Poesi fra sjelen av Elisabeth Naustdal Stormark

Ei diktsamling om minnene etter farens bortgang. Forfattar sett fargar på sin sorg og følelsar gjennom flotte malerier tilknytta dikta.

  • Norsk tittel: Poesi fra sjelen
  • Forfattar: Elisabeth Naustdal Stormark
  • Sjanger: Poesi & Lyrikk
  • Antall sider: 87
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Tekst Forlag

Elisabeth Naustdal Stormark (Født 1963) bur på Sotra utanfor Bergen. Ho kom ut med boka «Sjelebilde» i 2020. Ho har tidlegare arbeida som medisinsk sektretær, og driv no med maling, skriving, musikk og healing.

Denne diktsamlinga handlar om dei gode minna etter forfattarens far sin bortgang. Gjennom å bruke kreativitet til å få ein positiv vinkling på det heile, samt male flotte abstrakte bilete til desse dikta, har Elisabeth Naustdal Stormark kommet seg gjennom sorgen. No håpar ho å hjelpa andre i samme situasjon med denne diktsamlinga.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Poesi fra sjelen».

Det som eg synes er så fint med slike diktsamlingar, er at ved kvar gjennomlesning, oppdag ein nye tydingar og vinklingar. Dette er korte dikt med eit rikt innhold. Forfattar Elisabeth Naustdal Stormark har, ved å fargelegga sorgen og eigne følelsar, òg mala bileta som er i i boka.

Ved fyrste gjennomlesning såg eg på biletet fyrst, og leste tekst etterpå. Når eg leste den på nytt, leste eg dikta før eg såg på biletet. Dermed oppdaga eg nye ting både med tekst og bilete, og kan formeleg kjenna på saknet etter faren.

Det er fyrst og fremst dikt om minna etter faren, men også dikt som tar utgangspunkt frå hagen på landstedet deiras. Stormark er også innom alle årstidene på sin vei frå sorg til savn. Og nettopp frå sorg til savn er eit nøkkelord i denne diktsamlinga.

«Den vise uglen,
og omsorgsfulle duen.
Symbol på deg og meg.
Læring, vekst og endring.
Alltid ved min side.»

Det som eg la merke til, og som eg syntes var så fint, var at bokas første dikt er kalla «Sorg», medan det siste dikta er kalla «Savn». Dermed har ho også klart å skapa ein raud tråd gjennom boka. For gjennom arbeidet med denne diktboka, har ho kommet seg gjennom sorgprosessen ved bruk av musikk, maling og skriving. No sit ho att med saknet og minna.

Dette er ei veldig flott og minimalistisk bok, sjølv om eg gjerne skulle ønska at formatet på boka var større, slik at bileta ville kommet meir til sin rett. Eventuelt blåst opp bileta, slik at dei dekka heile sida. Men skjønner sjølvsagt at det er utfordringar med dette.

Dette er ei bok til ettertanke. Ei bok å ta fram no og då, kanskje det er nok å berre lesa ei lita linje, for så å reflektera over innholdet. For som eg nevnte tidlegare så er dette ei diktsamling med eit rikt innhold og mange flotte imaginære bilete som formar seg medan ein les. Eg synes Stormark har vert dyktig til å bruka få ord som knaggar til å henga opp bodskapet på i dikta sine. «Poesi fra sjelen» er ein tittel som oppsummerar innholdet i boka på ein veldig fin måte.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s