Stålrosen av JR Henrixen

Ein ung asylsøker vert funnen død. Dette skal vise seg å vera opptakten til noko langt større enn nokon hadde sett for seg. «Stålrosen» er bok nr. 2 om Jan Petter Salte og hans team på restanseavsnittet.

  • Norsk tittel: Stålrosen
  • Forfattar: JR Henrixen
  • Sjanger: Krim
  • Antall sider: 416
  • Utgivelsesår: 2019
  • Utgiver: A1 Fakta

Jan-Robert Henriksen (Født 1958) har jobba 28 år i politiet. På CV’en sin kan han føre opp politietterforskar, jurist og komikar. Og det er som komiker og buktalar han har blitt ein kjent figur, med over 3500 show på samvittigheita, produsert egne teatershow, vert gjest i mange TV-program og produsert egne TV-show. Han har tidlegare gitt ut to humorbøker; «Er dette menneskets beste venn?» og «LIVET…lissom..». «De udugelige» er hans fyrste krimbok. Henriksen har (pr Nov 2020) gitt ut ytterligare to krimbøker.

Ein ung asylsøker vert funnen død på ein bussholdeplass i Vestfold. Funn som vert gjort på den avdøde gjer at PST tar saken. Når ein ambassadeperson meldes sakna, blir det forviklingar i etterforskinga. I Oslo jobber politiet mot ein farleg narkomafia. Det viser seg at spora føres tilbake til den døde asylsøkaren, noko som skapar konflikter og utreiinga kollapsar. Jan Petter Salte har ansvaret for ei gruppe politifolk som henlegger kvardagsleg kriminalitet. Men i alle desse sakene, ligg det gjemt informasjon, som gruppa legg saman, og med dette ser dei konturane av noko langt større. Noko som kanskje kjem til å både true dei og nasjonen. Denne krimromanen har tatt utgangspunkt i ein reell hending sommaren 2014.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar Jan-Robert Henriksen. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Stålrosen».

Dette er bok nr. 2 om etterforskar Jan Petter Salte og hans folk i restanseavsnittet. Dette er eit avsnitt som skal henlegge småsaker, men samtidig sjå ut som dei etterforskar sakene fyrst.

Etter at eg gav toppkarakter på den fyrste boka, «De udugelige», var eg meget spent på denne. Vil den leva opp til mine forventningar? Svaret er både ja og nei.

Starten syntes eg var litt kronglete og uoversikteleg. Eg sleit med å skjønna kva forfattar ville formidla. Dette tar seg riktignok ganske kjapt opp, og resten av boka er stor forteljarkunst.

Eg likte veldig godt karakterane i den fyrste boka. Folka i restansegruppa er med vidare i denne boka også, samt at dei får med seg ein ny person. Når bok nr 2 er ferdiglest skulle eg gjerne sett at karaktertrekka utvikla seg noke meir. Det blir mykje det samme heile tida. Ein som berre kjem med humoristiske kommentarer, ein som stammer og ser ned i golvet, men samtidig er smart og råsterk, ei strikkande dame som tar ut eigenmeldingar så snart det blir litt arbeidsmengde, og slik fortset da. Her skulle eg gjerne sett litt progresjon i den personlege utviklinga. Dei har tross alt opplevd store ting saman.

Som i mange andre politikrim-bøker er det etterforskninga som er i hovedfokus. Og ikkje minst den evige maktbalansen innad i politiet. Interne krefter gjer at arbeidskvardagen til Salte & co ikkje vert så enkel som dei hadde håpa på. Forfattar drar også fram økonomi gjentatte gangar i boka. Det er begrensa med midler tilgjengeleg, og dei må etterleva da budsjettet som er satt opp. Noko som igjen skapar konfliktar oppover i systemet. Dette kan kanskje høyrast kjedeleg ut, men Henriksen fletter dette naturleg inn i historia.

Humoren er fortsatt meget bra, og består hovedsakleg av kjappe og gode replikkar frå éin person i gruppa, Johnny Jensen. Det er enkel og underholdande humor som treff bredt, og øydelegg ikkje noko av spenning eller realisme i boka.

«Et par røde øyne så på Jan Petter. «Jeg skal levere tippelappen, så kommer jeg inn til deg.» Johnny så på mentoren sin. «Visste du at tippe kan bøyes som et verb, Lars?» Et par dvaske, uinteresserte øyen så tilbake. «Å tippe, tipper, tippet, har tapt.»

I «Stålrosen» vert det kattens lek med musa, der nokon prøvar å føra etterforskinga bak lyset. Til å vere ein politikrim var dette ei actionfylt bok. Etter ein litt treig start, tar boka seg verkeleg opp, og det bygger seg opp til ein særdeles spennande og interessant slutt.

«Stålrosen» tar utgongspunkt i ein reell hending som skal ha funnet sted sommaren 2014. Og med forfattarens bakgrunn med 28 år i politiet, har denne boka eit solid fundament. Fiksjonen i boka er ikkje overdrevet, og innholdet vert dermed truverdig.

Med godt og enkelt språk, samt korte kapitler vart denne boka ein pageturner. Eg klarte ikkje å legga boka frå meg, måtte berre lesa eit kapittel til, og plutseleg satt eg der fleire timar seinare med siste side foran meg. Intet mindre enn ei spennande og oppslukande bok.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s