Vokterne av Svein Gudbrandsen

I 1918 vert førsteinspektør Frank Larsen kontakta av svensk politi. Fleire unggutar har blitt drept i Sverige, og no ser da ut som turen er komen til Noreg. Saka blir langt meir innvikla enn det dei fyrst såg for seg.

  • Norsk tittel: Vokterne
  • Forfattar: Svein Gudbrandsen
  • Sjanger: Krim, Historie
  • Antall sider: 440
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Kolofon Forlag

Svein Gudbrandsen (Født 1967) er til dagleg rådgjevar i NAV, og busatt i Mo I Rana. Han debuterte som forfattar med boka «Vokterne» som vart utgitt i 2020.

Danmark 1905. Det er en fin sommerdag i hagen til Oberst Preben Elkjær i København idet han får eit brev i handa levert frå forsvarsdepartementet med beskjed om å straks reise til Petrograd i Russland. Tsar Nikolai er uroleg. Det rapporteres om opptøyer og uroligheter og det kviskres om en mogleg revolusjon i landet.
Trøndelag 1918, Tretten år seinare vert fleire unge lyshårede gutar funnet brutalt drept i Sverige, heime hjå førsteinspektør Frank Larsen banker det på døra 1.juledag. Utanfor står inspektør Sahlin frå det svenske politiet og ber om hjelp og han antyder at da kan dukke opp fleire myrdede unge gutar nå på norsk side av grensen. Samtidig finn ein fleire unge prostituerte jenter drukna i Nidelven, kan da vera ein samanheng? Førsteinspektør Frank Larsen og hans journalistven Amanda og kollegaer ved Trondheim hovedpolitistasjon graver djupt og djupare og nettet byrjar sakte å snøre seg saman, etterforskninga tvinger ei pakt fra gamal tid fram i dagens lys, og dens voktere vil for enhver pris beskytte sine hemmeligheter.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. (Dette eksemplaret er 2.opplag som vart utgitt i 2021) Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Vokterne».

Dette er ein historisk krim, der hovedhandlinga er lagt til Trondheim i juletider i 1918 og litt ut i 1919.

Hovedpersonene i boka er førsteinspektør Frank Larsen og hans journalistven, Amanda. Eg føler at forfattar har valgt å fokusere på handling framfor å bygge opp karakterer med kjøtt på beina. Me får til dels litt bakgrunnsstoff, men ein kjem ikkje under huda på karakterene. Normalt ville eg følt det var ein negativ ting, men i denne krimromanen er da så masse som skjer, så eg sakna da i grunn ikkje, for utover i romanen er det óg andre personar som får framtredande roller.

Handlinga er lagt til 1918, og ein får eit godt innblikk frå denne tida. Eg sakna likevel litt meir detaljar, som f.eks kledninga til personer og litt meir detaljerte skildringar i ny og ne som ville vert med å bidratt til at ein følte ein var i denne tidsperioden boka gjennom.

Da er masse latter og smil karakterene har seg i mellom. Her synes eg forfattar kunne tonet da ned ein god del. Da er særs alvorlege ting som foregår rundt karakterene, men med så masse smil og latter, vart da til at eg som lesar byrja å mista litt av kredibiliteten til plottet. Enkelte ord og setningar går óg igjen i boka. Her kunne Gudbrandsen med fordel variert litt.

Eg meiner at forfattar Svein Gudbrandsen har sikta høgt med sitt plott, men har lykkes til fulle. Da er så mange lause trådar, så mange ting som skjer og mange personar som er involvert. Men han løyser dette på imponerande vis. Når da i tillegg er hans debutroman, kan ein ikkje anna enn å applaudere. Det er gjennomført med stålkontroll og skrevet på ein slik måte at eg som lesar har god oversikt over da som skjer, samtidig som da er mange opne moglegheitar for ei avslutning på boka.

«Han skrek plutselig ut i smerte da han kjente en borende smerte trenge inn i brystet, han så den fremste mannen ta av seg hetten og stirre mot han med ravnsvarte øyne. Smerten i brystet var blitt ubeskrivelig, med sine siste krefter prøvde han å få sabelen opp og gjør den klar for hugg. Så kjente han føttene sine briste under seg, øynene svartnet og han falt sakte ned mot den kalde hvite snøen og ble liggende i det piskende snøkovet.»

Da er masse historisk korrekte faktaopplysningar i romanen. Alt frå tidlege norske kongar, tsarer i Russland, revolusjon og til korrekt type våpen som er brukt på denne tida. Eg synes da er spanande og interessant når forfattarar brukar historiske hendingar i sine romaner.

Gudbrandsen har med ein kvinneleg journalist som hovedperson, og to framtredende kvinnelege karakterar ved hovedstasjonen i Trondheim. Ein skulle kanskje tru at dette ikkje var eit vanleg syn i desse tider, men historia viser at kvinner gjorde sin inntreden i desse yrka lenge før. Eg synes at å skrive inn desse karakterene, sjølv om kvinnene er vél så modige som herrene i boka, gjer at ein får ein meir balansert historie, og forfattar kan óg spele på langt fleire strenger.

Da er mange hemmeligheter i boka. Kven snakkar sant, kven kan ein stole på? Spørsmåla er mange. Men ein får stadig små hint og drypp av informasjon om kva som ligg bak, og kvifor ting skjer. Dette er nok til at ein lagar sine eigne teorier undervegs, noko som gjer at historia vert meir og meir spanande og altoppslukende.

Me fylgjer både politi og forbrytere i denne krimromanen, men sjølvsagt på ein litt annleis måte enn da ein normalt les, sidan handlinga er lagt til 1918. Her er da meir handling framfor ord. Samarbeidet i politiet kunne nok vert betre, for da er ofte ein og ein, noko som gjer handlinga ekstra actionfylt og spanande.

Da er til tidar makaber lesing i form av mishandling, der kroppsdeler vert klippet bort i håp om å få personer til å snakke, halshugging, og ein god del drap. Det skal legges til at forfattar ikkje har nærgående skildringar av handlingene, men som lesar skapar ein seg eit bilete av handlinga uansett. Eg følte at dette passet inn i historia og tidsperioden, men nevner det likevel, då eg veit at mange lesarar kan føle dette som støtende.

Språket er lett, og da er få ord og uttrykk som minner om 1918, men akkurat da trur eg dei aller fleste kan leve godt med. Da er 86 kapitler, så relativt korte, og sjølvsagt med spanande avslutninger som gjer at ein ikkje kan legga boka så lett i frå seg.

Gudbrandsen har sat saman ei fantastisk bok og ei ellevill forteljing, som eg trudde på. Da er ei kompleks handling, men du verden for ein leseopplevelse. «Vokterne» kan eg absolutt anbefale videre. Denne boka fortjener mange nye lesere!

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar