Tusenårsriket av Tonny Gulløv

Den unge og temperamentsfulle mannen, Ulv, vert tatt som trell av vikingene på 900-talet. Dette er eit liv han ikkje aksepterer. Dette er den fyrste boka i ein storslagen serie om Ulv Palnatoke.

  • Norsk tittel: Tusenårsriket
  • Original tittel: 1000-Årsriget
  • Forfattar: Tonny Gulløv
  • Sjanger: Roman
  • Antall sider: 564
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Vigmostad&Bjørke

Tonny Gulløv (Født 1966) er ein dansk forfattar som kom ut med sin fyrste bok i 2000. Siden den gang har han gitt ut ei rekkje bøker. Mest kjent er han for vikingsagaen om Ulv Palnatoke. «Tusenårsriket» er den fyrste boka i denne serien. Gulløv har gitt ut fire bøker om Ulv Palnatoke i Danmark. Til dagleg jobber han som purses i SAS, og har alltid vert interesset i historiske romaner og spesielt vikingtida.

I 937 herjes Britannia av dei danske vikingenes plyndringstokt. Ulv er ein ung mann fra Kumraland, som skal få kjenne på vikingenes vrede. Han blir tatt som trell og fastlenka til ei åre på drageskipet Havormen. Her vert han kjent med Ymer, ein stor kjempe som prøver å få litt skikk på den temperamentsfulle Ulv, slik at han har moglegheiter til å overleve ombord på skipet. Men Ulv nekter å akseptere livet som trell, noko som nesten koster ham hovudet. Gjennom hovedpersonen Ulv Palnatoke fortelles den dramatiske tusenårige historia om dei tre legendariske kongane Gorm den mektige, Knut Gormsson og Harald Gormsson, som i dag er betre kjent som Gorm den gamle, Knut Danaast og Harald Blåtann.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Tusenårsriket».

«Tusenårsriket» er den fyrste boka i denne serien som vert utgitt på norsk. I Danmark er det til no (pr oktober 2020) utgitt fire bøker.

Hovedpersonen, Ulv Palnatoke, er ein særdeles temperamentsfull ung mann som i staren av boka er 13 år, og som havner ofte i trøbbel grunna hans mangel på å styre snakketøyet sitt. Men han er heldig som kjem under vingene til den store kjempa Yme, som prøver å banke inn litt vett i hovudet på Ulv. Saman skal dei måtte kjempe mange slag.

Ein vert fort dratt rett inn i vikingtida, der alle navn og stadar ein lærte på skulen sjølvsagt er med. Boka byrjar med kart over Europa på den tida, og ei ordliste samt slekstre. Ein skjønar allereie her at denne boka er omfattande og innehar realistiske og historiske skildringar om vikingenes herjinger i Europa, og det som seinare danna grunnlaget for Danmark som nasjon, slik forfattar sjølv har tolka da.

Eg var med i handlinga frå fyrste side, og vart bergtatt av formidlinga til forfattaren. Språket er flytande og lettlest, tross veldig mange navn og stadar som nevnes gjennom boka. Skildringane er til tider røffe. Men det må det også vere viss ein skal prøve å gjenskape den brutaliteten som vikingene var kjent for.

«Mange røvere fikk lungene revet ut gjennom ryggen og ble hengt opp i et tre mens de stadig var i live, til skrekk og advarsel for andre. Blodørnen var en grufull måte å dø på, men den virket.»

Ingen tvil om at forfattar sit inne med stor kunnskap frå vikingtida. Det er ei reise tilbake i tid som skapar inntrykk. Me får lesa om korleis treller vart behandla, det sjokkerande kvinnesynet, detaljerte skilidringar av kledning og våpen til ein viking i kamp, og om det taktiske spelet som foregjekk i kulissane blant dei mektige kongane og jarlene.

Og nettopp denne maktkampen må ein ha tunga rett i munnen om ein skal klare å fylgja tankegongen til forfattar. Eg falt ut fleire gongar, og måtte bla meg tilbake for å prøve å få med meg samanhengen, noko som ødela litt av min leseopplevelse. Følte også at sverdkampene vart litt gjentaking etterkvart, men heldigvis varierte forfattar meir mot slutten av boka.

Forteljarperspektivet er ei eldre stemme som ser tilbake på si eiga ungdomstid i «jeg-format». Historia fylgjer tidsbiletet slavisk, så ein slepp hopping att og fram i tid, som det hender det er i enkelte bøker. Sjølve boka er på godt over 500 sider, noko som kanskje gjer at enkelte vil vegre seg litt for å lese den.

Boka handlar om rå brutalitet, sverdkamper, kvinnfolk, politisk spel mellom konger og jarler om land og rikdom, samhold, familiære forhold, og det er også rom for litt humor blant all ondskap. Me får også eit godt innblikk i at familiens ære var veldig viktig på den tida.

Boka er velskrevet, men ikkje noko nyvinning blant dei historiske romanane som har vert skrevet opp gjennom åra. Men eg vil tru at for dei som er interessert i vikingar og historiar kring denne tida , vil denne boka verta ein av dei store favorittane. Historia er strålande, universet er utsøkt og forfattar har brukt dei eldste versjonane av by og stad-navn der da har vert mogleg, noko som det oser realisme av.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s