Ein mangaserie med djupare meining enn kun magi og fantasy.
- Norsk tittel: Frieren – Ved reisens ende
- Original tittel: Soso no Frieren
- Forfattar: Kanehito Yamada
- Illustratør: Tsukasa Abe
- Sjanger: Manga
- Antall sider: 178 og 198
- Utgivelsesår på norsk: 2026
- Utgiver: Outland Forlag
Kanehito Yamada er ein japansk manga forfattar, og er mest kjent for serien Frieren: Beyond Journey’s End (Sōsō no Frieren). Saman med illustratør Tsukasa Abe har desse to gjort stor suksess internasjonalt med denne mangaserien, og har blant anna vunnet fleire prestisjefylte prisar.

Denne historien begynner der reisen slutter. Magikeren Frieren og en gruppe eventyrere har beseiret demonkongen. Nå vender de hjem igjen og livet kan fortsette som vanlig. Men Frieren er en alv som har levd i over tusen år. Hvordan er det å leve videre når vennene dine blir gamle på et blunk? I begravelsen til helten Himmel blir hun konfrontert med hvor kort et menneskeliv er, og hvor ensom evigheten kan være. Dermed begir hun seg ut på nok et eventyr …
Denne boka er eit leseeksemplar frå Outland Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Frieren – Ved reisens ende».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein japansk mangaserie som såg dagens lys i 2020, og som nå endelig byrjar å finnes i norsk drakt.
Me møter Frieren som er ein over tusen år gamal alv. Ho og ei gruppe med mennesker har nettopp beseiret demonkongen, og no vender dei attende. Ho byrjar å reflektere over at eit lite brøkdel av hennes liv er nesten eit heilt menneskeliv. Folk som ho har vorte glad i er blitt gamle og fell i frå, medan ho sjølv fortsatt er «ung». Ho møter nye mennesker og starter nye eventyr. Eventyr som gir refleksjoner og masse spenning.
I starten av den fyrste boka er det ein effektiv introduksjon av enkelte karakterer. Dette er ikkje så ofte ein finn, så slikt legg ein fort merke til. Gruppa har vert på reis i 10 år når dei vender tilbake som heltar. Det er ein del tidshopping, så når dei møtes att etter 50 år, så har alle blitt gamle bortsett frå alven Frieren. Nye 20 år går og no føler ho seg ensom og forlatt når alle i gruppa er død. Ho forsøker å få betre og nærere kontakt med mennesker, og ho får ein lærling i Fern. Frieren samlar på magiske formler, og hjelper folk ho møter.

Me får små glimt og tilbakeblikk frå livet saman med heltefølget som nedkjempet demonkongen. Dette er markert med ei svart ramme rundt boksene som er eit effektivt og visuelt godt verkemiddel. Illustrasjonene er i svart-kvit og i tradisjonell japansk manga-stil.
Det ligg ein djupare historie i botn når ein les vidare. Ein fylgjer karakterer og historie, men ein ser óg at forfattar ser bak følelsene til karakterene. Det handler om refleksjoner på livet, møter med nye mennesker, utvikling av venskap og det å lære av kvarandre. Frieren lærer f.eks like mykje av Fern som person, som ho lærer vekk magi og trolldom.
I slossescener så kan det innimellom være litt vanskeleg å sjå kva som skjer. Istadenfor å ta eit steg tilbake å zoome ut og få oversikt, har våre to forfattere valgt å gå i nærkamp, bokstaveleg tala. Dermed kan det tidvis bli litt uoversiktlig, særskilt viss ein er relativt ny i sjangeren.
Det er ei stemningsfull bok på ein litt særegen måte når det handlar om å forstå viktigheten av dei små øyeblikka ein har med personar rundt seg. Den óg er småmorsom her og der, og tar brodden vekk frå det alvorlege og dystre som heng over dei.

Karakterene utvikler seg og veks i sine roller, tankesett og oppførsel. Dei drar med andre ord med seg erfaringer og det skapes ein naturleg progresjon. Det er ein spennende og oppslukende historie som me vert ein del av i desse to fyrste bøkene i serien.
Både forfattar og illustratør inviterer til ein oppslukende historie som handlar om langt meir enn fantasy og magi. Våre to helter kjem i kontakt med fleire karakterer, og etterkvart så utvider den lille gruppa seg, og saman må dei kjempe mot demoner, drager og monstre. Sjølv om det er kamper, drap og actionfylte scener, så er det også diplomati inni biletet. Dei forsøker å snakke til fornuft før dei angriper.
«Frieren bok 1 & 2» er ein «ny», spennende og oppslukende mangaserie som ikkje berre handlar om magi og fantasy. Ein finn gode refleksjoner og følelser blant karakterene som ein kanskje ikkje finn i så mange andre serier i denne sjangeren. Eg gledar meg allereie til fortsettelsen.
TERNINGKAST: 5