Stella Polaris av Myriam H. Bjerkli

Stella lever i eit voldeleg samboerskap med Aleksander. Når sonen deira blir henta av barnevernet, må ho ta vanskelege og skjebnesvangre valg som vil få store konsekvenser for familien. Dette er bok nr 2 i Kodal-trilogien.

  • Norsk tittel: Stella Polaris
  • Forfattar: Myriam H. Bjerkli
  • Sjanger: Krim
  • Antall sider: 312
  • Utgivelsesår: 2019
  • Utgiver: Capitana

Myriam H. Bjerkli (Født 1963) er blant anna frilansjournalist, oversetjar og er forlagssjef i Forlagshuset i Vestfold. Ho debuterte med ei dikt og novellesamling i 2006 i samarbeid med to andre, før ho i 2007 gav ut si fyrste ungdomsbok. Den heiter «Cyprianus» som også vart til dansk. Etter ei rekkje med diverse utgivelsar, kom ho med si fyrste krimbok, «Lille Linerle» i 2017. Så fylgde «Stella Polaris» i 2019 og «Djevelens Yngel» i 2020. Desse tre bøkene utgjer Kodal-trilogien.

Stella og Aleksander er samboere. Saman har dei den fem år gamle sonen Marius. I dette forholdet er det masse krangling, vold og alkohol, så når Stella ein dag skal henta Marius i barnehagen, har barnevernet allereie vert der og tatt med seg Marius. Stella blir desperat, drikk seg full og tar Aleksander sin bil for å finna sonen. På denne kjøyreturen forårsakar ho ei ulykke som gjer at Aleksander havnar i fengsel, og ho må innleda eit forhold til ein framand. Ho gjer kva som helst for å få Marius tilbake, koste kva det koste vil. Det ingen av dei veit, er at det går ein person rundt og fylgjer med på kva dei gjer.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Stella Polaris».

Stella blir hysterisk når ho oppdag at Marius er blitt henta av barnevernet. Ho drikk seg full, tar Aleksander sin bil og kjøyrer for å finne sonen. På veien kolliderar ho med ein postbil. Ein hendelse som skal få store fylgjer for familien. Ho klarar å komme seg ut av bilen på eiga hånd, og ser at det ryk av den andre bilen. Stella klarar å få postmannen Daniel ut av bilen før han kollapser. Stella ser ein bil kjem kjøyrande, og legg på sprang inn i skogen og vekk frå stedet. Politiet med politibetjent Håkon Haakonsen i spissen finn fort ut at bilen tilhøyrer Aleksander. Dei kjem på døra til han, og han tar på seg skylda for kollisjonen. Daniel er blitt lam i begge beina og husker ingenting av kollisjonen, men peikar ut Aleksander som den som kjøyrte ut frå tre bilete av mistenkte han vart vist. Dermed vert Aleksander fengsla. Stella får ein telefon frå Daniel om at han vil snakka med ho på sjukehuset. Når ho kjem der, seier han at han veit at det var ho som kjøyrte bilen. Viss ho vil ha håp om å få tilbake sonen må ho gjera akkurat som han seier, viss ikkje går han til politiet. Stella, som er desperat etter å få sonen sin tilbake har ikkje anna valg enn å høyra på han. Dette skal bli skjebnesvangert. Samtidig lusker ein person rundt i kulissane og får med seg det meste av det som foregår…

Stella lever i eit voldeleg samboerskap, likevel anmelder ho ikkje Aleksander. For ho elskar han, heilt frå barneskulen har da vert dei to. Ho er den einaste som har forstått han og forsvart han, klart da skal vera dei to til evig tid. Her skriv forfattaren mange gode tankar rundt da å vera i eit samboerskap med vold og alkohol. Sjølv om ho vert utsett for ein del makabre ting, er kjærleiken til Aleksander størst. Vil dette endra seg når ho mistar sonen sin til barnevernet?

«Hun prøvde å stenge redselen og savnet nede i magen, ikke la fortvilelsen og sinnet slippe opp og forbi strupehodet, inn i mobilen, der den livstrette fortalte henne at sønnen var plassert i et midlertidig beredskapshjem. Der skulle han bo inntil saken var ferdigbehandlet.»

Dette er bok nr 2 i Kodal-trilogien. Dette er ei spanande og sterk roman om kor fort ting kan gå galt, når det fyrst går galt. Me treff igjen politibetjent Håkon Haakonsen frå boka «Lille Linerle», men han har ein meir perifer rolle i denne boka. Her er handlinga fyrst og fremst lagt rundt Stella, Aleksander, Daniel og Marius. Bjerkli tar oss også med tilbake til oppveksten til Stella og Aleksander, og me kan lesa at dei ikkje har hatt så veldig forskjellig oppvekst, noke som gjenspeilar kven dei er som person i voksen alder.

Kor langt er ei mor villeg til å gå for å få sonen sin tilbake frå barnevernet? Stella slites mellom det fornuftige og einaste rette, men samtidig har ho eit brennande begjær for Aleksander. Ho kjempar ein indre kamp om følelsar for personar og kva og kven som må ofrast for å få sonen tilbake. Forfattar Myriam H. Bjerkli skildrar ein mors kamp på ein strålande måte.

Dette er ikkje ei vanleg A4-krimbok. Det er meir ein spenningskrim med familiedrama framfor politi og etterforskningsarbeid. Her får me ei nervepirrande og skremande oppbyggjing mot da som skal skje, og det er eit interessant og spanande plott Bjerkli har skrevet. Alle vil barnets beste, men til syvende og sist er det barnet som blir den lidende part. Boka er realistisk på det aller meste. Enkelte partier kan virke litt i overkant av kva som er naturlig, men likevel var dette ei bok som eg sleit med å leggja frå meg.

Eg likar måten Bjerkli skildrar personar og deira følelsar. Ein kan formeleg føla smerten til mora og redselen til sonen Marius. Ho skriv plotta sine på ein særeigen måte, og dette er nok ei god bok i Kodal-trilogien. Eg ser fram til å lesa «Djevelens Yngel» som avsluttar trilogien. Eg kan varmt anbefala «Stella Polaris».

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s