Spindelvevet av Stig Ellingsen og Simen Ingemundsen

Ei tidlegare verdskjent modell flyttar tilbake til Randaberg med tenåringsdottera si. Der ventar ein person på å endeleg få tatt sin hevn på Camilla Tungenes. Fyrstekriminalbetjent Bjørn Brenner får saken på bordet. Den blir langt meir omfattande enn han fyrst hadde rekna med.

  • Norsk tittel: Spindelvevet
  • Forfattar: Stig Ellingsen & Simen Ingemundsen
  • Sjanger: Krim
  • Antall sider: 363
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Skamløst Forlag

Stig Ellingsen har skrevet ei rekkje krimbøker med Bjørn Brenner og Hanne Berntsen som hovedkarakterer. Me treff Bjørn Brenner for fyrste gong i boka «Incubo» som kom ut i 2010.
Simen Ingemundsen er ein kjent bokblogger, som går under navnet BokTimmy. Han er også foredragsholdar, festivalsjef og arrangør for litterære arrangementer. No kan han også føre opp forfattar på CV’en sin.

Camilla Tungenes blir som 16 åring oppdaga av eit modellbyrå, og befinn seg på framsider av magasiner verden over i fleire år. I voksen alder returnerer ho til Randaberg, saman med sin vakre tenåringsdotter. Det skal fort vise seg å bli skjebnesvangert. Ein person har i lang tid fylgt med Camilla Tungenes, for å ta ein grusom hevn. Fyrstekriminalbetjent Bjørn Berner får ei urovekkande savnetmelding-sak på bordet. Alt av ressursar vert kobla inn, når han og hans team jobber mot klokka. Det skal vise seg å bli langt meir omfattande enn han fyrst trudde.

Denne boka er eit anmeldareksemplar på PDF frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Spindelvevet».

Rune Kvia var gift med modellglamouren Camilla Tungenes, men det endte i skillsmisse etter 14 års ekteskap. No bur han på Randaberg, og har dottera Cecilie hos seg. Ho er 14 år, og finn godt selskap i labradoren Carl Ivar. Rune er ein overbeskyttande far, som ikkje likar at dottera går tur med hunden på kveldstid. Spesielt ikkje etter at ei jente på Cecilies alder forsvann for nokre år sidan i det samme området. Men dottera vert berre irritert og går ein anna vei enn ho pleier i trass. Rune fylgjer etter, men plutseleg er både labradoren og Cecilie vekke. Panikken slår inn for fullt hos Rune, og Bjørn Berner blir satt på saken. Det blir ein kamp mot klokka, der Berner og hans team gjer da dei kan for å få oversikt over alle lause trådar, men ein innpåsliten journalist gjer ikkje saken enklare for politiet.

«Rune ropte på både Cecilie og hunden uten å få svar. Stillheten var øredøvende. Svetten dryppet nedover ryggen og kroppen spente seg. Det var ikke annet å gjøre enn å sjekke. Forsiktig beveget Rune Kvia seg innover i det tette gresset med en uggen følelse av at noe eller noen ventet på ham.»

Når eg byrja å lesa denne boka, slo det meg at dette måtte vera ei ungdomsbok. Eg skjønte etterkvart at det ikkje var tilfelle, men språket er veldig enkelt. Likevel er det befriande å lesa ei lettlest krimbok, sjølv med enkelte feil og manglar.

Eg leste eit anmeldereksemplar på PDF-fil, så eg er usikker på om dette er den endelege versjonen. Men her blei hunden Carl Ivar også skrevet som Karl Ivar, ved eit tilfelle var det også forveksling mellom mor og dotter. Ingen frykteleg store ting, men ting som trekk litt ned for min del.

Plottet er ikkje noke nytt i krimsjangeren, og det er litt sånn «rett-fram» krim, utan særskilde bihistorier. Men eg trudde på historia og plottet. Det er noko som kan skje i verkelegheita og det er ei fengande bok. Korte kapitlar, der det veksles mellom etterforskninga og gjerningsperson som skrives i jeg-format. Sjølve handlinga foregår på Randaberg utenfor Stavanger.

Eit bra plott, god progresjon i historia og veldig lettlest. Her finn du heller ikkje masse blod og gørr, noko som gjer at denne krimromanen kan lesast av alle som er glad i gode bøker. Eg ser verkeleg fram til fortsettelsen av samarbeidet mellom forfattarane Ellingensen og Ingemundsen og serien om Bjørn Brenner. Kan absolutt anbefala denne boka vidare.

TERNINGKAST: 5-

2 kommentarer om “Spindelvevet av Stig Ellingsen og Simen Ingemundsen

  1. Tine 25/07/2020 kl. 08:37

    Flott omtale, kjekt å ha i bakhodet når jeg skal lese boken 🙂

    Likt av 1 person

    • bokbloggeren 25/07/2020 kl. 09:06

      Takk for da. 😊 Det var ei god bok, så du kan glede deg. Ser fram til fortsettelsen i denner serien.

      Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s