Se meg falle av Mons Kallentoft

16 år gamle Emme forsvinn sporlaust på ein charterferie med nokre venniner på Mallorca. Tim Blanck brukar all si tid på å finna dottera si, samtidig som han held på med torpedovirksomhet og utroskapetterforskning gjennom eit selskap han jobbar for. Ei velskrevet og spennande krimbok.

  • Norsk tittel: Se meg falle
  • Original tittel: Se mig falla
  • Forfattar: Mons Kallentoft
  • Sjanger: Krim
  • Antall sider: 406
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Goliat Forlag

Mons Kallentoft (Født 1968) er ein svensk journalist og forfattar. Han debuterte som forfattar i 2000 med thrillerromanen «Pesetas». Han har gitt ut ei rekkje bøker. Mest kjent er han nok for krimserien sin om Malin Fors, som har fått ein stor lesarskare verda over. Han har også hatt suksess med «Herkulesserien» saman med andre medforfattarar. Idag bur Mons Kallentoft på Mallorca, sammen med sin familie.

16 år gamle Emme Kristina Blanck forsvinn under ein charterferie med nokre venniner på Mallorca. Tim Blanck har hatt konstant dårleg samvittighet for å ha overtalt ekskona til å la dottera få reise på denne turen. Tre år har gått, men han har aldri gitt opp leitinga etter Emme. For i hans hovud er ho fortsatt i live, han føler det på seg. Han har flytta permanent til Mallorca for å leita. Noko som har ført til skilsmisse og brutte kontaktar. I Spania livnærar han seg som privatetterforskar i eit selskap som spesialiserar seg på torpedovirksomhet og utroskapetterforskning. Ein dag får han eit oppdrag frå ein av øyas rikaste forretningsmenn om å etterforska om hans kone er utro. Dette fører Tim Blanck inn i eit farleg nettverk, men også nærare sanninga om kva som har skjedd med dottera. Ei sak han på død og liv må fullføra.

Denne boka er eit leseeksemplar frå Goliat Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Se meg falle».

Nok eit møte med ein ny forfattar for min del. Navnet har vert kjent lenge, men det er fyrst no eg har lest ei bok av Mons Kallentoft. Og denne handlar ikkje om Malin Fors som han er mest kjent for. Her har han brutt med sine tidlegare bøker, og skrevet om ein heilt ny person.

Boka startar i Magaluf i 2018, før den tar eit tilbakeblikk til Stockholm i 2015. Derfra hviskes alt av kapitteloverskrifter ut. Boka smelter sammen årstalla, og til tider er det litt uoversikteleg kvar og kor tid handlinga foregår. Spesielt i starten kan dette bli forvirrande. Eg føler at skiljet mellom nåtid og fortid til tider er syltynt.
Me får bruddstykker sett frå Emme og ekskona Rebecka’s ståsted. Ellers er hovedhandlinga lagt rundt Tim Blanck, både i «nåtid» og fortid.

«…jeg hadde ikke behøvd å kjenne noen av disse følelsene. Jeg hadde sluppet det. Og nå sitter jeg fast. For når du kommer tilbake, Emme, må jeg være her. Du skal ikke få høre at moren din skrev ut piller til seg selv, spiste boks etter boks, tappet et varmt bad og druknet i kramper til hjertet stoppet. Jeg sitter fast i min lengsel etter deg.»

Når ein har kommet over det fyrste litt forvirrande hinderet, er det ein fryd å lesa. Til tider kan det kanskje vera litt vél mange detaljar som vert skildra, samtidig er det nettopp detaljane som held romanen oppe når det er litt «dødpunkt». Dette er nok den fyrste boka eg har lest, der fascinasjonen og spenningsnivået fortsatt er til stede, sjølv om det ikkje skjer all verden i enkelte av partia. Med andre ord er drivet i boka eit kunstverk av forfattarskap.

Det er eit hardbarka bymiljø Mons Kallentoft skildrar. Han nyttar eit røft språk der korrupsjon, sex og drap er nokre av ingrediensane. Samtidig skriv han om sorga og dei såre og lengtande tankane foreldra sit igjen med på meisterleg vis, noko som gjer at motpolane står i sterk kontrast til kvarandre.

Språket og skrivestilen var det som imponerte meg mest. Den er svevande og nesten litt filosofisk. Og veldig detaljert. Eg føler det blir vanskeleg å forklara skrivemåten, du må nesten oppleva den sjølv.

Dette er kanskje ikkje den letteste boka å lesa for dei som ikkje les så ofte. Det er som nevnt mange detaljar og litt merkeleg setningsoppbygging, men som du vert vant til etterkvart, og som gjer den til ei litterært veldig god bok. Eg kan absolutt anbefala denne boka videre.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s