Så ble det kaldt av Frode Eie Larsen

Ei kvinne vert kidnappa i Larvik ein sein kveld. For politietterforskar Eddi Stubb og hans team vert dette starten på ein intens jakt etter den eller dei som står bak. Dette er ei spennande og verkeleg god krimbok.

  • Norsk tittel: Så ble det kaldt
  • Forfattar: Frode Eie Larsen
  • Sjanger: Krim
  • Antall sider: 359
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Liv Forlag

Frode Eie Larsen (Født 1973) er utdanna diplommarkedsfører frå NMH. Han debuterte med krimboka «Hemmeligheten» i 2011. Etter dette har det fylgt på med ei rekkje utgivelsar. Serien om politietterforskar Eddi Stubb har hausta gode kritikker. I 2019 debuterte han, sammen med programleder og tidlegare toppsyklist Dag Otto Lauritzen, som barnebokforfatter med boka «Tåkedis». Også her har det blitt fleire utgivelsar. Denne serien er kalla «Mot og mysterier» og er fyrst og fremst berekna for barn og unge i aldersgruppa 8-13 år.

Ei kvinne vert kidnappa etter ein tur på byen i Larvik. Omstendighetane er uklare, og politietterforskar Eddi Stubb får saken på pulten sin. Spora peikar i retning ut av landet, så Stubb reiser utenlands. Her tar saka ei brå vending, og han står igjen med fleire lause trådar. Tilbake i Noreg får han nok ei forsvinningssak å hanskast med. I tillegg til å måtte drive intens etterforskning, slit Eddi med problem i privatlivet. Kven er det som står bak forsvinningene? Klarar politiet å løysa sakene før liv går tapt? Og finn Eddi ut av dei personlege problema? Spørsmåla er mange i denne intense krimromanen.

Denne boka er eit leseeksemplar frå Liv Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Så ble det kaldt».

Dette er mitt fyrste møte med Eddi Stubb-serien og forfattar Frode Eie Larsen. Eg kan dermed ikkje seia noke om hans forfattarskap som heilhet, men eg kan seia ein god del om denne boka. Vil også få fram at dette er ein serie, men kan fint lesast frittståande. Likevel vil eg nok anbefala å lesa dei kronologisk, sjølv om forfattar (hvertfall i denne boka) var dyktig med å fortelja relasjonar slik at eg var oppdatert.

Boka er på 359 sider. For enkelte kan det virke litt avskrekkande. Her vil eg seia at det er ei meget lettlest bok. Korte kapitler og mange dialoger som gjer «luftige» sider. Så ikkje kvi deg for å byrja å lese denne boka.

På bokomslaget står det blant anna at han er «blant de beste krimforfatterene i Norge». Litt skeptisk var eg til dette utsagnet, siden eg knapt hadde høyrt navnet hans før. Etter å ha lest ferdig boka skjønner eg utsagnet. Dette var ei særdeles god krimbok.

«Blikket streifet en kjærlighetserklæring som var risset inn i murveggen, noen obskøne ord og en eller annen som proklamerte at vedkommende hadde vert der. Han skulle til å ta fatt på trappene, da lyden av slepende skritt brøt stillheten.»

Eg oppdaga Frode Granhus for nokre år sidan, og innsåg då at «mindre kjente» forfattarar kan skriva bøker av skyhøg kvalitet. Eg sit igjen med den samme følelsen av Frode Eie Larsen, og eg skjemst litt over at han har gått under min leseradar fram til no.

Historia byrjar med ei kidnappingssak som utviklar seg. Hovedplottet er velskrevet og står fjellstøtt boka gjennom. Sidehistoriene gjer at romanen aldri vert kjedelig, og historia byr også på problem i privatlivet til hovedkarakteren. Noko som gjev den eit innslag av personleg preg innimellom all etterforskning. I tillegg byr boka på mange overraskande vendingar undervegs.

Eg la merke til at perifere personar som ikkje er relevant i romanen, vert omtala som «politimann», «kameraten» eller lignande, og ikkje med navn. Dette synes eg var eit veldig godt verkemiddel, då det ofte samlar seg opp ein god del navn å holda styr på.

I politiuniverset til Eie Larsen finn me rake motsetningar. Der nokon er blide og tillitsfulle er andre sure og gretne. Nokre iverksetter og spør etterpå, medan andre prøver å vera paragrafryttarar. Dermed kan forfattar leike seg med språk og metaforer, noko som gjer at boka vert enda meir lesarvennlig og ein finn innholdet meir realistisk.

«Så ble det kaldt» er rett og slett ei veldig god krimbok. Den er spennande og har god progresjon frå start til slutt. Eg fann ingen kjedelege fasar i den. Eg er mektig imponert over det Frode Eie Larsen har fått til med denne boka. Eddi Stubb har fått ein ny tilhenger til sin fanskare. Dette er ei bok eg verkeleg kan varmt anbefala vidare til alle som er glad i krim.

TERNINGKAST: 6

Legg igjen en kommentar