Hva velger du? Av Svandis Hanna Gudmundsdottir

Ei tretten år gammal jente forsvinn etter endt skuledag. Dette blir nok ei vanskeleg sak å løysa for FBI-agent Gwen Starke og hennes kollegaer. Dette er oppfylgjaren til «Jakten på Eden».

  • Norsk tittel: Hva velger du?
  • Forfattar: Svandis Hanna Gudmundsdottir
  • Sjanger: Krim
  • Antall sider: 272
  • Utgivelsesår: 2018
  • Utgiver: Chillfactor Forlag

Svandis Hanna Gudmundsdottir (Født i 1968) kjem opphavleg frå Kopavogur på Island. Ho bur no i Romedal i Hedmark. «Jakten på Eden» er hennes debutbok. Den kom ut i 2017. Oppfølgeren «»Hva velger du?» kom ut i 2018.

Tretten år gamle Tessa Grant lev eit anonymt liv, med få eller ingen vener. Etter endt skuledag går ho, som ho ofte plar å gjera, ein lang tur i skogen. Idet ho skal til å gå inn i skogen, køyrer ein stor svart bil langsomt forbi. Ho blir meldt sakna seinare på kvelden. FBI-agent Gwen Starke og resten av teamet ved Healy Field i Alaska blir kalla opp. Kva skjedde med Tessa?

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Hva velger du?».

Tessa Grant er ein stille person som likar best å vera for seg sjølv. Foreldra er skilde, og ho går mykje på sjølvstyr. Foreldra veit egentlig ikkje så masse kva ho gjer på, eller om ho i da heila tatt har ein omgangskrets. Når ho no vert meldt sakna, står FBI-teamet utan særlige spor.
Me vart kjent med danske Nikolai Janko i den fyrste boka. No blir han henta til Alaska og blir eit fullverdig medlem av etterforskningsgruppa. Han har eit svakt auga for Gwen, men han innser at ho ikkje slepp nokon inn i livet sitt. Gwen på si sida kjempar ein kamp i privatlivet. Bestefaren er inne i sin siste fase i livet, og ting frå fortida gjer at ho lever i ein konstant uro og angst.

« -Bare sov, bestefar. Du kan reise nå, hvisket hun. Sorgen slo henne nesten i gulvet.»

Fyrst må eg nevne at du absolutt bør lese «Jakten på Eden» før du les denne. Dette er ein fortsettelse av den boka, og mange lause trådar vert samla saman til ein heilhet.

Utan å røpa for masse frå bok nr 1 om FBI-agent Gwen Starke, må eg seie at forfattaren verkeleg klarar å holde lesaren lenge på pinebenken. Eg sat med mange spørsmålstegn etter «Jakten på Eden», og sit tilbake med eit lite smil om munnen etter å ha lest «Hva velger du?». Forfattar Svandis Hanna Gudmundsdottir tar seg tid til å skrive inn nokre bi-historiar, dermed vert det heile tida ei spenning og nerve boka gjennom, sjølv om det kan vere litt stillstand i ein av historiane.

Gwen har fått ein midlertidig ny sjef i Ken Warren. Eg følar eg som lesar ikkje får heilt grepet om denne karakteren. Det kan sjølvsagt komme av at han berre er ein midlertidleg sjef og at forfattaren ikkje vil bruka masse tid på han. Dei andre personlegheitane i teamet blir enda meir framtredande i denne boka. Eg likar at karakterane utviklar seg i takt med progresjonen i forteljinga.

Eg synes språket er veldig lett og flytande. Karakterane i boka er ein lett blanding av introverte og ekstroverte personer, som gjer at konfliktar oppstår, utan at det går ut over handlinga.
Til tider er dette ei dyster bok. Det er også ei meir «teknisk» bok enn den forrige, der me blir kasta djupare inn i det mørke nettet «Alphabay». Eit stort nettverk som skal skjule brukarar, og som innbefattar kjøp og salg av våpen, narkotika og tjuvgods, men kan også brukast til andre ting. Dette får god plass i denne boka.

Felles for begge bøkene som er skrevet om Gwen Starke er kva personar kan gjere mot sine medmennesker. Kor langt dei er villige til å gå for å oppnå tilfredsstillelse av å sjå andre sin smerte.

«Hva velger du?» er nok eit godt eksempel på at Svandis Hanna Gudmundsdottir skriv gode krimbøker. Eg håpar det kjem fleire i denne serien, for den kan varmt anbefalast til alle krimelskere.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s