Inga og Erlend har vert gift i snart 20 år. Brått står Inga åleina att. Sorgen og saknet er som ein verkebyll i ho. Dette er ei bok om sjokk, sorg og livet som må leves vidare.
- Norsk tittel: Kommer før lunsj
- Forfattar: Audbjørg Gjerde Lippert
- Sjanger: Roman
- Antall sider: 218
- Utgivelsesår: 2018
- Utgiver: Olla Forlag
Audbjørg Gjerde Lippert er fra Tomrefjord i Romsdal. Ho har jobba i nasjonale og internasjonale organisasjonar, og vert ungdomsskulelærar. Lippert har gitt ut ei rekkje romaner opp gjennom åra. I 2017 kom ho ut med barneboka «Isfjellfamilien». I år (2020) kom ho ut med romanen «Zapping».

Erlend og Inga har vert gift i snart 20 år. Dei har vokst saman som eit par, og er på mange måtar avhengig av kvarandre i kvardagen. Dei har til tider lange og intense arbeidsdagar, men når dei har litt tid, reiser dei gjerne på turar i lag innenlands og utenlands. Ein dag sender Erlend ein SMS til arbeidsgjevaren sin. Der står det; «Kommer før lunsj». Dette vart den siste meldinga som vart skreven frå hans mobil. Plutseleg står Inga igjen åleina. Den trygge faste grunnen er revet brått vekk under ho. Inga er i fritt fall. Dette er ei bok om sjokk, sorg og livet som må leves vidare.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Kommer før lunsj».
Kva er egentlig sorg? Det finnes så mange typer og så mange forskjellige reaksjoner og etterverknadar. Denne boka tar for seg den mest brutale sorga, der hovedpersonen går rett i kjellaren. Alt er mørkt og same kva folk seier rundt ho, er det galt. Inga er og vil vera einsom med si sorg. Eller vil ho eigentleg da?
Dei fyrste kapitla følte eg hangla litt. Dei reiser blant anna på ferie til Frankrike og det vert ein del franske fraser og stedsnavn som, for min del, øydela litt av framdrifta. Synes også at dialogane mellom Erlend og Inga blir litt enkle. Men denne boka byrjar for alvor når Inga brått vert åleina. Då er det som om forfattaren vrir om på ein brytar også i språket sitt.
«Tilbake sitter Inga alene. Urørlig. Beveger seg ikke bort fra stolen hun har satt seg i for flere timer siden. Stirrer rett framfor seg uten å se. Vet ikke om hun fryser eller svetter, føler bare et ubehag av noe rundt seg, noe hun ikke kommer gjennom, kommer ut av, bort fra. Hun er fanget i noe ukjent.»
Ein kan formeleg kjenna smerten til Inga medan ein les. Boka er brutalt ærlig gjennom ein sorgprosess. Det er mange gode skildringar og metaforar. Eg vil trekka fram ein her, som eg syntes var så fint skildra: «Bølgene var fremdeles like voldsomme og slet i henne fra alle kanter. Skulle hun for alltid kjempe med de krappe bølgene rundt plasket? Ville de aldri mer glatte seg ut og bli til stille vann? Ikke når hun kom lenger unna heller?». Dette er strålande forteljarkunst.
Inga bebreidar seg sjølv for det som har skjedd. Ho har mange tunge tankar, og slit med å møta folk att. Alt som ho før irriterte seg over når det gjaldt Erlend, er no eit einaste stort sakn. Dette er det nok mange som vil kjenna seg igjen i. Kva med dei som er rundt den personen det gjeld? Korleis skal dei oppføra seg, og kva kan dei seia og ikkje seia? Det er det også gode skildringar på, sjølv om det sjølvsagt ikkje er noke fasitsvar på akkurat dette.
«Kommer før lunsj» kan vera ei lindrande bok for folk som er i sorg. Den gjer ei god vinkling og mange verkelegsnære refleksjonar og flotte skildringar på sorg og saknet etter ein person. Og ikkje minst om vegen vidare. Korleis kjem eit menneske seg over den verste tida? Den er til tider hjerteskjærande, men samtidig er det ein lun og kvardagsleg roman. Denne boka kan eg varmt anbefala vidare til alle.
TERNINGKAST: 5