Lotte-Marie og Matchmorderen av Trude Helén Hole

Lotte-Marie lager ein konto på datingtjenesta match.no. Da skulle ho ikkje ha gjort, og Barry Hole og Varg Lærum vert kopla inn. Dette er bok nr. 3 i serien om Lotte-Marie Ellingsen.

  • Norsk tittel: Lotte-Marie og Matchmorderen
  • Forfattar: Trude Helén Hole
  • Sjanger: Roman
  • Antall sider: 210
  • Utgivelsesår: 2018
  • Utgiver: Feather Book Publishing

Trude Helén Hole er blant anna sommelier, vinskribent, reisejournalist, coach og blogger. Ho eig forlaget Feather Books Publishing og kommunikasjonsbyrået New Spirit Communication. Som forfattar skriv ho både romaner og dokumentarer. I norske medier er ho blitt døypt til «Norges morsomste» for sin serie om Lotte-Marie. Etter sin forfattardebut i 2006, har ho gitt ut ei rekkje bøker.

Lotte-Marie har forlatt det glamorøse livet i California, og flytta tilbake til Oslo. Ho føler seg einsom her, så venninna, Evy, tipsar ho om å opprette ein konto på datingtjenesten match.no. Lotte gir seg i kast med oppgåva om å finna seg mannen i sitt liv. Mannen med stor M. Men det vert ikkje heilt som ho hadde planlagt eller håpa på, og når ting byrjar å gå litt over styr, må ho setja livet ditt på spel. Og da med hjelp av den sexy etterforskaren, sjølvaste Barry Hole. Men saka er ikkje enkel, så til og med Noregs superhelt nr. 1, nemleg Varg Lærum må trå til og hjelpa i denne saka. Saman må dei bruke all sin kløkt i håp om å løysa Matchmordersaka før nok eit liv går tapt.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar Trude Helén Hole. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Lotte-Marie og Matchmorderen».

Dette er bok nr. 3 i serien om Lotte-Marie. Dette er mitt fyrste møte med serie og forfattar, så eg har ingen sammenligningsgrunnlag med tidlegare bøker. Det er pr dags dato (Desember 2020) gitt ut 4 bøker i denne serien. Bok nr. 5 er planlagt utgitt januar 2021.

Det fyrste som slo meg når eg fekk boka i nevene, var flashback til 90-tallets kiosklitteratur. Både forside og font inni boka fekk meg tilbake til denne tida. Ikkje noko negativt ved det, berre ein digresjon.

Boka tar utgongspunkt i faktiske dialogar forfattar sjølv hadde med menn på denne datingtjenesta, då ho gjorde research til boka tilbake i 2009. Dialogane er direkte sitert, det samme er den hysteriske telefonsamtalen med fyren på ein bilverkstad, når det lyser ei varsellampe i bilen til forfattar Hole.

Hovedkarakteren, Lotte-Marie, ser på seg sjølv som manisk depressiv, hvertfall sånn innimellom. Ho lagar ein falsk konto på match.no, og overdriv sine seksuelle preferansar når ho får svar frå nokre av menna. Dette skal forfylgja ho seinare, og skapa mange pinlege situasjonar.

For meg virkar Trude Helén Hole som ein veldig frittalande forfattar, med mange meiningar som ho frontar i boka. Hovedkarakteren Lotte-Marie har ingenting til overs for «sminkedokker», altså oversminka jenter og damer som i samme slengen har fylt seg opp med botox.
Ho langer også ut eit spark om innvandringspolitikk og kultur og religion. Sjølvsagt med eit glimt i auga og overdrevne skildringar. Men i bunn ligg det nok også litt alvor.

«Jeg forstår vitterlig ikke hvorfor så mange finner det nødvendig å kline på et tonn make-up hver bidige dag, selv når de bare skal på trening. Ja, en vet jaggu ikke hva en får – slike kvinnfolk kan meget fint sammenliknes med et Flax-lodd, en må skrape iherdig for å se om en har vunnet, og som oftest ender en opp med en stor skuffelse!»

Parodieringseffekten er stor når Barry Hole og Varg Lærum gjer sin entré i boka. Ein treng ikkje vera rakettforskar for å skjønna kva karakterar ho siktar til. Eit artig innslag.

Tankerekka til Lotte-Marie er som å sleppe 5 ungar laus på eit kjøpesenter. Dei løper i alle retningar. Og slik er det også med handlinga i denne boka. Sjølv om historia ligg der, så fyller forfattar f.eks boka med eit par av sine eigne blogginnlegg. Morosamt? Ja, utan tvil. Når forfattar skriv om seg sjølv og tar seg sjølv uhøgtideleg i eigne bøker, så blir det morosamt. Men samtidig så er det strengt tatt ikkje nødvendig å ha med for handlinga sin del. Når Lotte-Marie søkjer etter seriemordere på nettet, brukar Hole informasjon frå historie.no, og me får verkelege fakta. Dette er eit bra verkemiddel.

Sexskildringar er det ein del av i denne boka. Da er ikkje masse som er overlatt til fantasien her, sidan Lotte går rundt med skitne fantasiar stort sett heile tida. Så det kan vera greit å veta at litt «røft» språk og inngåande skildringar må ein rekna med.

Det er jo morosamt å fylgja Lotte-Marie i denne boka. Ho er høgt og lågt. Ho har store planar og framstår som ei vilter og sexfiksert dama. Samtidig, bak det litt viltre ytre, er det ei ordentlig og roleg sjel. Desse motsetningane kjem også godt fram i boka. Det gjer også sårbarheten og lengselen etter å ha nokon å dela kvardagen og livet med. Så sjølv om dette er ei humorbok, ligg det eit alvor i bunn.

Boka er morosam. Med humor slepp ein unna mykje. Sjølve plottet er ikkje all verden, men alle dei finurlege tankane, pinlege situasjonane, dei artige skildringane, og det fantastiske pågongsmotet til Lotte, gjer denne boka til ei fornøyelig lesning.

Eg trur nok at denne serien slår best an hos jenter/damer. Men at den kan lesast og likast av begge kjønn er det ingen tvil om. Dette er ei bok der du blir glad medan du les. Glad fordi du berre må smila av alle dei underfundige situasjonane som oppstår. Samtidig vert ein flau på hennes vegne.

Som ei krimbok når den ikkje heilt opp, sjølv om det er spenning og ei nerve der. Men når boka frontes med «Norges morsomste serie» er det kanskje ikkje eit intrikat krimplott ein fyrst ser etter, og da er nok heller ikkje målet til forfattar. For morosam er den. Utan tvil. Likar du satire, sex, forviklingar og humorfylte bøker? Då er denne serien eit meget godt alternativ.

TERNINGKAST: 4+

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s