Familien Dahl lever med skjult identitet etter å ha fått drapstrulsar frå Annes eksmann og Theas far. Så byrjar ting å eskalera frykteleg fort. Har eksmannen funnet familien, eller er da andre årsakar bak?
Dette er bok nr 8 i serien om lensmann Ole Vik.
- Norsk tittel: Monster
- Forfattar: Jørgen Jæger
- Sjanger: Krim
- Antall sider: 415
- Utgivelsesår: 2015
- Utgiver: Juritzen Forlag
Jørgen Jæger (født 1946) er ein anarkjent norsk krimforfattar. Han debuterte med «Skyggejakten» i 2003. Dete var starten på bøkene om lensmann Ole Vik og politibetjent Cecilie Hopen. Det har etterkvart blitt mange bøker, og i år (2020) kjem han med sin tolvte bok i serien. Han er blitt nominert til fleire Bokhandlerpriser for sine bøker. I tillegg har han skrevet krimnoveller.

Familien Dahl har måttet flytta til Ramnes med skjult identitet. Årsaken til det er at Annes eksmann, og Theas far har drapstruet dei. No bur dei på ein gård og driv økologisk. Anne har gifta seg på nytt med Ulrik. No er Anne høygravid, og dei har fått orden på kvardagen sin igjen.
Plutseleg ein dag går Thea glad og fornøyd av bussen nær heimen sin. Så bråstopper ho og blir ståande å stirra, før ho bråsnur og spring avgårde i motsatt retning. Når ho kjem heim denne dagen, er ho i sjokk og ingen får noko ut av ho.
Samme dag forsvinn Ulrik frå tunet. Er det eksmannen som har klart å spora dei opp? Dette blir ei intrikat sak for ein sjukmeldt Ole Vik og hans makker Cecilie Hopen.
Lensmann Ole Vik er sjukmeldt, men klarar likevel ikkje å holda seg vekke når saken eskalerer. Ole Vik er ein av få i bygda som kjenn til bakgrunnen til familien Dahl, så han føler han må gjera da han kan for å hjelpa dei. Cecilie Hopen får hovedansvaret i denne boka med å etterforska kva som er i gjære. Samtidig har ho ting å tenkje på i sitt eiga privatliv.
«»Jeg heter Anne Dahl nå,» sa hun anstrengt. «Og datteren min og mannen min heter Thea og Ulrik Dahl. Vi var en lykkelig liten familie frem til dette skjedde, og jeg var lykkelig som Anne og har tenkt å bli det igjen når dette er over.»»
Jørgen Jæger tar opp viktige samfunnsspørsmål i denne boka. Nemlig alle dei som må leva under falsk identitet rundt om i landet. Dei lever i ein konstant frykt, og må sjå seg over skulderen når dei går ut. Denne frykta får han fram på mesterleg vis i denne boka.
Romfolket har slått leir i Fjellbergshavn. Dette er ikkje populært blant enkelte innbyggjarar og politikara i bygda. Her viser Jæger kor lett folk stigmatiserar enkelte grupper i samfunnet.
Dette er den fyrste boka eg les om lensmann Ole Vik. Boka startar med at han er sjukmeldt fra sin stilling som lensmann, men at han er på bedringens vei. Ole Vik spelar nok ein meir perifer rolle i denne boka enn i mange av de andre bøkene i denne serien, utan at eg har lest fleire. Likevel føler eg at eg vart kjend med han på det personlege planet. Eg liker at forfattaren tar seg tid til å blanda inn private problemstillingar i boka. På den måten kjem følelsar og karakterar betre fram i hovedpersonane.
Eg har lest at han er opptatt av at kvar bok skal vera frittståande. Eg følte eg hadde gått glipp av noke, med tanke på at Ole Vik var sjukmeldt, og hans relasjon til vikar Mette Mellingen. Den fungerer dog veldig bra som ei frittståande krimbok. Men eg trur likevel eg skal byrja på bok nr 1, for å få den heile og fulle utbytte av serien.
Denne boka likte eg særs godt. Det var eit jevnt godt driv gjennom heile boka. Tempoet gjekk litt opp og ned, men det fungerte utmerket.
Jæger har eit veldig bra persongalleri. Da er mange motsetningar å finna blant hans karakterar, som gjer at han har fleire strenger å spela (skriva) på.
Da einaste spørsmålet eg stiller meg sjølv etter å ha lest denne boka, er kvifor i all verden eg ikkje har lest denne serien før?! Trøysta får vera at eg har 11 bøker til å kosa meg med!
TERNINGKAST: 5+