Anna-Panna har ingen vener. Så dukker Tilly opp, og ho er fast bestemt på å gjera Anna til den mest populære på heile skulen. Ei morosam barne og ungdomsbok som inneheld viktige temaer.
- Norsk tittel: Anna-Panna fra Rottereiret
- Forfattar: Heidi Mandal
- Sjanger: Barne&Ungdomsbok
- Antall sider: 238
- Utgivelsesår: 2020
- Utgiver: Skriveakademiet
Heidi Mandal er forfattar og lærar. Ho er tidlegare utgitt i ei rekkje antologier. «Anna-Panna fra Rottereiret» er hennar fyrste barneroman. Mandal vann Skriveakademiets manuskonkurranse i 2019.

Anna Paulsen, eller Anna-Panna som mor hennar kallar ho, skal byrja i 7.klasse. Ho kvir seg, sidan bestevennina Lotte har flytta. No har ho ingen vener, og ho veit at på skulen ventar Leah og Emma på å gjera livet surt for ho. Så dukker Tilly opp som eit friskt pust. Nyflytta som ho er, set ho seg ved sida av Anna i klasserommet. Tilly bestem seg for å hjelpa Anna med å bli populær. Til og med meir populær enn klassens dronning, Leah. Det blir ingen enkel sak.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Anna-Panna fra Rottereiret».
Anna-Panna bur saman med foreldra og sin 6 år gamle litlebror i Kunstnergata i Rottereiret. Som mange andre ungdommar i den alderen synes ho at foreldra er superteite.
Ho er forbanna for det er ingen som ventar på ho ved skuleporten fyrste dag etter sommarferien. Lotte har flytta, og ho har ingen andre vener. Men så dukker Mathilde, eller Tilly som ho kallar seg, opp. Ei lita jente med blått hår, som er veldig frampå og har mange sprø påfunn og kommentarar. Ho skal få Anna-Panna til å bli populær, og gjer seg i kast med oppgåva. Det kjem ein del idéer frå Tilly, ikkje alle like vellykka. Men saman skal dei klara da.. Eller?
«Tårene fortsetter å presse på. De presser så hardt at brillene, som er like tjukke som oldefar sin gamle TV, glir nedover nesa. Leppa dirrer. Jeg stapper den inn i munnen og biter. Jeg begynner nesten å blø.»
Denne boka er skrevet for barn og unge i aldersgruppa 9-12 år. Men den kan like godt leses av ungdomar og vaksne. Det er ei morosam bok, der eg lo fleire gongar av dei sprø dialogane, og spesielt av Tilly. Ein herlig karakter som nok mange skulle ynskja dei hadde som besteven i da verkelega livet óg.
Heidi Mandal er innom mange av temaene som unge i denne aldersgruppa kan gå rundt og tenkja på, som einsomhet, forelskelse, mobbing, mensen og homofili. Ho skriv om mangel på tilhørighet og da å ikkje klara å finna sin rolle i eit klassehieraki. Da som gjer denne boka så fin, er at ho ufarliggjer alle desse temaene på ein lettfatteleg måte. Noko som gjer at barn og unge vil klare å forstå budskapet.
Eg synes forfattaren treff godt med denne boka. Den er morosam og spanande på ein sjarmerande måte. Har du eit barn eller slektning rundt den aldersgruppa, eller rett og slett vil ha ei lett og hyggjeleg lesestund sjølv? Då kan eg anbefala «Anna-Panna fra Rottereiret».
TERNINGKAST: 5