Thazarenes makt – Herskeren av Marianne Nelvik

Katja Belmon er blitt ein del av troppen som skal beskytte folket mot farer gjennom magi. Men snart får ho eit oppdrag og ansvar som ho ikkje er klar for.

  • Norsk tittel: Thazarenes makt – Herskeren
  • Forfattar: Marianne Nelvik
  • Sjanger: Fantasy
  • Antall sider: 351
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Publica Forlag

Marianne Engesbak Nelvik (Født 1985) er busatt i Giske kommune. Ho arbeider som frilansoversetter, og har tidlegare tatt fagbrev i tømrar og frisør. Ho debuterte som forfattar med boka «Thazarenes makt – Herskeren» i 2021.

Katja Belmon er blitt ein del av troppen – magikerne som skal beskytte folket mot farene som truer utanfor bymurene. Der fylgjer svarte auge med fra skyggene. Portalene som leier til andre verdener, må for ein kvar pris ikkje havna i fiendens klør, og Passasjen må voktes. Katja er ein av dei uinnvidde – dei som ikkje har tilgong til desse ukjente verdenene, der fare og spaning lokker. Troppens kvardag er diktert under eit strikt regime, men ikkje alle er laga for å fylgje regler. Ein dag får Katja ein uventa ordre, ho kastes ut i et ansvar ho ikkje er klar for. Enda mindre klar er ho for verkelegheita som ventar. Magiens kraft skal vere ein velsignelse, men viser seg også å vere lunefull. Kva er eigentleg rett og galt? Kvar går grensa mellom godt og ondt?

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Thazarenes makt – Herskeren».

Dette er den fyrste boka i ein planlagt trilogi. «Thazarenes makt» er ein fantasyserie fyrst og fremst skrevet for ungdom og unge vaksne, men kan óg gje vaksne lesarar ei god lesestund.

Jeg-personen i boka er Katja Belmon. Ho har vert i Cipe i to år som rekrutt, og praktiserer Nano-magi. Ho slit med å få da til, og dei andre ler av ho. Med ein sjølvtillit som er totalt fråverande, vert ho kasta ut i eit oppdrag og eit ansvar ho overhodet ikkje er klar for. Katja er ei usikker og roleg jente, som me fylgjer gjennom kamper, farer og fellesskap. Sakte men sikkert veks ho utover i boka, og forfattar har med dette fått fram ein tydeleg og naturleg progresjon i hovedkarakteren sin.

Ein del av historia i romanen handlar om Katjas indre kamp. Frå å vera god og snill, veks da eit mørke i ho med eit grensesprengande hat. Samtidig får ho sterke magiske krefter. Dermed dukker samvittighetens kvaler opp, og vert med dette eit spanande element i historia.

Den andre hovedkarakteren er Bragd Midnir. Ein overlegen blære som har Katja som eit ynda mobbeoffer på treningsfeltet for magi. Saman må dei etterkvart samarbeide, stole på kvarandre og kjempe for kvarandre. Men lar dette seg egentleg gjere med tanke på kor vidt forskjellige personar dei er? Motsetningane er store, og forfattar speler godt på dette i romanen.

Fantasy-sjangeren er ein sjanger som er underernært på norske forfattarar. Det er óg ein sjangar som lar deg bruke fri fantasi, og ein kan hoppe over alt som har med realisme å gjera. I denne boka er det ein fin blanding av fantasi og realisme. Da er onde krefter, portaler, forskjellige raser og vesener med diverse eigenskapar, og da er masse om energier og magi. Dei som f.eks har spelt dataspel i denne sjangeren, vil nok kjenna att mange element i boka. Når da kjem til realismen så bur dei i ein verden som ikkje verkar så veldig forskjellig frå vår eiga planet. Dei har vanlege yrker, butikker, osv osv.. Byen dei bur i heiter Farnom. Dette er ein by med eit definert klasseskille. Ein plass for dei med magi, og ein for dei utan.

Fyrste del av boka tar for seg introduksjonen av fantasy-universet til Nelvik. Da vert mange ord og uttrykk å setja seg inn i. Alt frå raser og vesener, til diverse stadar, navn på personer og magiformler. Her skulle eg gjerne sett at da var ei lita ordliste foran i boka med små henvisningar til kva dei forskjellige orda tydde. For min del vart da litt lesing att og fram, og notering av kva ting eigentleg stod for.

Da er ein dramatisk historie, med mange vendingar og spanande kamper mellom det gode og dei onde kreftene. Til tider er det eit mørkt univers Nelvik har skapa, med miljøskildringar som kan skremme både liten og stor.
Sjølv om da er masse død og fordervelse, finn ein óg glimt av håp, ei lys framtid, og litt humor i dialogane mellom karakterane.

«For å få bedre overblikk løfter jeg flammen. Synet av bakken får meg til å skyte opp i stående stilling. Det er ikke trepinner. Hele bakken er dekket, nei, ikke dekket, den består av gamle knekte knokler og bein. Hodeskaller i alle former. Noen steder ligger levningene i store hauger, andre steder som et ujevnt teppe av død. En tynn, grålig hinne gjør dem sleipe.»

Romanen kunne kanskje hatt fleire kapitler, då da kan vera litt langt mellom kvart for målgruppa. Med korte kapitler får ein ein følelse av at boka er lettlest, og da kan vera enklare for enkelte å fortsetja si lesestund.
Språket er godt for målgruppa, og forfattar klarar å mane fram gode bilete av vesener, magi og trolldom, og av miljøet dei beveg seg i.

Sjølv om dette er fantasy, er det ein del ting ein likevel kan relatere seg med. Som f.eks da å forhåndsdømme personar, ha tru på seg sjølv, ha sjølvinnsikt og refleksjon over kva ting som er viktig i livet.

Dette er ein solid debutroman frå forfattar Marianne Nelvik. Ho har ein livleg fantasi, som ho på imponerande vis klarar å festa til papiret. Nelvik har skapa eit spanande univers, med ein kvinneleg protagonist som eg gledar meg til å fylgje vidare. Glad i fantasy? Sjekk ut «Thazarenes makt – Herskeren», starten på ein etterlengta norsk fantasy-trilogi.

TERNINGKAST: 5-

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s