Pavlovs puslespill av Anniken M. Kok

Ein overraskende velskrevet og god roman.

  • Norsk tittel: Pavlovs puslespill
  • Forfatter: Anniken Marijke Kok
  • Sjanger: Roman
  • Antall sider: 293
  • Utgivelsesår: 2024
  • Utgiver: Liv Forlag

Anniken Marijke Kok (Født 1978) er rektor ved ungdomsskule i Ringerike. Ho debuterte som forfatter med romanen «Pavlovs puslespill» i 2024.

Ensomhet er en rotte. Mens du er opptatt med noe annet sniker den seg inn og gjemmer seg innerst i mørket. Når du merker at den er der, er det for sent. Du er alene, ansvarlig og usikker på nesten alt.
Martin har vært som en far for nevøen, Marius, i hele hans liv. Hjulpet og presset av vaktsomme naboer, Marius’ impulsive mor og Martins strenge far, har de to bygget en liten familie. Nå begynner Marius på ungdomsskolen, og alt blir annerledes. Han er ikke lenger et hengivent barn, men en tenåring på intens leting etter sin plass i verden. Martins livsoppgave blir heller ikke enklere når det viser seg at Marius nye kontaktlærer er et svært uventet gjensyn …

Denne boka er eit leseeksemplar frå Forlagshuset i Vestfold. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Pavlovs puslespill».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein roman som blant annet omhandler det med å finne sin plass i livet.

Martin har ansvaret for sine 13 år gamle nevø, Marius, ei rolle han tar på største alvor. Så langt har det gått greit, men nå er Marius tenåring og han utforsker og leiter etter seg sjølv oppi kaoset av følelser og forsøker å fylgje straumen etter det andre på hans alder gjer. Dette fører til at Martin står overfor langt større utfordringer enn han har sett for seg. Samtidig kjem kontaktlæreren inn i begges liv, på vidt forskjellige måter.

«Du er ikke faren min på ekte, så kan du ikke bare drite i?» Øynene vokser mens han snakker, som om han selv blir overraska. Men han mener det. Og han sa det. Ikke på ekte…

Me fylgjer i all hovedsak tre personer boka gjennom, der desse personene har eigne kapitler og får ei jeg-fortellerstemme. På denne måten har forfatter ein langt større frihet til å skape historien og til å komme godt under huden på karakterene. Situasjoner og tematikk får me frå forskjellige synspunkter og vinkler, frå ein 13 år gamal gut som er sønn og elev, til personer i 30-40 åra, som er forelder, kontaktlærer og som «skal» ha livet på stell.

Marius har hatt ein brokete oppvekst, der hans biologiske far ikkje har vert til stades, og ei mor som sliter psykisk og knapt klarer å ta vare på seg sjølv. Då har tryggheta vert hans onkel, som også har påtatt seg foreldreansvaret. Marius har også ein fin kontakt med bestefaren, om enn på ein litt plausibel måte. Etterkvart kjem det også ein hund inn i biletet. Pavlov er ein hund som dei overtar etter at bestefaren må gi den frå seg. Dette skal verta Marius sin beste ven gjennom tjukt og tynt, og speler ein hjertevarm rolle i historia. Pavlov bryr seg ikkje om kva Marius finn på. Han overøser sin kjærleik for individet Marius.

Det er fleire bi-historier i romanen. Sigurd er lærer og har ei pågående sak med ein tidlegare elev, som forfylgjer han meir eller mindre gjennom heile romanen. Me fylgjer også samspelet i dysfunksjonelle familier, som ikkje alltid er like godt.

I starten vert ein introdusert for ein god del personer i form av familie og venner. Dette vart i mine auge vagt, og ein får nødvendigvis ikkje skikkelig taket på kven og kva relasjoner dei har med ein gang. Her kunne forfatter vert meir direkte, og berre nagla personer til navn og relasjon der og då.

Tobias Groth sitter ved siden av hun som må være venninna til Matilde. Hun heter Malia, og kan nesten ikke la være å møte Matildes blikk tvers over klasserommet. Emil André Hope ser ut som han er redd for å svare feil, men han smiler når jeg møter blikket hans. Virker som det er han Matilde og Malia er mest opptatt av. Hanna har halvlangt, lysebrunt hår og Simen har stilt opp med grønske på knærne.

Det handler blant anna om familieforhold, kjærleik, jakta etter å finne seg sjølv, fordommer, det berømte bygdedyret og følelser. Masse følelser. På godt og vondt. For det er ikkje berre Marius som får store omveltninger i livet sitt. Når Martin vert hodestups forelska i ein person, så må han veie for og mot om kven som bør prioriteres til enhver tid. Dette går ut over hans forhold til både Marius og sin makker. Dermed blir han stående litt mellom barken og veden, og uansett kva han velger, så skuffer han ein av dei. Dette er ein engasjerende tematikk, som eg vil tippe mange kjenner seg att i.

Me får ta del i eit giftig klassemiljø, der digital mobbing og utestengelse er ein del av kvardagen. Å finne sin plass i eit slikt miljø er nesten ein håplaus oppgåve, og her synes eg at forfatter skildrer det knakende godt.

Eg skal ærleg innrømme at eg sleit litt med å få taket på karakteren Marius. Han er djevelsk, men sårbar, og tøff, men redd. Ein person som ypper til bråk, men som raskt angrer seg. Her skulle eg i utgangspunktet gjerne hatt meir utgreiinger frå forfatter, men samtidig så er det ein gut som er i starten av tenåra. Ei tid der alt er kaos, og ingen kjenner utgangen av det. Derfor er det heilt korrekt av forfatter å la det gå litt på «sjølvstyr», for det vert meir realistisk og uforutsigbart på denne måten.

Det som nok fascinerte meg mest med boka, er at det er eit kaos av følelser. Og det gjeld om ein er ung eller gammel. Ein slutter aldri å bekymre seg, og når ein oppå alt det som skjer vert nyforelska, så topper følelseslivet seg. Her er Kok i sitt ess, og ho får sjølv vaksne menn til å framstå som fjortiser.

Språket er godt, og jobben til forfatter som rektor på ein ungdomsskule, gjenspeiles i teksten. Me kjem tett innpå både skule og ungdomsmiljø. Det samme kan seies om samspelet mellom foreldre og lærere. Ho tar også opp fordommer og viser kva ei «uskyldig» handling har å seie for eit sårbart menneske.

Dynamikken mellom ung og gammel hakker litt innimellom, samtidig er det også livets realitet. Forfatter treff godt på sin tematikk og sitt ungdomsmiljø, og romanen innehar ein del viktige bodskap midt oppi alt som skjer rundt våre hovedkarakterer.

Jeg kunne tilrettelagt, kartlagt, skjermet, innskrenket, utvidet… Videregåendetoget har gått, og alene igjen står den minste, stilleste gutten som aldri fant perrong 9 og tre kvart. Skolen svikta – og skolen, det er meg. Utilgivelig!

«Pavlovs puslespill» er rett og slett ein knakende god roman. Innhaldet byr på langt meir enn det omslag og baksidetekst formidler. Boka er som ein godtepose der ein håper det aldri tar slutt. Ein strålende debutroman frå Anniken Marijke Kok.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar