Dukken i tauet av Unni Lindell

Ein strålende krimroman, og bok nr. 3 i serien om Snø.

  • Norsk tittel: Dukken i tauet
  • Forfatter: Unni Lindell
  • Sjanger: Krim
  • Antall sider: 381
  • Utgivelsesår: 2024
  • Utgiver: Bonnier Norsk Forlag

Unni Lindell (Født 1957) er forfattar og har opp gjennom årene hatt ein enorm suksess med sine bøker. Dei er lest av millioner av lesere og oversatt til rundt 20 språk. Bøkene med førstebetjent Cato Isaksen og Marian Dahle er kanskje dei mest kjente karakterene, men også den siste serien hennar om Lydia Winther har blitt tatt i mot med opne armer av lesere. I 2024 gav ho ut krimromanen «Dukken i tauet».

Med 30 års mellomrom forsvinner to jenter fra samme familie. Sammenhengen er åpenbar: En dukke er hengt i et tau som et varsel, begge gangene. Seks år gamle Lucy forsvinner av en helt spesiell grunn. Noe som skjedde ved Østensjøvannet i Oslo, tretti år tidligere, har utløst katastrofen. Tjuefem år gamle Lydia Winther, kalt Snø, assisterer Marian Dahles etterforskningsteam med å lete tilbake i tid. Spor i den digitale verden, der parallelle liv leves, fører politiet nærmere den skyldige. Men ikke alle ønsker sannheten frem.
Noen vil opprettholde dekkoperasjonen som ble aktivert for lenge siden. Politiets personverninstruks forbyr slektsgranskning. Snø tar saken i egne hender og graver i Lucys families mørke hemmeligheter ved hjelp av en slektsgransker. 
Snø har eksen Hays svik å hanskes med, og merker ikke at hun sirkles inn. Kan hun redde seg selv? Og hva med Lucy?

Denne boka er frå eiga bokhylle.

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein krimroman, og bok nr. 3 i serien om Lydia Winther, eller Snø som ho vert kalla. Boka kan fint lesast frittstående, sjølv om det er forgreininger til foregående bøker i serien.

Snø vert tidleg innlemma i Marian Dahle sitt team når ei seks år gamal jente forsvinn sporlaust frå ein barnehage. Alt som er att, er ei dukke som heng frå eit tau. Eit spor som bringer politiet 30 år tilbake i tid, då det samme skjedde med ei anna jente. Snø fylgjer spor som få andre, og går eigne vegar for å komme til bunns i saken. Men det kan også fort få store konsekvenser…

Det er ein litt omstendelig start, der Lindell bygger godt oppunder saken, og bringer fakta på bordet for det som skjedde 30 år tidlegare. Her fylgjer me fyrst og fremst Snø og kidnapperen parallelt. Dette fungerer godt, og me får dermed tidleg ein fot i kvar leir.

Lydia Winther, eller Snø som ho vert kalla, er ein solid karakter som har mykje å hanskes med. I privatlivet føler ho eit enormt svik overfor sin eks-kjæreste, som er politimann, og dermed møtes dei i gangene på politihuset. Følelsene for ham er store, til tross for sviket, og dermed vert det ein ekstra belastning for Snø. Når det kjem til jobben, så er det få som er så pågående og får ting til å skje, som Snø. Dette skaper store kontraster og viser fleire sider av karakteren. På den eine sida er ho sårbar, redd og fortvila, på den andre sida er ho pågående, modig og ei tøff ung dame.

Kidnapperen som me fylgjer er også ein samansatt karakter, som på mange måter er ein laus kanon på dekk. Vedkommende er uforutsigbar i sin væremåte, og det er høgst uklart kvifor Lucy er kidnappa. Kidnapperen speler mykje dataspelet WOW, og me får dermed ta ein liten del av dette universet og spelsamfunnet som samlar mange personer rundt om i verda.

Forfatter graver seg meir i dybden på politisystemer og slikt enn mange andre krimforfattere. Ho er meir på det tekniske utan at det vert overveldande. Samspelet mellom folka i teamet er til tidar på bristepunktet, og me får gnisninger og anklager som skaper ein realistisk dynamikk.

DNA fra blod på veske sikret 13. september 2007, sto det. Beslagsnummer A-1, bevisnummer 3167, dok. nr 110, saksnummer 15486790. Men strekkode manglet altså.

Eg må seie at eg likar at Lindell fylgjer med i tida og på denne måten stadig utviklar seg som forfattar. Her er det bruk av slekstforskning, DNA og AI som hjelpemidler for å oppklare saker. I tillegg til nevnte dataspel-universet.

Det er eit innfløkt plott. Det er så innvikla at forfatter må legge ut spor for lesar både her og der, i håp om at lesar skal klare å henge med. På denne måten kjem det mange oppbrukte klisjeer gjennom boka som vart eit irritasjonsmoment for min del. Eg ser poenget bak bruken av det, men når dei kjem som perler på ei snor så legg ein merke til dei på ein heilt anna måte.

Langt bak i hjernen var det noe som forstyrret, det festet seg ikke som en konkret tanke, lå bare og duvet grått og ullent.

Det er ein god del relasjoner å holde styr på, og ein skal verkeleg ha tunga beint i munnen for å skjønne sammenhenger. På denne måten så utfordrer Lindell lesar til å halda konsentrasjonen oppe, og til å leve seg inn i universet og historia. Og det klarar ho på meisterlig vis med sine spenningstopper og ein meget fin utvikling i spenningskurven.

Ein ser raskt at det er ein erfaren forfattar som skriv. Ho veit kor tid ho skal legge inn støtet og kor tid ho kan roe ned tempoet. Eg var aldri i tvil om at dette ikkje kom til å være ei god bok, og det er ein god følelse etter å ha lest eit kapittel og to.

Måten Lindell klarer å bygge opp scener og forventninger på, er eminent. Det er som ho trekker opp eit lerret og seier: «Snurr film».

Hun rettet ryggen. Landskapet kom liksom mot henne, som en kulisse. Grenene hang rundt plassen som mørke vinger. Øyeblikket var her nå. Det hun fryktet. Bevegelsen i lufta, noen svarte fugler, et blad som falt, et stille, gjennomsiktig pust. Falsk stillhet. Pulsen som fylte hodet, alt sammen og ingenting.

Boka består av over hundre kapitler og innehar cliffhangere og spenningstopper som gjer til at boka er vanskeleg å legge frå seg. Dette er eit særs godt fundament å bygge historia på, og Unni Lindell skuffer ikkje.

«Dukken i tauet» er ein spennende og medrivende krimroman. Unni Lindell fornyer seg stadig og står aldri å stamper i det samme sporet, noko som også vises att i teksten. Bøkene om Snø er også på god veg til å bli ein TV-serie, noko som er fullt fortjent. Her har Lindell skutt gullfuglen med sin karakter.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar