Enok av Bjørn Johnsen

Ein mann lever åleine på eit skjær. Eit drap og fleire dødsfall ryster det lille øysamfunnet. To kamerater setter i gong med å finna svar. Ein strålande oppvekstroman ispedd krimelement.

  • Norsk tittel: Enok
  • Forfattar: Bjørn Johnsen
  • Sjanger: Oppvekstroman
  • Antall sider: 311
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Jerv Forlag

Bjørn Johnsen (Født 1952) er frå Mosjøen, og er utdanna lektor med mastergrad i musikkvitenskap. Han debuterte som forfattar i 2005 med romanen «Menneskejerven». Sidan har han gitt ut «Han som kom tilbake» (2009), «Mosjøens pophistorie» (2012), læreboka «Musikkfaget for ungdomstrinnet» (2013) og romanen «Enok» (2021).

Ein mann lever åleina som en skygge på et skjær.
Eit rituelt drap og fleire dødsfall skaper frykt i eit lite øysamfunn på Helgelandskysten, kor to kamerater fylgjer sin urokkelige sportrang.
Sannheter åpenbarer seg som gjennom tåkedis, der farlig begjær og svik avsløres.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Enok».

Eg mottok denne boka uten noko som helst informasjon om innhaldet. På baksida kan dette sjå ut som ei klassisk krimbok, men den inneheld så masse meir, sidan dette er vél så masse ein oppvekstroman.

Jeg-personen i boka er ein person som har ein stor og hemmende talefeil, som gjer det vanskeleg å forstå kva han prøver å formidle. Dette medfører at han tier stille der han burde snakket, og han vert fremstilt av enkelte i bygda som åndssvak og asosial. Men sanninga er at han er langt smartere enn det folk trur. I tillegg har han auge for detaljer, noko som kjem tydeleg fram i boka. Den andre hovedkarakteren i boka er Jack. Jack er bestevennen til jeg-personen. Han har eit auge og eit øyre, men er ein av dei smarteste i klassen. I likhet med jeg-personen har også Jack eit godt auge for detaljar, flink til å observere og tolke samanhenger, og dei er ofte ute og spionerar og leikar detektivar. Sidan begge er eineborn, og begge slit med fysiske skavanker, forstår dei kvarandre og held saman som erteris gjennom tykt og tynt. Å få fylgja desse to opp gjennom åra var ei sann glede.

«Jeg hadde kun to muligheter og begge var like ille: Åpnet jeg kjeften og prøvde å få tunga til å lystre, ble jeg sett på som tilbakestående. Valgte jeg stillheten, ble jeg betraktet som asosial og åndssvak. For det meste valgte jeg stillheten».

Romanen er lagt til ei øy nord i landet på slutten av 90-talet. Her bur da 321 innbyggjarar. Når da så skjer eit drap, og fleire dødsfall følgjer i kjølvannet, så er det klart det vert oppstandelse i den vetle bygda. Dei to kompisane gjer da dei kan for å tolka og observere ting som politiet og Kripos ikkje ser. Likevel handlar det fyrst og fremst om livet til jeg-personen og Jack, samtidig som dei forsøker å løysa drapsgåta. Og sjølvsagt handlar da om Enok. Eremitten som er busatt ytterst på eit skjær.

Boka startar med at jeg-personen informerar om at denne boka skrives til ein person som heiter Kristine Eker. Sakte, men sikkert får eg som lesar meir og meir informasjon om samanheng og årsak til dette. Me fylgjer jeg-personen frå 9-årsalderen, mest gjennom ungdomstida rundt 17-årsalderen, men også som vaksen. Innimellom skriv han direkte til Krisitne. I romanen finn ein kjærleik, svik, kameratskap, mysterier, drap, familiefeider med meir, skrevet på ein sår og melankolsk måte. Boka inneheld óg ein del nærgående seksuelle skildringar.

Eg føler at desse to kompisene kanskje til tider er litt vél kloke og oppegående for sin alder. Dei klarar enkelte plassar å sjå ein samanhang som virkar ulogisk. Drapsplottet er nok kanskje ikkje det beste eg har lest meg gjennom, men det er berre éin del av boka, sidan hovedhandlinga er lagt rundt dei to karakterane sin oppvekst.

Bygdedyret er eit viktig tema i boka. Klasseskillet er stort, og mange har fått eit stempel i panna, utan noken form for å kunne forsvare seg. Dette medfører at ein får mange skildringar som ein vert oppgjeven over, men som ein veit eksisterer rundt om i bygde-Noreg. Sympatien veks rundt enkelte av personane, men samtidig så gjer dei ting som gjer at den forsvinn like fort. Ei herleg blanding av moralistiske og umoralske valg tatt av oppegående mennesker, som skal få store konsekvensar seinare i livet.

«Jeg tapte ingenting som helst. Ikke det guds skapte grann. Eide mer enn noen gang – vissheten om at ingenting kunne knekke meg. Det var bare å prøve seg! Så ung var jeg den gangen.»

Johnsen skildrar nært og kvardagsleg, med blanding av humor og alvor og masse klokskap i teksten, kjem han også med enkelte innslag av filosofiske betraktningar. Han har med fakta frå verkelegheita, som han bygger noko av historia rundt. Framdrifta i forteljinga er god, med stadige nye overraskelsesmoment, og karakterane utviklar seg gjennom heile romanen. Tallrekker og symboler spelar ein viktig rolle, noko som gjer at ein får litt flashback til Dan Brown sine bøker.

Språket i «Enok» er av ypperste klasse. Den er fjærlett, men innholdet treff deg til tider som ein kampestein. Dialogene flyt strålande, og hovedkarakterane har gode karakteristiske særpreg over seg. Med sine 102 kapitler, og eit solid og spanande innhold, er denne romanen ei bok som ein verkeleg slit med å leggja frå seg. Anbefales.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s