Ein genial novellesamling for ungdom.
- Norsk tittel: Fotball eller livet
- Forfatter: Tone Nilsen-Bie
- Sjanger: Noveller, Ungdom
- Antall sider: 84
- Utgivelsesår: 2026
- Utgiver: Skriveakademiet
Tone Nilsen-Bie er tidlegare publisert i ulike antologiar, og skriv i tillegg for scenen. «Sumarvariasjonar» som kom ut i 2021, er hennar skjønnlitterære debut. I 2022 gav ho ut ungdomsromanen «På leit etter hjartet ditt», og novellesamlinga «Fotball eller livet» i 2026.

I novellesamlinga Fotball eller livet møter vi menneske knytte til eit fotballag for jenter som går siste året på ungdomsskulen. Dei er mykje saman, både på og utanfor banen. Men likevel skjuler dei ting for kvarandre. Novellene tek opp ulike tema – frå det å vere skeiv og redd for at andre skal få vite – til mobbing og trakassering, alkoholisme, falske skuldingar, upassande forhold, svik og død. Boka inneheld åtte noveller som kan lesast uavhengig av kvarandre. Men dersom ein les alle tekstane kronologisk, finst her òg ei overordna historie. Som tittelen seier, handlar dette litt om fotball, men aller mest om livet.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Fotball eller livet».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ei novellesamling for ungdom som tar opp forskjellig tematikk, men som likevel har ein raud tråd i seg. Boka er skrevet på nynorsk.
Boka inneheld 8 noveller og dei kan leses heilt frittstående, men viss ein les dei kronologisk så ser ein at det er ein heilhetlig historie i det heile. Ein såkalt novellekrans.
Dei går siste året på ungdomsskulen, og er i ferd med å kjempe seg gjennom årene med å finne seg sjølv og sin plass i samfunnet. Dei fleste speler fotball på jentelaget, og har eit fint samhald gjennom lagarbeid og det fellesskapet fotballen har. Likevel slit dei fleste på kvar sin kant, noko me får eit innblikk i gjennom novellene.
Me treff gjerne på samme karakter i andre noveller i boka, sidan alle på ein eller anna måte er knytta til jentelaget. Tematikken spriker ofte fra novelle til novelle, så her finn ein f.eks alt frå det å vera usikker på eiga legning, mobbing, fattigdom, død, svik og til og med litt spiritisme.
Det knirkar og knakar frå trappa dei kom ned, og Rose set frå seg glaset før ho skyv trekassa ho sit på bakover. Marlene reiser seg medan tårene renn. «Vi skulle aldri ha gjort dette. Vi har påkalla Satan sjølv.»
Det er masse å ta tak i gjennom novellene. Både for karakterene og for meg som lesar. Det er på den eine sida innfløkt, der det handlar om å sortere tankar og forstå kven ein er, medan på den andre sida er det historier som definitivt skaper grobunn for ettertanke på kvar sin måte.
Forfattar treff godt med sitt språk og viser at jenter kan være særs utspekulerte for å få viljen sin. Nokre ofrer vener og familie for å nå målet sitt, medan andre ofrer kroppen sin. Så har du dei som knapt våger å sjå folk i augene, eller å peike seg ut på nokon som helst måte. Det er med andre ord store ytterpunkter.
Eg likar måten Nilsen-Bie bruker dette med at dei valgene ein tar der og då, vil få fylgjer seinare. Det går ikkje upåaktet hen, og det former også mennesker gjennom situasjoner som oppstår.
«Han prøvde å valdta meg», kviskrar Jasmin og byrjar å gråte.
Det er ein del metaforbruk, dobbelttydingar, oppbyggende historie som kan fort rives ned att med sine overraskelser som kjem titt og ofte, og ein bør også lese litt mellom linjene medan ein les. I så måte er denne boka heilt ideell for lærere som treng noveller som skal analyseres.
Novellene har fleire strålende avslutninger som både provoserer og overrasker. Forfattar legg føringer undervegs, men det er som oftest alltid ein liten tvist… Viss ein les nøye og klarer å henge med på forfatters tankegong, så kan ein forstå dei fleste sluttene, men ein kan uansett spinne litt videre på eiga hand, og i så måte lever novellene sitt eiga liv frå person til person.
Idet ho høyrer sirener, sig ho saman og stirer mot himmelen. Alle skyene er borte. Ho studerer månen som heng der. Akkurat som før. Stor, rund og gul. Månen held kanskje óg på å forsvinne ned i fjorden.
Novellene viser at ein bør bli kjent med eit menneske før ein dømmer. Fyrsteinntrykket treng ikkje bety noko når personer forsøker å holde oppe ein fasade for å skjule det dei slit med. Kanskje er ein ikkje så forskjellig når alt kjem til alt. Eg liker også måten det handlar om empati og sympati og mangel på sådan. Det er små ting og små val som gjer at andre personer meiner ein er god eller ond.
Eg synes det er smart å ha frittstående noveller. Då kan ein hoppe att og fram i boka og ikkje nødvendigvis sitte å måtte lese ei bok fra A til Å. Samtidig så oppfordrer eg alle til å lese den kronologisk, for ein får eit langt større utbytte av innhaldet på denne måten.
«Fotball eller livet» er ei novellesamling for ungdom som går rett på den problematikken mange ungdommer står overfor. Novellene overrasker, sjokkerer og viser eit vidt spekter av ungdom på godt og vondt. Tone Nilsen-Bie har brukt tid på å bygge opp karakterer og historier til å danne ein raud tråd gjennom dei frittståande novellene. Dette er eit prakteksempel på å treffe målgruppe med sitt innhald, sitt språk og at den er lettlest, men samtidig til stor ettertanke.
TERNINGKAST: 6