Silhuett av en stemme Bok 7 av Yoshitoki Oima

Siste bok i ein mangaserie med ein djup historie og viktig tematikk

  • Norsk tittel: Silhuett av en stemme 7
  • Original tittel: Koe no Katachi vol. 7
  • Sjanger: Manga, Ungdom
  • Antall sider: 177
  • Utgivelsesår: 2026
  • Utgiver: Outland Forlag

Yoshitoki Oima (født 1989) er ei japansk forfatter innan manga-sjangeren. Ho er mest kjent for seriene «A silent voice» (2013-2014) og «To your eternity» (2016- og fram til dags dato). Ho har óg vunnet priser for sine utgivelser.

Shoya våkner på sykehuset, og det første han tenker på er Shoko. Han må få sagt unnskyld, ordentlig denne gangen, for alt han har gjort. Gjengen har fullført filmen, de er ferdige med videregående og nå begynner voksenlivet. Shoya har bestemt seg for å gå fremtiden i møte med hevet hode, og kanskje blir det hele litt lettere med gode venner rundt seg?

Denne boka er eit leseeksemplar frå Outland Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Silhuett av en stemme bok 7».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein teikneserie i manga-stil med ensomhet og mobbing som hovedtema. Dette er siste bok i serien og således må bøkene leses kronologisk. Den vart utgitt originalt i 2013, og oversatt til norsk i 2025/2026. Målgruppa er satt frå 12 år og oppover.

Me er kommet til siste boka i serien, og Shoya har endelig innsett at han må få bedt om oppriktig unnskyldning for det han har latt andre gå gjennom for hans oppførsel og væremåte. Men klarer han det denne gangen, og vil eventuelt dei andre godta unnskyldningene?

Det er masse følelser involvert i starten av boka. Shoya ser på livet på ein anna måte etter det som skjedde i slutten av forrige bok, men kor lenge varer det? Filmen er fullført og den er klar for visning, dei er ferdige med videregående og snart vil dei være spredd for alle vinder. Det haster med andre ord for Shoya.

Eg har frå fyrste bok av likt vinklingen til forfattar. Her får me sjå ting frå mobberen sitt ståsted. Kva tanker som ligg bak, angeren, mismotet, og kva det har gjort med både mobber og mobbeoffer over tid. Det er ei fengslende og tidvis opprivende historie som speler på følelsene til alle parter, også meg som lesar.

Me har fulgt dei gjennom sju bøker, og ein har sett progresjonen og karakterutviklingen mange har hatt. Det å være ungdom og usikker til å måtte ta meir ansvar og tråkke inn i vaksenlivet. Frå å ikkje ha konsekvensutgreiing til å måtte ta straffen for det ein har gjort tidligere. Handlinger får fylgjer, både for den eine og den andre. No er ringen sluttet, men går alle ut av serien med hovudet hevet og vél forlikt?

Oima har skrevet ein djup historie som viser kva mobbing kan føre til, men også kva anger og eit oppriktig ynskje om å få tilgivelse kan gjera med ein person. Men det er ikkje alltid ein unnskyldning er nok for å ha påført eit menneske djupe arr i sjel og sinn.

Det har vert ein del personer å holde oversikten over gjennom serien, og det hjelper ikkje at enkelte ligner litt på kvarandre i illustrasjonene og at dei av og til nevnes med fornavn og av og til med etternavn. Ein må med andre ord være litt påskrudd sidan det kan være vanskeleg å skilje karakterene innimellom.

Det er eit imponerende nivå gjennom heile serien, med ein bunnsolid historie i botn. Det er gjennomførte karakterer med gode trekk og personligheter som treff kvar sine ytterpunkter. Dette skaper motsetninger og konflikter oppstår, og ein får dermed naturlege gnisninger og problemstillinger som må løyses. Dette får fram det beste og verste i folk, som igjen fører til eskalering av situasjoner.

Tematikken er dagsaktuell og eit stort samfunnsproblem. Fysisk og/eller psykisk mobbing kan øydelegge personer, og forfattar viser gjennom denne serien kor galt det kan gå.

«Silhuett av en stemme bok 7» avslutter ein strålende og gjennomtenkt serie med ein djup historie og viktig tematikk. Eg håpar at unge og ungdom får opp augene for denne serien og samtidig tar lærdom av den. Eg anbefaler den på det varmeste.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar