Dette saknet liknar ein søndag av Lise-Marte Vikse Kallåk

Velskrevet, stillferdig og melankolsk diktsamling om sjukdom og død.

  • Norsk tittel: Dette saknet liknar ein søndag
  • Forfatter: Lise-Marte Vikse Kallåk
  • Sjanger: Dikt, Poesi
  • Antall sider: 78
  • Utgivelsesår: 2026
  • Utgiver: Svein Sandnes Bokforlag

Lise-Marte Vikse Kallåk (Født 1963) er frå Haugesund. Ho er utdanna cand.mag, og har jobba som lærar, journalist og kunstpedagog. Kallåk debuterte med diktsamlinga «Månen landa i natt» i 2015. Sidan har ho gitt ut ytterligare tre diktsamlingar; «Sofaen den same båten» (2018) og «Klemme ein gong for ja to gonger for nei» (2019), “Den vesle leppeboka” (2023) «Blomar eg har møtt» (2025) og «Dette saknet liknar ein søndag» (2026). I tillegg har ho gitt ut «Atelierdøra på gløtt», ei fagprosa bok i 2015.

I Dette saknet likner ein søndag møter me ein aldrande far, som får slag og mister viktige funksjonar. Gjennom dottera sitt blikk og observasjonar følger me han gjennom sjukeleiet og inn i døden. Dette er ei skildring av ein far-dotter relasjon, ein far som ein gong var ein omsorgsperson. Roller som skiftar. Sorg og sakn.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Dette saknet liknar ein søndag».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ei diktsamling på nynorsk som handler om sjukdom og død.

Kallåk skildrer her ein aldrende mann som får større og større helseplager, medan dottera står på sidelinja og er tilskuer til at faren forfaller. Roller er bytta om, og me får ta del i sjukdomsforløpet, døden som kjem snikande innpå, verda som stopper opp innenfor husets fire vegger, men som raser videre utenfor, og kva kvardagen bringer når ein «må» tilbake til normaliteten.

Du gløttar med halvopen munn, kviskrar etter handa mi. Du har ingen ting å melda, åra går som i reprise.

Dikta er utan overskrifter og det er korte, men effektive dikt. Det er eit minimalistisk oppsett og forfatter lar orda tale sitt kraftfulle språk ved å la setningene bli plassert midt på sida utan noko anna enn bokstaver svart på kvit. Dette viser at Kallåk har tru på språket sitt og at formidlingsevnen er stor nok til å ha eit slikt oppsett. Og ja, det fungerer heilt strålende.

Sorga kjem med einsemd, einsemda med sakn.

Det er forteljande dikt som er skrevet frittståande, men som samtidig er sammenhengende. Ein kan hoppe att og fram, men eg vil absolutt anbefale å lese dei kronologisk for å få den oppbyggende fasen og faktisk sjå kor godt skrevet og velarbeidet denne diktsamlinga er.

Kallåk skriv lett og fløyelsmykt. Stillheita er til å ta å føle på, som om det er pakka inn i bomull. Ein skjønner alvoret i kvart eit ord og setning, og det føles kvardagsleg og gjenkjennelig. Ho har eit godt ordforråd og klarer å unngå gjentakelser.

Det er melankolsk og vemodig. Eit liv er snart til vegs ende med sjukdom og innleggelse på sjukehus. Livet ebber ut, og ein sit att med stillheten, tomheten og saknet etter det som ein gong var. Kallåk klarer å setje ord på det på ein framifrå måte, og ho får det til å virke så enkelt. Noko det sjølvsagt ikkje er.

Eg vitjar grava, i fjor sat du på benken, eg vatna og kneip av visne blomar. Lenge sidan du bar vasskanna. Du hadde nok med å støtta deg på meg. Nå står du på støtta saman med mor.

Minner som lever i beste velgående er eit nøkkelord i denne diktsamlinga. Minner frå ei svunnen tid. Minner frå dei små tinga som kanskje ikkje betydde all verden der og då, men som i ettertid viser seg å ha stor verdi.

Det er ei stillferdig bok som er gjennomarbeidet og har ein oppbygging som skaper vemod og sorg. Samtidig er det ei bok til trøyst og ettertanke og at dyrebare minner er noko ingen kan ta frå deg.

«Dette saknet liknar ein søndag» er ei velskrevet diktsamling som har ein raud tråd gjennom seg. Den kan leses frittstående, eller den kan leses slavisk og dermed får ein også ein oppbyggende historie. Lise-Marte Vikse Kallåk skriv med eit fløyelsmykt og stillferdig språk som gjer kvar ein setning til ein fryd å lese. Dette var imponerande.

TERNINGKAST: 5+

Legg igjen en kommentar