Lien er ei lita jødisk jente som vert sendt bort av foreldra under den 2.verdskrig. Forfattar Bart van Es har høyrt historier om besteforeldra som gjemte denne jenta hos seg. Gjennom research og samtalar med Lien skriv han denne boka sett frå hennes ståsted.
- Norsk tittel: Jenta med minneboken
- Original tittel: The Cut Out Girl
- Forfattar: Bart van Es
- Sjanger: Sakprosa, Dokumentar
- Antall sider: 267
- Utgivelsesår: 2019
- Utgiver: Forlaget Press
Bart Van Es (Født 1972) er professor i engelsk litteratur ved universitetet i Oxford. Han er født i Nederland, men har budd ei tid i Noreg, Dubai og Indonesia, før han slo seg til ro i Storbritannia. Bart van Es er ein av verdas fremste forskarar på Shakespeare og engelsk renessanselitteratur. Han har gitt ut ei rekkje fagbøker. Med «Jenta med minneboken» vant han priser for Årets bok i Storbritannia og Årets biografi i 2018.

Under den 2. verdskrig vert Lien skilt frå sine jødiske foreldre i Haag. Ho vart gitt bort i håp om at ho vart redda frå dei forholda jødene levde under. Lien veks opp i skjul hos forskjellige fosterforeldre. Ho likte seg spesielt godt hos van-Es familien. Forfatter av boka, Bart van Es huska frå barndommen av, ei forteljing der besteforeldra hadde holdt ei lita jødisk jente skjult under krigen. Ho vart kalla Lientje. Besteforeldra oppdrog ho som ho skulle vert deiras eiga dotter. Men plutseleg har Lientje brutt all kontakt med familien van-Es. Kva skjedde med Lien under 2.verdskrig, der ho vart sendt frå familie til familie. Og kvar vart ho av i åra som fulgte? Dette er historia om den jødiske jenta med minneboka.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Jenta med minneboken».
Hesseline, kalla Lien, er ei lita jente med jødiske foreldre som bur i Haag i Nederland. Når ho var litt over 2 år gamal skilde foreldra seg, og ho vart sendt til ein tante og onkel. Etter to år gifta foreldra seg på nytt med kvarandre. Dette vart ein ny start for Lien og familien. I mai 1940 vert Nederland invadert. Men tyskarane er venlege og Lien merkar ikkje noko til krigen enda, den einaste store skilnaden er at ho no må gå på ein jødisk skule. Men frå september 1941 vert situasjonen ein heilt anna. Då kjem det opp skilt ved bokhandlarar, parker, museer etc kor det står at jøder har ingen adgang. På skulevegen vert Lien kasta stein på, og ein gong flokka ein gjeng seg rundt ho og drog ho inn i ei bakgate og ropte og hoiet «Vi har fanget ein jøde». På seinsommeren i 1942 tek foreldra avskjed med Lien. Dei har valgt å senda ho vekk, i håp om at ho kjem seg i sikkerhet hos ein fosterfamilie. Gjennom eit stort skjult nettverk av mennesker, kjem Lien til familien van-Es. Her vart ho holdt skjult fram til politiet står på døra, og ho blir sendt til naboen kun iført nokon alt for store støvlar. Dette er starten på ei tid med flykt frå politi og å koma inn i forskjellige fosterfamilier. Lien skal få kjenna på savnet etter foreldra, ho må innfinna seg nye rutinar og reglar hos dei forskjellige familiane, og ho vert utset for misbruk og svik. Korleis har dette påverka ei menneske som Lien?
Forfattar Bart van Es har lagt ned eit formidabelt arbeid i denne boka. Han har reist til Nederland, hatt utallige samtaler med Lien, som nå er ei godt voksen dame i 80-åra. Han har reist rundt i Nederland og oppsøkt plassar og folk for å danna seg eit bilete av den historia Lien og besteforeldra hans har sittet inne med.
Ho har ei minnebok, kor venner og slektningar har skrevet i, samt brevvekslingar under og etter krigens dagar med venner og «familie», som er gjengitt i denne boka. Den er også pryda med ein god del bilete av personar, der forfattar detaljert forklarar kven som er på bileta, slik at det ikkje skal vera nokon tvil om kven som er kven.
«De går rundt og rundt langs de samme stiene, ser de samme ansiktene, sier ingenting. Mens de gråter sammen, holder Lien seg tett inntil denne varme, sterke kvinnen, og følelsen av savn får selskap av en ny følelse, av kjærlighet.»
Bart van Es skriv om den nederlandske historia for jødane opp gjennom århundra, kor ting byrja å forandra seg, og ikkje minst korleis Nederland håndterte jødane etter at krigen var slutt. Me får også inngåande historiske fakta frå enkelte av byane Lien budde i.
Eg skulle gjerne ynskja at forfattaren skreiv meir utfyllande om det livet Lien levde under krigen. Eg skjønar at det kan vera litt vanskeleg, når hovedpersonen sjølv til tider kun husker bruddstykker av ting, og forfattar sjølv må sjekka opp i historiebøker og snakka med naboer og augevitner. Men eg føler eg ikkje heilt får kjensla på den fryktelege følelsen da må vera å bli forflytta frå ein gjøymeplass til den neste, og ikkje ane når du får sjå natur og himmelen igjen bak lukkede dører eller i mørke jordkjellere. Likevel får me eit bilete på at ho vart tatt vare på av forskjellige mennesker, men samtidig særdeles underernært på kjærleik og ømhet.
Det som er spennende, er å fylgja forfattarens vei mot oppklaringa på kvifor kontakten slutta mellom besteforeldra hans og Lien. Dei ofra eigne liv på å holda nokon skjult, kva ligg då bak eit slikt brudd?
Bart van Es skriv ærlig og oppriktig, og har gjort grundig research og skildra Nederland under 2. verdskrig på ein veldig god måte. Boka vekslar mellom Liens historie og forfattarens reise rundt om i Nederland, på leit etter folk og plassar som har vert ein del av Lien’s liv. Dette føles heilt naturleg, og forfattar har gjort ein god jobb med å skriva kronologisk frå livet til den over 80 år gamle «tanta» si.
«Jenta med minneboken» er ei veldig god bok, sjølv om eg som nevnt saknar dei såre skildringane rundt alt som skjedde Lien i ung alder. Eg synes oversetjar av denne boka har gjort ein fantastisk jobb, og spesielt av det som står beskrevet i minneboka til Lien.
Dette er ei sakprosabok. Men likevel vil eg seie at den passar for alle som er glad i gode historiar. Bart van Es byggjer opp forteljinga på strålande vis. Eg kan varmt anbefala denne boka vidare til leseglade personar, uavhengig av sjangar.
TERNINGKAST: 5