når barndommens snømenn vaks høgare enn dei vaksne. Som kjemper i hagen. Det var noko heilt eige med det, som om elementa og naturen overgjekk det menneskelege.
«Du er veldig høg», sa Isabella Donnatina.
Eg bøygde meg ned og smilte. «Ja, men så er det veldig mykje snø óg.»

Hovedkarakteren er like sjarmerende som han er rar og spesiell. Han går til verks med ein usedvanlig stor ro, for som han sjølv tenker; etter ein livslang karriere som prest, så er han førebudd på det meste. Men klarer han å komme seg gjennom alt dette utan å miste seg sjølv og hans kjærkomne barnebarn? Og kva har skjedd med sonen, som er sporlaust borte? Spørsmålene er mange og svarene maner fram smil og latter hos leseren.

Det er ein relativt kort roman som eg, og heilt sikkert fleire med meg, skulle ynskje var lengre. Men samtidig er det ikkje behov for det, for Totland får formidlet det han har på hjertet. Formidlingsevnen er meget solid, og han går rett på sak. Den er innhaldsrik og lettlest med eit fantastisk flytande språk og dialoger.

«Til jord skal du bli» er ein hysterisk kortroman. Den er morosam, hjertevarm og sjarmerende på ein sjuk, sjuk måte. Anders Totland har skapt eit strålende univers med ein sjarmoffensiv av karakterer. Dette er ei bok som vil treffe eit bredt spekter av lesarar. Eg kan ikkje anna enn å la meg bli trollbundet av den vanvittige historien. Les den. Du vil ikkje angre.

TERNINGKAST: 6

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s