«Innestemme» er ei nydelig visuell diktsamling frå debutforfattar Rita Heigre.
- Norsk tittel: Innestemme
- Forfattar: Rita Heigre
- Sjanger: Poesi
- Antall sider: Ca 120
- Utgivelsesår: 2021
- Utgiver: Tekst Forlag
Rita Heigre er oppvokst på Bryne, men har siden flytta til Oslo, der ho byrja som operasanger, og bla. jobbet som solist ved den Norske Opera, men også ein del i utlandet. Grunna helsemessige årsaker vart ho satt tilbake, og dermed starta ho med å skrive små dikt på mobilen. Dette var starten på ein dikterkarriere, og som eit resultat av dette, gav ho ut diktsamlinga «Innestemme» i 2021, som også er hennes debutbok.

Fra omslaget:
For sent
merket jeg
at jakten på det perfekte
blendet meg
for det som var nettopp det.
Denne boka er eit leseeksemplar frå Tekst Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Innestemme».
Dette er ei diktsamling som består av rundt 50 dikt, fordelt på fem forskjellige inndelinger; Stillerom, Mørkerom, Hjerterom x2, og P.S.
(Eg har lest den fyrste utgaven av boka. Siden den vart utgjeven, skal det vere retta opp i ein del feil angående bilete og farge på overskrift i utgave nr 2. Dette vart eg oppmerksom på etter at bokanmeldelsen var skrevet, så ha dette i minne.)
Det fyrste som slår meg er den nydelige layouten i boka. Dette er gjennomført på ein strukturert og gjennomtenkt måte. Det er eit fargefotografi til kvart bilete, og opptar 2/3 av ei dobbeltside, og også heile sider, og enkelte bilete figurerer som eit bakgrunnsbilete til dikta. Dette er absolutt ei av dei vakreste diktbøkene eg har sett.
Smilet var på en måte ekte.
«Fatigue»
Hun hadde bare ikke kraften bak det.
Men ønsket var der.
Det er ingen sidetall, som må sies å vere eit meget klokt valg, sidan bilete og tekst er i fokus. Det skal også sies at enkelte av bileta er mørke, og dermed forsvinn overskrifta i dikta i den mørke bakgrunnen. Heldigvis er skrifta i dikta godt synlege, noko som sjølvsagt er det viktigste.
På dei fyrste sidene i boka finnes det ein QR-kode som kan scannes, for å opne ei side, der ein kan lytte til dikta, innlest av forfattar sjølv. Dette er eit tilbud til blinde, og dei som slit med å lese. Eg må seie at dette er eit strålende initiativ frå forfattar, og viser kor gjennomtenkt denne diktsamlinga er.
Sorg har mange former.
«Snøballen»
Min er som en rullende snøball
i kram snø.
Jeg kan ikke fordra regn,
Men akkurat nå linje er det min eneste redning…
Bileta i boka er særs godt komponert. Det er ikkje noko ein hobbyfotograf har knipsa i forbifarten. Her ligg det nøye planlegging bak. Eit lite minus er det at enkelte av bileta vert råka av midtskille på sidene, men likevel er det så vakkert, så vakkert.
Dei fleste dikta er korte, men virkningsfulle, alle med kvar si overskrift. Som nevnt er diktsamlinga delt inn i fleire «rom». Nokre omhandler sorg og ensomhet, der ein er på søken etter noko som allereie er der, men som likevel vert oversett, noko som er vondt å lese. I hjerterom-delen er det meir lekne dikt. Dei vert meir levende, og det virker som forfatter har hevet blikket og ser lyset i enden av tunnelen.
Ein kan lese mellom linjene i dikta, der Heigre skriv om viktigheten av å bli sett og verdsatt. Det er ikkje alltid det er så masse som skal til for å glede eit menneske, kanskje berre eit lite smil eller eit «hei» er nok. Og dette er litt av essensen; ikkje undervurder din rolle i kvardagen til andre mennesker du møter.
Psykisk helse speler ei viktig rolle i dikta. Her finn ein både positive og negative dikt om kjærleik, sakn og svik. Det er mange flotte og viktige bodskap i dikta, og som kan hjelpe enkelte mennesker med å faktisk heve blikket oppover og fremover.
Følelsen av å være ved veis ende
«Håp»
kan være smertefull og trist,
men frykten for det ukjente
må ikke stoppe
det som kan bli en ny begynnelse.
Både det visuelle og bodskapet i dikta er strålende gjennomført. Eg vil anbefale «Innestemme» på det varmeste. Denne fortjener å få flest mogleg lesere.
TERNINGKAST: 5