Heksehatt-atelieret Bok 2 & 3 av Kamome Shirahama

Magisk fortsettelse av denne japanske mangaserien.

  • Norsk tittel: Heksehatt-atelieret Bok nr 2 & 3
  • Original tittel: Tongari Bōshi no Atorie
  • Forfattar: Kamome Shirahama
  • Sjanger: Manga, Ungdom
  • Antall sider: 192 & 193
  • Utgivelsesår på norsk: 2026
  • Utgiver: Outland Forlag

Kamome Shirahama er frilansillustratør og mangaskaper. Ho debuterte med boka «Watashi no Kuro-chan» i 2011. I tillegg til å gi ut mangabøker, illustrerer ho blant anna forsider for Marvel Comics og DC Comics.

Den helt vanlige jenta Coco er endelig blitt en fullverdig hekselærling, selv om loven sier at det bare er de som er født inn i magiverdenen som kan bli det. Sammen med Qifrey og de tre andre lærlingene, får Coco oppleve heksebyen Kalhn for første gang. Endelig skal hun få sin helt egen blekkstav! Men gjennom vinduet i magifaghandelen ser Coco plutselig en mystisk, maskert heks, og når lærlingene legger på sprang etter skikkelsen, blir de ledet inn i merkelig labyrint …

Denne boka er eit leseeksemplar frå Outland Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Heksehatt-atelieret Bok 2 & 3».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette

Dette er ein mangaserie som passar frå 10 år og oppover.

Coco er endelig blitt ein fullverdig hekselærling, og får ta del i mykje av det dei andre heksene får lov til å være med på og oppleve. Men det tar ikkje lang tid før ho oppdagar at utfordringene står i kø, og at ho får bruk for alt ho har lært så langt. Men er det likevel nok?

Bøkene fortsetter der forrige bok sluttet. Her er ingen oppsummering eller noko sånt, den berre hopper rett inn i historia, noko som gjer at ein bruker nokre sider på å komme inn i universet og karakterregister.

Universet består for det meste av trolldom, trylleformler, hekser og magi, der me fylgjer livet til heksene ved atelieret, og den opplæringa og treninga dei må gjennom for å bli fullverdige hekser. Så skal dei ut å bekjempe ondskap og urettferdighet med det dei har lært.

I desse to bøkene får karakterene meir kjøt på beina, og me får ein betre karakteristikk av korleis dei er som personer, på godt og vondt. Nye navn kjem samtidig til, og universet utvides med nye stader og nye problemstillinger. Det er med andre ord ein fin og god progresjon frå den fyrste boka i serien.

Våre helter må tidleg i aksjon, og dermed heves spenningsnivået kjapt og det er tidvis actionfylt og heftige kamper dei må kaste seg inn i. Forfattar har videreført historiefortelling, dei effektive illustrasjonene og den gode historia frå forrige bok, som gjer til at desse to bøkene blir like oppslukende som den fyrste.

Dei må gjennom fleire hindringer som gjer til at det skapes samhold og dei må samarbeide for å komme seg gjennom med livet i behold. Og dette med samarbeid er ikkje like lett for alle, sidan nokre tenker meir på seg sjølv. Det er med andre ord duket for små konflikter, misunnelse og ein kronglete veg videre som forfattar bygger opp under.

Kva er det som skiller denne serien frå mange andre mangaserier der ute? Fyrst og fremst er det historiefortellingen. Forfattar formidler enkelt og effektivt gjennom tekst og illustrasjoner, og historien i seg sjølv er meget spennende. Universet som Shirahama har bygget opp er magisk i all sin prakt. Det er kunstnerisk frihet i form av trolldom og magi, samtidig som det menneskelige aspektet ligg tjukt utanpå. Det skader heller ikkje at det er karakterer som ein berre må like, og at det stadig skjer ting og at ein dermed får ein naturleg progresjon i historie og karakteroppbygging.

Når Coco etterkvart vert pågrepet av det beryktede Magivernet for å ha utøvd forbudt magi, så kjem det sterke følelser inn i biletet. Ho står dermed i fare for å bli bannlyst frå både atelieret og den verdenen heksene opererer i. Her viser forfattar strålende menneskekunnskap og gir følelser og tanker eit stort spelerom til å utfolde seg. Det er med andre ord berre å glede seg til fortsettelsen.

«Heksehatt-atelieret»-serien fortsetter i samme spor som den fyrste boka. Den inneheld ein solid dose actionfylte situasjonar og oppdrag som består at magi og trolldom, og me får ta del i det kvardagslivet til heksene. Forfattar Kamome Shirahama drar lesar med seg inn i sitt magiske univers, og tid og stad forsvinn som dugg for sola medan ein les. Er du glad i manga, så bør du absolutt ta ein kikk på denne serien!

TERNINGKAST: 6

Legg igjen en kommentar