Til du blir snill av Lisbeth Nilsen

Ein diktroman som omhandler omsorgssvikt og kva fylgjer det får.

  • Norsk tittel: Til du blir snill
  • Forfatter: Lisbeth Nilsen
  • Sjanger: Dikt, Poesi, Dokumentar
  • Antall sider: 96
  • Utgivelsesår: 2023
  • Utgiver: Ordmor Forlag

Lisbeth Nilsen (Født 1952) har bakgrunn som blant anna bibliotekar, oversetter og forlagsredaktør. Diktromanen «Til du blir snill» som vart utgitt i 2023, er hennar fyrste skjønnlitterære utgivelse.

Til du blir snill er en diktroman om barnet som bare får mat. Barnet som ikke hører hjemme, som må spise og spise og svelge unna mat og løgner, også i Jesu navn. Barnet som må bære de voksnes svik, skyld og skam. Barnet som biter i seg og fra seg for å finne måter å klare seg på. Boka handler mest av alt om å bære sin historie med livskraft, styrke og håp. Og ikke minst: At troen på at det gode kan overleve. Mange overlevere av omsorgssvikt og overgrep sliter med overvekt og fedme forårsaket av traumer og sår fra tidlige år. Overspisingslidelse er den mest utbredte spiseforstyrrelsen, og forskning viser en sterk sammenheng mellom omsorgssvikt og overspising, overvekt og fedme. Dette gjelder også i høy grad angst og andre psykiske lidelser.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Til du blir snill».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein diktroman som handler om omsorgssvikt og kva fylgjer det får for eit barn.

Me møter eit barn som vert forsømt, som vert stappa full av mat, men mottar ingen form for kjærleik eller nærleik frå sine foreldre. Barnet vert plassert på ein barneheim, utan at det hjelper noko nevneverdig. Også her vert barnet forsømt og «stuet vekk». Det er med andre ord ein oppvekst under vanskelege kår, og me får eit hjerterått innsyn i kva slike traumer fører med seg over tid.

Han som er far, går gjennom rommet,
går ut går vekk går sin vei med en svart og hvit fotball under armen.
Dunk dunk i trappa og pang i porten. Det som skal bli
det eneste minnet.

Tryggheten har opphørt. Kjærleiken eksisterer ikkje. Forsømmelse, svik, skam og psykisk mobbing overtar kvardagen. Dette er ein diktroman som er skrevet av og for alle som har følt seg sviktet som barn, der overlevelsesmekanismer har slått inn for å klare å komme gjennom dagene.

Boka er delt inn i 5 kapitler, der me fylgjer barnet fremover. Teksten består av ein blanding av dikt og forteljande historie. Nilsen bruker innimellom linjer fra sanger og salmer som ein del av bodskapet. Poesien lever i beste velgående, sjølv om det kanskje er den forteljande delen som er mest markant. Det er ingen bilete i boka, og sidene er dermed luftige. I så måte ei lettlest bok, men innhaldet er sterkt.

Det er innimellom ein spanande vri på setningsoppbygging som ein legg merke til. Sært og spesielt, men likevel er det virkningsfullt og forfatter når fram med sitt bodskap. Det varierer mellom det svevende og det konkrete, noko som går hånd i hånd gjennom heile boka.

Jeg neser lukta fra klaskedoene. Ører lyden av noe som gnager.
Det krasler kilent mot kveld bak søppelkassene.

Angst og psykiske lidelser fører til trøstespising. Det å være underernært på nærleik og kjærleik gjer noko med ein person. Det samme må sies når di eiga mor uttaler at da er noko galt med deg, og at du aldri finnes god nok, samma kva du gjer. Sjølvbiletet og synet på andre mennesker forsvinn som dugg for solen. Å forsøke å bygge seg opp på nytt, når ein har vert gjennom grov omsorgssvikt er ingen enkel oppgåve. Men ved hjelp av gode strategier og hjelpere i samfunnet, så er det moglegheiter. Dette kjem Nilsen delvis innpå, og der det var mørkt og negativt i store deler av diktromanen, så er det lysglimt og eit håp om betre tider utover i boka. Samtidig undergraver ho aldri alvoret av dei traumene ein har opplevd. Det handler om å overleve.

Forfatter fylgjer ei slavisk tidslinje og heile historia har ein raud tråd i seg, utan at alt nødvendigvis heng saman. Ser ein bort fra kapitlene, så er det ingen overskrifter. Teksten har ingen fast form for oppsett på sidene, noko som kan virke litt rotete, all den tid ein kan få store tomrom på sidene. Eit av dikta er derimot forma som eit juletre, der teksten i utgangspunktet er tatt ut fra kjente og kjære julesanger. Dette er eit meget flott visuelt verkemiddel.

Nilsen legg vekt på overspising og fedme, og viser til bakenforliggende årsaker til dette. Gjennom denne boka set ho også søkelyset på tematikker som svik, angst, psykisk mobbing, traumer og ikkje minst håp og styrke om at det gode seirer til slutt.

Metaforbruk er ofte ein viktig del av poesien. Det å kunne assosiere bodskapet sitt med noko folk allereie har eit forhold til, er ein fordel. Nilsen bruker dette verkemiddelet, men kanskje på ein litt anna måte enn det ein er vant med.

Forfatter bruker eigne erfaringer frå oppveksten når ho har skrevet diktromanen, og som vises att i teksten. Det er ein sår tone. Det er ein anklagende tone. Det er ein bitter tone. Men det er også ein tone av eit levd liv, av å jobbe seg gjennom det, heve hovudet og sjå framover.

Jeg ser at hun ser at jeg ser at hun er en som ser meg synlig.

«Til du blir snill» er ein diktroman med eit sterkt innhald. Ingen skal måtte gå gjennom det altfor mange born går gjennom; nemlig omsorgssvikt. Ved å setje søkelyset på dette gjennom poesi og forteljande historier, så er dette ei bok som kan vere til hjelp for andre i liknande situasjoner. Ein bunnsolid forfatterdebut fra Lisbeth Nilsen.

TERNINGKAST: 4+

Legg igjen en kommentar