De udugelige av JR Henrixen

Ein krigsforbrytar rømmer under soning i Noreg, og ein spetakulær forbrytelse finn sted i kjølvannet av flukta. Politalarmen går i heile Europa. Dette er fyrste bok i serien om politimannen Jan Petter Salte.

  • Norsk tittel: De udugelige
  • Forfattar: JR Henrixen
  • Sjanger: Krim
  • Antall sider: 386
  • Utgivelsesår: 2018
  • Utgiver: Liv Forlag

Jan-Robert Henriksen (Født 1958) har jobba 28 år i politiet. På CV’en sin kan han føre opp politietterforskar, jurist og komikar. Og det er som komiker og buktalar han har blitt ein kjent figur, med over 3500 show på samvittigheita, produsert egne teatershow, vert gjest i mange TV-program og produsert egne TV-show. Han har tidlegare gitt ut to humorbøker; «Er dette menneskets beste venn?» og «LIVET…lissom..». «De udugelige» er hans fyrste krimbok. Henriksen har (pr Nov 2020) gitt ut ytterligare to krimbøker.

Krigsforbrytaren Vojislav «Grozny» Barukcic rømmer under soning i Noreg under dramtatiske omstendigheter. Politialarmen går over heile Europa, og den sindige politimannen, Jan Petter Salte, tar opp jakta. Det skal fort vise seg at interne krefter innad i politiet ikkje vil ha han med på etterforskninga og degraderer han til å lede ei gruppe som skal henlegge småkriminalitet. Gruppa vert fort døpt som «de udugelige». I kjølvannet av flukta skjer ein spektakulær forbrytelse, og alles auge er retta mot krigsforbrytaren. De udugelige bestem seg for å ta saka i eigne hender, og den uortodokse gjengen tar i bruk alle metodar for å utmanøvrere kriminelle, så vel som sterke krefter innad i politiet.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «De udugelige».

Eg har kun høyrt om Jan-Robert Henriksen gjennom sin komikerkarriere. At han også var forfattar var nytt for meg. Så denne boka var eg spent på, sidan det også står «ispedd skarp humor» på baksida av boka. Er det ei parodierende bok eller ei bok med berre tull og tøys? Svaret er nei. Dette er ei seriøs krimbok ispedd meget artige kommentarer frå enkelte av politifolka innimellom alt det seriøse.

«De udugelige» inneheld truverdig politietterforskning, litt overdrevet politietterforskning, humor, latter, spenning, action, savn, hevn og den store kjærleika og omsorgen for sine eigne barn. Alt dette er fantastisk godt skrevet og skildra.

Humor er viktig i eit slikt yrke. Politifolk opplev mange skjebner og episoder som vil fylgja dei livet ut. Henriksen har i denne boka skildra nettopp dette på ein strålande måte. Med galgenhumor og skarpe tunger i frydfulle dialogar som lettar ein politikvardag, gjer at eg som lesar smilte og lo fleire gongar innimellom alle slaga.

«Hvor er Bingo?» Rita snufset litt, trakk godt med luft og sporet inn på oppdraget.
«Ute og spiser et eller annet» svarte hundeeieren. «Han sluker alt, tygde opp halve bilen min.»
«Ute på jakt?» Rita tørket en tåre i høyre øyekrok.
«Jepp. Gjør vel som de narkomane, tar seg en rev.» Replikken kom akkurat så lakonisk at det var meningsløst. Det eksploderte. Latter gir distanse til det vonde.

Persongalleriet er stort og veldig variert. I starten vert ein litt overvelda av alle navna, så anbefalar folk å vera litt konsentrert dei fyrste kapitla. Men nettopp persongalleriet gjer denne boka så god og unik. Hovedkarakteren, Jan Petter Salte, vert me godt kjent med, og er ein seriøs, smart og hardtarbeidande person. Forfattar har også blanda inn ein lat fyr som klagar på det meste, ein som har humoristiske svar på det meste, ein som er særs beskjeden, og ei dame med ein brokete bakgrunn. Når desse slår seg saman, så må det berre bli ei herlig blanding av forskjellige identitetar og karakterar. Og sjølvsagt sit det høge herrar på toppen av hierakiet som mislikar innblandinga og arbeidsmetodane.

Plottet er stort og velkomponert. Det er mange baller i lufta på ein gong, og det er ingen kjedelige perioder i boka. Her er det spenning frå fyrste side av, med mange actionscener og heseblesende episoder romanen gjennom. Da er 123 kapitler i boka som gjer den meget lettlest og avhengighetsskapande, noko som førte til at nattlampa gjekk seg varm med denne boka.

Sjeldan har 386 sider gått unna så fort. Eg skulle ynskja at boka aldri tok slutt. Heldigvis har forfattar skrevet fleire bøker i denne serien om politimannen Jan Petter Salte. Eg har hvertfall funnet meg nok ein bokserie som eg har trykket til mitt bryst, og som eg med stor glede og iver ser fram til i fortsettelsen.

Eg vart særs overraska over nivået og innholdet. Den inneheld alt eg ynskjer i ei god krimbok. JR Henrixen er eit navn alle som er glad i krim bør merka seg. Dette er ei av dei beste bøkene eg har lest innan krimsjangeren. «De udugelige» kan eg derfor varmt anbefala videre.

TERNINGKAST: 6

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s