Ein roman basert på verkelege hendingar som inneheld sterke inntrykk.
- Norsk tittel: Tilgi dem ikke
- Forfattar: Hanne Hellvik
- Sjanger: Roman, Virkelighet
- Antall sider: 161
- Utgivelsesår: 2021
- Utgiver: Mundo Forlag
Hanne Helvik (Født 1988) har dei seinere åra jobba som journalist. Hennes debutroman var «Tilgi dem ikke» frå 2021. Ho har også utgitt barneboka «Da pappa ble syk».

Livet til fjorten år gamle Bisi forandres fullstendig da familien blir drept av muslimer i en landsbymassaker. Hun flytter inn til en fjern tante og kusine i byen Jos, og arbeider som hushjelp. De kristne tar hevn. Bisi er øyenvitne da en muslimsk far og sønn blir brutalt henrettet. Hevnen er ikke like søt som hun hadde forestilt seg. I denne romanen får du innsyn i nigeriansk kultur, og et samfunn der kristne og muslimer lever i konstant frykt for hverandre.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Tilgi dem ikke».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein roman som er inspirert av virkelige hendinger, intervjuer og observasjoner som forfattar gjorde under arbeidet med sin masteroppgåve.
Allereie i den fyrste setninga i boka vert me kasta rett inn i ein brutal og dødelig stammekrig. Det setter standarden for resten av boka. Eg vil ikkje anbefale denne boka for sarte sjeler, for her får me servert sterke inntrykk.
Hellvik skriv rått og brutalt om den brutale krigen mellom kristne og muslimer i ein landsby i Nigeria. Jeg-personen i boka er fjorten år gamle Bisi. Ho bur saman med foreldra sine og to tvillingbrødre. På fritida er ho med bestevennina Abi. Dei har ingen hemmeligheter for kvarandre, og held saman i tykt og tynt. Men i løpet av ei natt får livet til Bisi slik ho kjenner det, ein brå slutt. Ho klarer å løpe vekk fra huset under angrepet og gøymer seg. Når angrepet er over og ho våger seg fram, ligg heile familien drept i huset. Tilbake står Bisi heilt åleine. Abi er også borte. Hatet som ho aldri har kjent på før, flommer over. Dette er starten på ei interessant og følelsesladd historie.
Jeg brydde meg ikke lenger om at noen skulle oppdage at jeg var en kristen. Livet hadde så langt vært fylt av elendighet og sorg. Om de gjorde slutt på det, var det vel velkomment.
Det er ein skrivekunst som er mesterlig utført av forfatter, sidan eg som leser aldri fant ut kor grensa mellom faktiske hendingar og den oppdikta delen var, og eg trudde på kvart ord og kvar situasjon, og det gjorde til at boka vart ekstra sterk.
Forfattar har sjølv budd i Nigeria, noko som vises i teksten. Ho har satt seg grundig inn i kulturen og får frem sine poeng med konsise setninger. Språket er strålende og ho har ein formidlingsevne som drar leseren rett inn i det nigerianske landskapet. Den brennende sola, det tørre klimaet, fattigdommen på landsbygda versus «velstanden» i byen og den brutale striden mellom kristne og muslimar.
Bisi er hovedpersonen i boka. Frå ung alder av har ho måtte jobba frå tidlige morgenen til seine kvelden. Etter drapene har ho måtte bli vaksen meir eller mindre over natta. Når ho i tillegg vert forrådt og fysisk og psykisk skadet av sin næraste gjenlevende slektning etter massakren, så får ein frykteleg medkjensle med ho. Bisi må flytte på seg, og det å byrje på ein skule utan å kunne lese eller skrive som 14-åring er ein tøff utfordring. Heile tida går tankene tilbake til familien sin, og dei få tinga ho raska med seg frå heimen, tar ho fram som sine mest verdifulle skatter. Dei siste minna om sine kjære.
Eg følte kanskje at forfattar kunne gravd enda litt meir i tankene og sinnet hennes, og skapt eit klarere bilete av kven denne jenta egentlig var. Eg satt med ein følelse av at eg ikkje vart ordentlig kjent med ho.
Hellvik er dyktig på å belyse dei to ytterpunktene i samfunnet. Den fattige landsbygda på den eine sida, og den meir velstående middelklassen på den andre sida. Bisi får etterkvart gode boforhold, men likevel saknar ho det enkle, men slitsame landsbylivet. Det viser at velstand ikkje nødvendigvis gjer ein lykkeleg. Ein lærer også om kulturen i landet gjennom denne historia. Det hatet som oppstår mellom kristne og muslimer er skremmende lesning. Alt starter med ein «uskyldig» hendelse som eskalerer fryktelig fort, og der hat vert erstatta med enda meir hat.
«Hevn gir aldri likevekt.» Sophie la en hånd på hver vår skulder. «Når den ene parten hevner seg, har de et lite overtak en stund. Så tar den andre gruppen som ligger under hevn og kommer øverst på balansevekta igjen. Slik går det opp og ned, opp og ned. Det eneste som kan gi likevekt er tilgivelse», sa Sophie.
Dette er ein sterk historie. Me fylgjer ei jente som er konstant redd og engstelig, både i forhold til sitt eiga liv, men også for dei ho etterkvart møter på sin veg. Det er forfølging, bomber, angrep på kyrkjer og uskyldige i hennes nærmiljø, og farlege anklager mot henne som person. Likevel, sjølv om ho står midt oppi hatet til dei som drepte familien sin, så ser me eit menneske som klarer å øyne håp, som klarer å klamre seg til livet, og som klarer å sjå forbi dei store hindringene mellom muslimer og kristne i den intense krigen.
Hellvik har gjort ein kjempejobb med å formulere setninger og skape eit elsk/hat forhold til personer i boka. Ho skildrer dagsaktuelle temaer og klarer å skape eit nyansert bilete av konflikten, hatet og redselen som ligg til grunn.
Jeg ble stående og stirre ned i graven. De spadde jord over de fargerike lakenene. Det var da jeg oppdaget den ørlille bylten som lå klemt mellom de mye større kroppene. Dugg, en slik hinne som la seg på vinduet i huset når det regnet, la seg foran øynene mine. Et skjold mellom verden og meg.
Eg synes nok at slutten kom brått på, og her skulle gjerne sett at forfatter fortsatte historien litt til. Samtidig så er det også ein interessant måte å avslutte ei bok på, utan at eg skal avsløre det her.
Språket er flytende og dialogene er truverdige. Det er bittelitt bruk av engelsk innimellom i dialogene, men det er forklart bak i boka for dei som ikkje forstår setningen, så det øydelegg på ingen måte for flyten. Engelsken er ikkje korrekt grammatisk, for å fremheve engelskkunnskapene til vedkommende. Dette er eit godt verkemiddel og som forsterker troverdigheten i historia.
«Tilgi dem ikke» er ein sterk historie som er inspirert av virkelige hendelser, og er fantastisk skildret av forfattar Hanne Hellvik. Dette er ein roman som verkeleg setter sine spor i lang tid etter at siste side er lest. Anbefales på det varmeste.
TERNINGKAST: 5