Ei innhaldsrik diktsamling, som er innom mange forskjellige temaer.
- Norsk tittel: Til dei blå dagane
- Forfattar: Vigdis Maria Tjørhom
- Sjanger: Poesi
- Antall sider: 111
- Utgivelsesår: 2021
- Utgiver: Tekst Forlag
Vigdis Marie Tjørhom (Født 1953) har i mange år bodd i Stavanger og arbeidd i psykiatrien. «Til dei blå dagane» som kom ut i 2021, er hennar femte diktsamling.

Når ein ser at fortida er lenger enn framtida, kan det vera på tide å reflektera over dagar som var, er og vonleg kjem.
Kanskje særleg i denne tida, som på mange måtar kan kjennast uviss og utrygg. Dagane er som ein blå melodi mot uendelig hav og himmel.
Og som klokkespelet i blåklokker når milde sommarvindar rører ved dei.
Denne boka er eit leseeksemplar frå Tekst Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Til dei blå dagane».
Dette er ei innhaldsrik diktsamling som er innom mange forskjellige temaer. Dikta er skrevet på nynorsk.
Det er mange åpne dikt, i den forstand at eit dikt kan ha mange tydingar. Her er det absolutt rom for tolkning, noko som er spananade. Diktsamlinga er bortimot fri for tegnsettingar, og store bokstavar. Det er ingen overskrifter, og heller ingenting som skiller dikta frå kvarandre. Men likevel har dikta så forskjellig innhald, at ein aldri lurer på om neste side er forsetjinga på eit dikt eller ikkje.
Dei er skrevet i fri-diktform, og enkelte av dikta innheld morosamme og artige ordspel, noko som er eit fint skjæringspunkt mellom alt det alvorlege og melankolske.
då han slo henne ned
slo ho opp
Språket er lett, og ho skriv om dagligdagse ting som dei fleste kan assosiere seg med. Lengda på dikta varierer frå to små setninger, til helsides dikt. Alle har eit poeng, og det får ein til å stoppe opp og tenke.
Boka er delt inn i to deler; «Dagar kom», og «Dagar gjekk». Orda talar for seg sjølv, med tanke på innhald i desse to delene. Forfattar nyttar eit vanleg, men godt virkemiddel i dikt, nemleg naturen. Ho bruker fargespelet, sola, månen, trær og blomster for å fremme sine poenger.
sølete, steinete, smal og svingete
slik er stien min
blomane lyser så vakkert på kantene
og turen blir lettgått og fin
Ho skildrer det å verta eldre på ein god, lun og fin måte, der mange nok vil kjenna seg att. Tjørhom skriv at ho ofte tenker på dei gode gamle dagane ho aldri hadde. Dette synes eg var eit interessant utsagn. Men jo meir eg tenker på det, jo meir stemmer det. Minner ein vil gløyma, minner ein vil ta vare på, og minner som er forsvunnet.
eg minnest så vel
gamle dagar
alt var lys og tryggleik
eg tenkjer ofte
på dei gode gamle dagane
dei eg aldri hadde
Temaene i dikta er vist forskjellige. Forfattar skriv om si bekymring for miljø og øydelagt natur, slekters gang, om å verte eldre, men likevel kunne sjå sola over fjelltoppene, om tryggheita i å ligge under dyna, stengt inne for verdens vondskap. Ho skriv om minner, om ein svunnen tid, motgang og da å stenge seg inn i seg sjølv. Forfattar kjem også med eit lite sleivspark til nybakte foreldre, som er meir opptatt av å ta bilete, enn å ta innover seg at eit nytt barn har sett dagens lys.
«Til dei blå dagane» har eit rikholdig innhald, og er skrevet på ein stilfull og flott måte. Her er det tid for å mimre, humre og kanskje felle ei tåre. Tjørhom viser med denne diktsamlinga at ho har eit flott og rikhaldig språk. Anbefales.
TERNINGKAST: 4+